Ein av fire får støtte
I 2015 handsama Kulturrådet meir enn 20 000 søknader. 5592 fekk støtte.
Om lag 25 prosent av dei som søkjer Kulturrådet blir tildelt støtte. I fjor kom det inn til saman 20 367 søknader. Av desse fekk 5592 prosjekt, kunstnarar, festivalar og kulturverksemder prosjektstøtte eller stipend. I tillegg blei det kjøpt inn meir enn 1000 bøker som blei fordelte til folkebiblioteka.
I Kulturrådets årsmelding for 2015 finn du oversikter i tal og tekst over alle tildelingane som blei gjort i fjor og ei skildring av Kulturrådets aktivitetar gjennom året.
- 2015 var eit spesielt år for Kulturrådet. Gjennom heile året har vi markert 50-årsjubileet for opprettinga av Norsk kulturråd, og hatt fokus på Kulturrådets historie og plass i norsk samfunnsliv gjennom 50 år. I tillegg var 2015 året da vår kjære direktør Anne Aasheim blei alvorlig sjuk, og til slutt forlot oss så alt for tidleg i mars 2016, seier fungerande direktør Vibeke Mohr.
Kulturrådet forvalta til saman over 1,1 milliardar kroner i 2015, fordelt på:
- Norsk kulturfond, 765,7 mill. kr
- Statens kunstnarstipend, 279,5 mill. kr
- Fond for lyd og bilete, 37,5 mill. kr
- Museumsutvikling, 26,3 mill. kr
- Andre oppgåver, inkl. kulturnæringar 12,7 mill. kr
Støtte til kvar tredje søkjar frå Kulturfondet
Den største pengesekken Kulturrådet forvaltar er Norsk kulturfond. Fondet var på 765,7 millionar kroner i 2015. Dette var ein auke på nesten 200 millionar i forhold til 2014. Årsaka til auken var i hovudsak at tidlegare post 74, driftsstøtte, blei innlema i Kulturfondet.
Dersom vi deler landet opp i landsdelar ser fordelinga av midlar slik ut:
Kunstnarstipend til ein av fem
Statens kunstnarstipend er den nest største pengesekken i Kulturrådet og blir forvalta av Utvalet for Statens kunstnarstipend og garantiinntekter. Kunstnarstipenda skal leggje til rette for at enkeltkunstnarar skal kunne bidra til eit mangfaldig og nyskapande kunstliv. I 2015 sendte 4265 søkjarar til samen nesten 8000 stipendsøknader.
Stipenda blei fordelte slik mellom landsdelane:
Du kan lese meir om fordeling av midlar i 2015 og Kulturrådet sine aktivitetar i årsmeldinga.
Les og last ned årsmeldinga for 2015 her.
Andre oppgåver i 2015
Kulturrådet utfører også ei rekkje andre oppgåver. Fond for lyd og bilete delte ut 37,5 millionar kroner til 550 prosjekt i løpet av 2015. Det kom inn i underkant av 3000 søknader til ordninga.
På museumsfeltet blei dei søkbare prosjektmidlane flytta frå statsbudsjettet itl tippenøkkelen frå og med 2015. Støtteordninga for museum blei lagt om til fire søkbare program: samfunnsrolla til museum, digital utvikling, samlingsforvalting og sikring. 26,3 millionar kroner blei delt ut til 100 søkjarar. I tillegg blei Den kulturelle skulesekken flytta over til Rikskonsertane frå og med 2016.
Tabell 1: Tal på tildelingar - Norsk kulturfond
Landsdel | Søknader | Tildelinger | Prosent |
Sørlandet | 239 | 99 | 41 |
Østlandet | 4892 | 1638 | 33 |
Vestlandet | 1422 | 473 | 33 |
Trøndelag | 575 | 211 | 37 |
Nord-Norge | 629 | 239 | 38 |
Utlandet | 96 | 36 | 38 |
Totalt | 7853 | 2696 | 34 |
Tabell 2: Søknadssum og tildelt sum - Norsk kulturfond
Landsdel | Søknadssum | Tildelt sum | Prosent |
Sørlandet | 45 183 561 | 17 036 653 | 38 % |
Østlandet | 1 345 453 215 | 418 315 291 | 31 % |
Vestlandet | 377 819 329 | 102 966 495 | 27 % |
Trøndelag | 159 613 420 | 53 185 800 | 33 % |
Nord-Noreg | 187 162 601 | 58 087 500 | 31 % |
Utlandet | 11 734 866 | 2 680 000 | 23 % |
Totalt | 2 126 966 992 | 652 271 739 | 31 % |
Tabell 3: Tal på søkjarar og tildelingar - Statens kunstnarstipend
Landsdel | Tal på stipendsøkjarar | Tildelte stipend | Prosent |
Sørlandet | 93 | 15 | 16 % |
Austlandet | 2999 | 650 | 22 % |
Vestlandet | 662 | 144 | 22 % |
Trøndelag | 203 | 38 | 19 % |
Nord-Norge | 172 | 27 | 16 % |
Utlandet | 136 | 21 | 15 % |
Totalt | 4 265 | 895 | 21 % |