Meir enn eit råd
Norvegiska romá - norske sigøynere, ett folk – mange stemmer. Utstilling på Interkulturelt Museum ved Oslo Museum. Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Kulturrådet er meir enn prosjektstøtte og kunstnarstipend. Det er og ei rekkje oppgåver knytt til museum, kulturarv og internasjonalt samarbeid.
Utvikling av norske museum, tilrettelegging for internasjonalt kultursamarbeid, informasjon om reglar for inn- og utføring av kulturgjenstandar er nokre av oppgåvene Kulturrådet har ansvar for.
Museumsutvikling
Koordinering av faglege museumsnettverk er ei viktig oppgåve for Kulturrådet. Nasjonalt museumsnettverk for demokrati og menneskerettar vart oppretta på Eidsvoll 1814 i år. Foto: Trond Isaksen
Kulturrådet er rådgjevar i museumssaker, både for Kulturdepartementet og museumssektoren.
Eit sentralt verkemiddel for å utvikle norske museum er prosjektmidlar. I 2015 vart det lyst ut midlar i fire program: musea si samfunnsrolle, digital utvikling, samlingsforvalting og sikring. 34 millionar kroner vart fordelt på 60 prosjekt.
Kulturrådet koordinerer også 24 nasjonale, faglege museumsnettverk. Nettverka skal vere med og styrke det faglege arbeidet i musea gjennom aktivitet, kontinuitet og kvalitet.
Internasjonalt arbeid
Mennesker og muligheter, ei fotoutstilling av kulturprosjekt som har blitt støtta med EØS-midlar, vart vist i Oslo i 2016. Utstillinga vil også bli sendt til nokre bibliotek i Noreg.
Kulturrådet arbeider med fleire internasjonale ordningar, og har ansvar for å informere og rettleie norske kunst- og kulturaktørar om kultursamarbeid gjennom EØS-midlane og EU-programmet Kreativt Europa.
EØS-midlane skal bidra til å fremje kulturell dialog og europeisk identitet. Kunstnariske grupper, organisasjonar og kulturinstitusjonar i Noreg som har ein samarbeidspartnar i mottakarlanda kan søke om prosjektstøtte. Kreativt Europa støttar prosjekt som gjer det mogleg for norske aktørar innanfor TV, film, kunst og kultur å samarbeide internasjonalt og til å nå ut til eit større europeisk publikum.
Les meir om vårt internasjonale arbeid
Noregs dokumentarv/Memory of the world
Arkivet etter Karen-Christine Friele vart tatt opp i Noregs dokumentarv i 2014.
Dokumentarven er avgjerande for å forstå oss sjølve og vår eiga historie. Noregs dokumentarv er, den norske delen av UNESCOs Memory of the World-register og inneheld per i dag 91 dokument. Den nasjonale komiteen vurderer og avgjer kva dokument som blir innskrivne i registret. Kulturrådet er sekretariat for denne komiteen.
Les meir om Noregs dokumentarv
Inn- og utføring av kulturgjenstandar
Kulturrådet har gitt ut ein brosjyre om kva ein må tenke på dersom ein skal ta kulturgjenstandar med seg inn eller ut av landet.
Det er viktig å vere medviten om kva ein kan ta med seg ut og inn av landet. Dersom ein vil ta eldre kunst- og kulturgjenstandar med ut av landet, må ein søke om tillatelse. Det same gjeld dersom ein har kjøpt ein gjenstand i utlandet og vil ta han med inn i Noreg. Kulturrådets rolle er forankra i Forskrift om inn- og utførsel av kulturminner. Tolv museum er utpeikt til å behandle søknader og fatte vedtak om utføring. Kulturrådet informerer om reglane, samordnar og er klageinstans.
Les meir om inn- og utføring av kulturgjenstandar
Immateriell kulturav
Frå ein danseworkshop i Setesdal. Foto: Knud Utler
Kulturarv er meir enn bygningar og monument. Språk, utøvande kunst, dans, sosiale skikkar, ritual, tradisjonelt handverk og praktiske ferdigheiter knytt til naturen er og ein del av vår kulturelle arv. Immateriell kulturarv har på grunn av sin eigenart vore etter måten usynleg i forhold til den materielle, og er gjennom UNESCO gjort til eit særskilt hovudsatsingsområde. Noreg ratifiserte konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven i 2007. Kulturrådet har ansvar for å implementere konvensjonen i Noreg og har sett i gang fleire tiltak.
Les meir om immateriell kulturarv.
I tillegg til desse oppgåvene arbeider Kulturrådet også med koordinerings- og utviklingsoppgåver på det digitale området. Mellom anna er Norvegiana og Europeana viktige nettløysingar for tilgjengeliggjering av kulturdata.