Kulturbruk, publikum og deltaking
Kulturbruk, publikum og deltaking er eit forskingsprogram frå Kulturrådet som skal gje auka kunnskap om den kulturelle åtferda til befolkninga, djupare forståing av ulike samfunnsgrupper sine kunst- og kulturopplevingar, og betre innsikt i kulturbrukaren si rolle i kultur- og samfunnsliv. Det blir lyst ut forskingsmiddel til forskingsprosjekt i to ulike delprosjekt.
Last ned utlysningstekst (PDF)
Last ned mal for prosjektskildring (Word)
Se konferanserapport: Tverrfaglege perspektiv på kulturbruk, publikum og deltaking
Se kunnskapsoppsummering: Å telje er å velje
Bakgrunn
Undersøkingar har over mange år vist ein tett relasjon mellom sosial bakgrunn og kulturbruk i Noreg. Trass eit langvarig arbeid for å gjere kulturlivet tilgjengeleg for alle, har framleis utdanningsnivå, kjønn, inntekt, yrkesstatus, alder, bustad og landbakgrunn stor betydning for bruken av offentleg finansierte kulturtilbod. Til dømes brukar personar med låg utdanning busett i distrikta dette tilbodet langt mindre enn høgt utdanna folk som bur i større tettstadar og byar.
Offentleg kulturpolitikk legg gjerne til grunn at kulturell tilknyting fremjar fellesskap, demokratisk deltaking og sosial inkludering. Dersom det faktisk er tilfellet at kultur har slike effektar, er ulikskapen knytt til kulturbruk eit demokratisk problem. Då går store deler av befolkninga ikkje berre glipp av kulturelle opplevingar – dei fell òg utanom ein del av demokratiet. Omvendt kan det også hende at det slett ikkje er så klåre samanhengar mellom kulturbruk og demokratisk deltaking som kulturpolitikken hevdar. I så fall står ein overfor eit anna problem: Då kan legitimeringa av offentleg kulturpolitikk stå på sviktande grunn.
Kvifor er enkelte grupper underrepresenterte i kulturbruksstatistikken? Kva seier desse ulikskapane om omgrepa og forståingane våre av kultur, og kva seier dei om målingane vi nyttar? Finst det kulturvanar som ikkje blir registrert, identifisert eller definert som nettopp dette? Og korleis kan vi i så fall undersøke og vidare forstå slike vanar? I neste omgang kan ein spørje: I kva grad representerer desse skilnadene i kulturbruk faktisk eit problem? Kva rolle bør kunnskap om kulturbruk spele i kulturpolitikken? Korleis påverkar forståinga av kulturbruken og kulturbrukaren den faktiske kulturpolitikken?
Med forskingsprogrammet Kulturbruk, publikum og deltaking ønskjer Kulturrådet å bidra til auka kunnskap om kulturbruken og den kulturelle åtferda til befolkninga og til djupare forståing av ulike samfunnsgrupper sine kunst- og kulturopplevingar. Særleg ønskjer Kulturrådet å auke kunnskapen om dei gruppene som tilsynelatande ikkje er aktive kulturbrukarar. Samstundes trengst det refleksjon og analyse kring kva som blir rekna, og målt, som kultur. Til dømes tenderer omgrepet kulturbruk mot å gjelde institusjonaliserte kulturtilbod – i kontrast til blant anna eigenaktivitet, og ulike former for deltaking, skaping og oppleving.
På bakgrunn av denne forskingssatsinga ønskjer Kulturrådet å medverke til at kulturvanemålingar blir så presise som mogleg, og til å diskutere samanhengane mellom kulturbruken til befolkninga, målingane av kulturvanane og utforming av kulturpolitikken på ein ny måte.
For å få til dette, er det naudsynt med ei tverrfagleg undersøking og grundige refleksjonar kring metodar, omgrep og forståingar som blir brukt i møte med ulike samfunnsgrupper sine kulturvanar. Forskingsprogrammet Kulturbruk, publikum og deltaking skal gje kunnskap som er relevant både for kulturforvaltinga, kultursektoren og forskings- og utdanningssektoren. Programmet er ein del av Kulturrådet sitt arbeid med langsiktig og grunnleggande kunnskapsdanning om kultursektoren. Eit av formåla til Kulturrådet er å medverke til at kunst- og kulturuttrykk blir gjort tilgjengeleg for flest mogleg. Difor treng Kulturrådet djupare innsikt om dei som brukar kulturen – og om dei som fell utanfor.
To hovudtema
Forskingsprogrammet er organisert i to delar. Medan den første delen gjeld underrepresenterte grupper og kulturvaner, gjeld den andre kulturbruken og rolla til kulturbrukaren i kultur- og samfunnsliv.
Vi manglar i dag tilstrekkeleg kunnskap til å kunne skildre kulturbruken og kulturvanane til dei samfunnsgruppene som tilsynelatande ikkje deltek i kunst- og kulturlivet. Det skortar både på empirisk grunnlag i dei eksisterande målingane og på eit godt omgrepsapparat for kultur og kulturbruk. Vidare ser det ut til at vi manglar djupare forståing av den betydninga kunst og kultur har i folk sine liv, og av årsakene som ligg bak befolkninga sine kulturvanar og kulturelle val.
Dette er bakgrunnen for at første del av programmet har som mål å auke kunnskapen om og forståinga av underrepresenterte grupper og deira, men også andre samfunnsgrupper sine, kulturvanar. Underrepresenterte grupper og kulturvanar siktar her til grupper av befolkninga og kulturvanar som, av ulike grunnar, ikkje er synlege, fell utanfor eller ikkje blir målt i kulturbruksundersøkingar per i dag. Ein skal i denne delen av programmet identifisere, skildre og analysere kulturvanar og utforske korleis ulike omgrep påverkar tolkingar og framstillingar av desse vanane. Særleg aktuelle er vanane – eller mangelen på registrerte vanar – til den såkalla ikkje-brukaren. Eit anna mål med forskingsprogrammet vil vere å granske kva metodiske tilnærmingar som kan gje ei meir heilskapleg forståing av ulike samfunnsgrupper sine opplevingar, motivasjonar og interesser knytt til kunst og kultur.
Den andre delen av programmet legg vekt på korleis kunnskap og diskusjonar om kulturbruk inngår i samfunnslivet. Her er det også fleire kunnskapsbehov som utpeikar seg, særskilt knytt til deltaking og tilgjengelegheit. Det vil mellom anna vere relevant å sjå på legitimering og kritikk av offentleg finansiert kultur, effektar av kultur både innanfor og utanfor kultursektoren, auka mangfald blant kulturbrukarane, og samanhengar mellom kulturvanar og demokratisk ordskifte.
Del 1: Underrepresenterte grupper og kulturvanar
Det ser ut til vere metodiske manglar og utfordringar knytt til dagens kulturbruksmålingar, særskilt med omsyn til ulike samfunnsgrupper og sosiale klassar. Dette problemet er vidare kopla med ei framleis nokså tradisjonell forståing og kategorisering av kulturvanar, særleg i målingane. Slike tilnærmingar kan resultere i eit ufullstendig kunnskapsbilete av kva for kulturvanar som finst blant befolkninga og korleis kulturbruken går føre seg. Den første delen av programmet legg til grunn følgjande fem forskingsspørsmål:
- Kva ulike formar for kunst- og kulturvanar finst blant Noregs befolkning, som ikkje er representerte i kulturbruksundersøkingane? Til dette høyrer det to underspørsmål:
- Kva kulturvanar i befolkninga blir ikkje fanga opp i eksisterande studiar og undersøkingar, slik undersøkingane i dag forstår kulturvanar?
- Kva slags andre former for kulturelle aktivitetar finst blant befolkninga, som per i dag ikkje blir definert som kulturvanar i eksisterande studiar og undersøkingar
- Korleis bidreg omgrepsapparatet og metodane brukt i systematiske kulturvanemålingar til vår forståing av befolkninga sine kulturvanar, og korleis blir ulike samfunnsgrupper representerte som følgje av dette?
- Korleis kan breidda av ulike samfunnsgrupper og generasjonar sine kulturvanar bli undersøkt for å få eit meir heilskapleg bilete av befolkninga sine kulturvanar og på ein måte som inkluderer opplevingar, motivasjonar og interesser knytt til kunst og kultur?
- Kva for faktorar, om det så er økonomiske, sosiale eller andre, medverkar til eller står i vegen for deltaking i kulturlivet? Kva er vilkåra for auka mangfald blant dei som oppsøkjer kulturelle opplevingar?
- Korleis kan aktivitetar, opplevingar og skaping i den digitale sfæren bli forstått i samband med våre omgrep for og undersøkingar av kulturbruk? Kva pregar ulike samfunnsgrupper sin tilgang til digitale plattformar og verktøy for oppleving og skaping av kunst og kultur?
Denne delen av programmet blir lyst ut som eitt, større forskingsprosjekt retta mot eit eksisterande forskingsmiljø eller ei forskargruppe sett saman for anledninga. Dei ulike problemstillingane kan krevje ulik kompetanse og innretning på forskinga, men det er naturleg at forskarane òg ser dei fem problemstillingane i samanheng. Sjå utlysinga for meir informasjon om økonomiske rammer, organisering, formelle rammer og søknad.
Del 2: Kulturbrukaren i kultur- og samfunnsliv
Kunnskap og diskusjonar om kultur og kulturbruk inngår på ulike måtar i samfunnsliv og meiningsdanning. Den andre delen av forskingsprogrammet skal romme eit spekter av måtar å forstå betydninga til kulturbruk og kulturbrukaren på. Søkjarane kan sjølve identifisere relevante områder og spørsmål å forske på, men tre temaområder er prioriterte:
Legitimering og kunnskapsproduksjon
Dette temaet gjeld den rolla kulturvanar og kunnskap om kulturvanar kan spele i legitimering og kritikk av offentleg finansiert kultur. Det inkluderer kritiske blikk på institusjonar, på ideologiske vilkår og val av omgrep knytt til kulturbruk. Dømer på spørsmål som kan vere relevante i denne samanhengen er som følgjer:
- Korleis blir kulturbruk, og publikums- og besøkstal, brukt i den politiske og forvaltningsmessige argumentasjonen? Kva slags rolle spelar kulturbruk i grunngjevinga til kunst- og kulturinstitusjonane for å sikre eiga finansiering?
- Kva er relasjonen mellom kulturbruk og synet på offentleg finansiering av kunst og kultur? Fører auka kulturbruk til auka oppslutning om offentleg finansiert kunst og kultur? Korleis artar dette seg for ulike kulturtilbod og for ulike samfunnsgrupper?
- Kva for betydning får ulike omgrep – som brukar, konsument, publikummar, besøkjande, deltakar og så vidare – for forståinga av kunst, kultur og kulturpolitikk?
- I kva grad, og korleis, blir det skapt forventningar om at kulturbruk gir effektar på andre samfunnsområde enn kultursektoren, til dømes helse og utdanning? Kva ligg i forventninga om at kulturbruk bidreg til borgarane sin danning? Kva konsekvensar får trua på slike ringverknadar for kulturpolitikken og det offentlege ordskiftet om kunst og kultur?
Offentlegheit
Kulturlivet si betydning for demokratiet har fått mykje merksemd i kulturpolitiske dokument. Dette temaet omfattar difor samanhengar mellom kulturvaner og demokratisk ordskifte, myndiggjering og danning.
- Kva for aspekt ved kulturvanane har betyding for demokratisk tilknyting, deltaking og det offentlege ordskiftet?
- Kva er samanhengen mellom kulturvaner og engasjementet til menneske i politiske eller sosiale bevegelsar?
- Kan kulturbruk medverke til å myndiggjere marginaliserte grupper – og i så fall korleis?
- Korleis responderer offentlegheita, til dømes nyheitsmedium og sosiale medium, på endringar i kulturvaner? Kva skjer med omtalen og forståinga av kunstformer som mistar eller vinn oppslutning?
Opplevingar
Korleis kunst og kultur blir opplevd, både av den enkelte og i grupper, blir sjeldan belyst i kulturbruksmålingane. Eit hovudspørsmål som melder seg, er om opplevingar av kunst og kultur i større grad bør påverke korleis ein registrerer og forstår kulturvaner.
- Korleis blir opplevingar og forståingar av kunst og kultur forma av ulike sosioøkonomiske, kulturelle eller geografiske faktorar? Resonnerer kunst og kultur forskjellig blant ulike grupper gitt deira unike bakgrunnar?
- Er det ein samanheng mellom korleis menneske opplever kunst og kultur og deira støtte til offentleg finansiert kultur?
- Korleis påverkar digitale produksjonsmåtar, formidling, distribusjon og konsum dei individuelle og kollektive opplevingane av kunst og kultur?
- Bør vi vurdere bruk av nye metodar for å betre forstå folk sine opplevingar, og i så fall kva slags metodar og på kva måte skal dei bli nytta?
I del 2 av forskingsprogrammet blir det lyst ut prosjektmiddel som både enkeltforskarar og mindre forskargrupper kan søkje på. Inntil åtte mindre prosjekt vil kunne få støtte. Sjå utlysinga for meir informasjon om økonomiske og formelle rammar, organisering og søknad.