Kulturrådet med nye tilskot til tidsskrift og andre prosjekt
Podkasten Trans Norge har som mål å gi lyttaren eit ekte innblikk i korleis det er å vere transperson i Noreg i dag. Dei får tilskot frå Kulturrådet i denne runden. Det får også det tospråklege tidsskriftet DER og publikasjonar som Scenekunst.no, Vagant og Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift.
Totalt blei det fordelt 1,1 millionar kroner til 9 ulike prosjekt frå tilskotsordninga for tidsskrift og kritikk frå Kulturrådet i denne runden. Midlane blei lyste ut tidlegare i år, med særleg vekt på scenekunstfeltet. Prosjekta er dels finansierte gjennom ordinære midlar i Norsk kulturfond og dels gjennom eigne spelemidlar som er sette av frå Kultur- og likestillingsdepartementet som ein del av scenekunststrategien til regjeringa.
12 av dei 25 søknadene i runden hadde tyngdepunktet i scenekunstfeltet, og det at prosjekta skulle vere målretta, var eit av kriteria fagutvalet la stor vekt på i prioriteringane sine.
Skal styrkje offentleg ytringskultur
– Tilskotsordninga for tidsskrift og kritikk frå Kulturrådet skal styrkje og utvide den offentlege ytringskulturen gjennom gode og uavhengige plattformer for debatt og refleksjon. Eg er glad for at vi har fått inn eit breitt tilfang av søknader i denne runden, og særleg for at det har kome nye søkjarar til, seier Ida Habbestad, leiar i det faglege utvalet for tidsskrift og kritikk.
Ein av dei nye søkjarane i denne runden fekk tilskot til podkasten Trans Norge. Podkasten har vore i drift sidan 2020, og det er produsert meir enn 60 episodar. Dei får 100 000 kroner til å produsere ein serie episodar som tek føre seg transspørsmålet i norsk scenekunst. Trans Norge tek sikte på å vere ein podkast av og for transfolk, og ønskjer å gi lyttaren eit ekte innblikk i korleis det er å vere transfolk i Noreg i dag.
Mangfaldig debatt om kunst og kultur
Kulturrådet har også tildelt drygt 100 000 kroner til DER, eit arabisk-norsk tidsskrift som har som mål å bidra til betre kultur- og samfunnsforståing og auka språkkunnskap. Prosjektet «Porøse kunstmøter» får 180 000 kroner til ein workshopserie som skal utforske kva slags språk ein nyttar for å diskutere dei ulike aspekta ved scenekunst. Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift får rundt 250 000 kroner til to ulike prosjekt, Scenekunst.no får 180 000 kroner, medan Vagant og Kunstkritikk får 100 000 kroner.
– Gjennom denne ordninga ønskjer vi å stimulere til tenking og diskusjon om kunst- og kulturpraksisar og bidra til ein mangfaldig debatt og samtale om kunst og kultur. Denne tildelingsrunden gjev svært solide tilfang i arbeidet med å nå dette målet, seier Habbestad.
– Avgjerande verkemiddel
Også kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen er godt fornøgd med arbeidet.
– Tidsskrift og podkastar er særdeles viktige for den offentlege samtalen om kunst og kultur i Noreg. Dei bidrar å til løfte stemmer og tema som ikkje alltid når fram. Her er Norsk kulturfond eit avgjerande verkemiddel for å fremje ein mangfaldig debatt om kunst og kultur. Desse tildelingane viser dette på ein veldig god måte, seier Trettebergstuen.