Hopp til innhold
Vedtaksliste

Tidsskrift og kritikk

Søk støtte

Om søknadsrunden

Tilskotsordninga Tidsskrift og kritikk skal styrke og utvide den offentlege ytrings- og refleksjonskulturen gjennom dei uavhengige tidsskrifta og kritikken som skapast og utøvast i ulike sjangrar, format og formidlingsformar.

Det blei i mars 2023 lyst ut særlege midlar med føremål om å «sikre bedre ytringsklima om scenekunst». Utlysinga tok utgangspunkt i Strategi for scenekunst 2021 – 2025, som var presentert av Abid Raja i 2021, og som resulterte i ei særleg satsing på feltet, finansiert av overskot frå Norsk Tipping.

25 aktørar sendte søknadar innan fristen. 12 av søknadane hadde tyngdepunktet sitt i scenekunstfeltet. Dei resterande 13 søknadane hadde tyngdepunkt i felt som musikk, litteratur, visuell kunst, kulturvern og det tverrfaglege.

Opp mot halvparten av søkarane forholdt seg eksplisitt til utlysinga. Relevansen til profilen på utlysinga var eit kriterium som utvalet la stor vekt på i prioriteringane sine.

Utvalet la elles vekt på profesjonalitet og kvalitet i søknadar og i prosjekta. I tillegg til å sjå på korleis det faglege innhaldet i søknadane svara på utlysinga sitt føremål, vurderte dei òg korleis dei eventuelt bygger opp under Kulturrådets overordna strategi.

Det ligg til Kulturrådets strategi å stø opp under tiltak som bidreg til å opne ytringsrommet for fleire røyster. Døme på ein aktør som blei tilgodesett i denne runden og som er ein heilt ny søkar på ordninga tidsskrift og kritikk, er podcasten Trans Norge. Podcasten, som frå før er vel etablert, fekk i denne tildelingsrunden tilskot for å lage ti podcastepisodar om scenekunst sett frå eit transperspektiv. Scenekunstfeltet blir òg sett i perspektiv av eit anna felt når billedkunst-tidsskriftet Kunstkritikk.no gjennomfører satsinga Kritiske perspektiver på scenekunst. Shakespearetidsskriftet, som har teater som sitt kjerneområde, har fått midlar til si såkalte dansesatsing. Alle desse tiltaka tilbyr eit tvisyn og eit skråblikk på scenekunstfeltet. At utvalet i denne runden prioriterer aktørar som sett norsk scenekunst i perspektiv visast òg i ei fjerde tildeling: Tidsskriftet Vagant får tilskot til eit prosjekt om scenekunst frå Ukraina, Storbritannia og Tyskland. Utvalet har lagt vekt på potensialet som dette tiltaket har i å løfte blikket frå det som skjer i Noreg og sjå større på scenekunst som felt.

Som heilskap har tildelingslista eit mangfald kulturelt sett, og i høve dei ulike sjangrane av scenekunst. Tildelingane frå denen denne runden kan bidra til å skape innhald til mange ulike lesarar, lyttarar og deltakarar. Eit døme på eit tiltak som henvender seg særleg breitt, er tidsskriftet DER. Tidsskriftet omsett alt innhald til arabisk, eit språk brukt av 140 000 innbyggarar i Noreg. På arabisk og norsk vil DER bidra til den offentlege diskusjonen om alle aspektar av kunst, kultur og integrering.

Økonomien i runden

930 000 kroner blei fordelt frå overskot av inntekter til Norsk Tipping. I tillegg fordelte utvalet 148 118 kroner frå tidsskrift og kritikk sine disponible midlar frå Norsk kulturfond. 108 118 kroner av desse var midlar tilbakeførde til fondet i 2023, og resten overskytande etter utvalsmøtet i november 2022.

Tal frå søknadsrunden

Tal på søknadar: 25
Tal på tildelingar: 9
Søknadsbeløp: 5 691 160 kroner
Tildelingsbeløp: 1 078 118 kroner

Prosess:

  • Søknadsfrist: 2.3.2023 kl. 13:00

Les mer om søknadsrunden

Søk i tabellen, den oppdateres når du skriver

Søk i tabellen

Søk i tabellen

SøkerProsjekttittelFylkeÅrSøknadssumVedtakTilskuddhidden
Jesper Siegfried Enerstvedt motparten.no - 2023 Agder 2023 50000 Avslått 0 VIKEN TEATERRÅD TEATERNYTT - 2023 Viken 2023 200000 Avslått 0 LYTTELOS ANNABEL BALEAN GUAITA NOTELANGS - 2023 Vestland 2023 50000 Avslått 0 JUNO AS Podkast Bak spakene sesong 4 - 2023 Viken 2023 144760 Avslått 0 POESIHUSET Fossile brensler. En verden i brann. - 2023 Viken 2023 299000 Avslått 0 Jon Henrik Knapskog Tidsskriftet Beijiing Trondheim - 2023 Trøndelag 2023 35000 Avslått 0 Runa Borch Skolseg Dionysian Publishing   - 2023-2024 Oslo 2023 250000 Avslått 0 Ingrid Sørensen The Choreologist - 2024 Oslo 2023 58700 Avslått 0 GJERNEDØD HOOK Magasin - 2023 Trøndelag 2023 75000 Avslått 0 SOLUM BOKVENNEN AS Litteratur på scenen - 2023 Oslo 2023 300000 Avslått 0 REPLIKK - TIDSSKRIFT FOR HUMAN- OG SAMFUNNSVITENSKAP Tidsskriftet Replikk" - 2023-2024 Vestland 2023 8000 Avslått 0 MONOSTEREO AS Kunst i livet - 2023-2024 Rogaland 2023 364000 Avslått 0 Christina Sofie Kobb Artikkelserie - kunstnerisk intelligens - 2024-25 Viken 2023 100000 Avslått 0 SUBJEKT AS Subjekt - 2023 Oslo 2023 200000 Avslått 0 NUTS AND BOLTS Nuts And Bolts - Musikk og Teknologi - 2023 - 2025 Oslo 2023 50000 Avslått 0 NORSKE DANSEKUNSTNERE FORBUNDET FOR DANSERE KOREOGRAFER OG PEDAGOGER Dansekunst - 2023-2026 Oslo 2023 330000 Avslått 0 BEST MED BART LUCA DALEN ESPSETH Trans Norge - 2023 Oslo 2023 175000 Bevilget 100000 DER MEDIA AS DER - 2023 Vestland 2023 350000 Bevilget 108118 Anette Therese Pettersen Porøse kunstmøter - 2023-24 Oslo 2023 215000 Bevilget 180000 SCENEKUNST.NO AS Scenekunst.no - 2023 Oslo 2023 350000 Bevilget 180000 NORSK SHAKESPEARE- OG TEATERTIDSSKRIFT Dansesatsing i Norsk Shakespearetidsskrift - 2023-2024 Oslo 2023 532000 Bevilget 180000 TEKSTALLIANSE Scenekunstkritikk verksteder og samtaler - 2023-2024 Vestland 2023 50000 Bevilget 50000 NORSK SHAKESPEARE- OG TEATERTIDSSKRIFT Journalistikk i Norsk Shakespearetidsskrift - 2023-2024 Oslo 2023 80000 Bevilget 80000 VAGANT AS Scenekunstkritikk i Vagant - 2023-2024 Vestland 2023 125000 Bevilget 100000 STIFTELSEN KUNSTKRITIKK Kritiske perspektiver på performancekunst - 2023 Oslo 2023 100000 Bevilget 100000