Uhørt! Ny satsing på musikk for barn og ungdom
Kulturrådet har sett av 2,5 millionar kroner til forsøksordninga «Uhørt!» for produksjon og formidling av musikk til barn og ungdom. Dette er ein del av Kulturrådets langsiktige satsing på kunst og kultur for og med barn og unge.
Målet med den nye ordninga er å stimulere kunstnarar og produksjonsmiljø til å rette seg til eit yngre publikum, slik at barn og ungdom får eit større og meir variert tilfang av gode musikkproduksjonar. – Barn og ungdom skal ha tilgang til like gode musikkopplevingar som vaksne, seier Lars Petter Hagen, nyutnemnd rådsleiar for Norsk kulturråd og tidlegare medlem i Kulturrådets faglege utval for musikk.
Brei satsing på barn og unge
– Kulturrådet ønsker at skaping av kunst for barn og ungdom skal vere eit attraktivt arbeidsfelt for fleire musikarar, komponistar, arrangørar og produksjonsmiljø i heile landet, seier Hagen.
Barn og ungdom er eit av Kulturrådets strategiske satsingsområde og alle støtteordningane i Kulturfondet skal innanfor rammene sine bidra til å legge til rette for at barn og unge over heile landet får ta del i kunst- og kulturopplevingar av høg kvalitet, både som publikum og som medaktørar i skapande prosessar.
Øyremerkte middel og heilskapleg finansiering
Gjennom «Uhørt!» lyser Kulturrådet ut 2,5 millionar kroner som skal gjere det mogleg for fleire aktørar å formidle musikk til eit ungt publikum. Kulturrådet ønsker å gi fleire moglegheiter til å sameina solide kunstnariske krefter og presentere gjennomarbeidde og omfattande produksjonar på ulike offentlege arenaer og treffpunkt der barn og ungdom er til stades.
Den nye ordninga legg til rette for at ambisiøse idear skal få ei heilskapleg og god finansiering der kostnader til både produksjon og turné eller anna formidling kan søkast om i éin og same søknad. Midla skal gjere aktørar i stand til å få finansiert større satsingar, der det blir gitt tid og rom til utvikling av konsept, kunstnarisk idé, samarbeidsformer og formidlingsmåtar. Ordninga skal òg gi rom for å utvikle nye konsept og formidlingsmåtar basert på eksisterande produksjonar og verk.
Eit breitt felt av aktørar
Ordninga rettar seg mot musikarar, komponistar, produsentar, kuratorar i arrangør- og festivalfeltet og andre som ønsker å prioritere eit yngre publikum. Det blir etterlyst søkarar og samarbeidsprosjekt frå ulike produksjonsmiljø innan alle musikksjangrar. Ordninga rettar seg til etablerte aktørar, men vil òg stimulere til å rekruttere nye aktørar. Det er eit mål at prosjekta bidreg til fagleg og kunstnarisk utvikling på feltet.
Første søknadsfrist er 3. juni. Det vil komme minst to søknadsfristar til etter det, og ordninga vil verke òg i 2021. Kriterium, krav til søknader og søknadsskjema vil bli lansert på nettsida av ordninga omkring éin månad før søknadsfristen.
Les meir om "Uhørt!"-ordninga her.
Styrking av produksjon og formidling retta mot barn og unge
Den nye ordninga kjem i 2020 i tillegg til dei øyremerkte 1 million kronene i ordninga for gjesteopphaldsstøtte for kunst- og kulturarenaer. Desse midla gir moglegheit til å invitere kuratorar, programskaparar, frittståande arrangørar eller kunstnarar til samarbeid om programutvikling, formidling og kunstproduksjon for barn og ungdom ved kunst- og kulturarenaer i Noreg. Prosjekta det blir søkt støtte til, skal bidra til å styrke arenaene sin eigen kompetanse og rammevilkår for å jobbe med eit ungt publikum. Neste søknadsfrist for denne ordninga er 3. mars.
Les meir om gjesteopphaldsordninga her.
Autonomi og medbestemming for barn og unge på litteraturfeltet
264 000 av midla i den nye ordninga er overført frå den no avslutta forsøksordninga «Litteraturskaping med barn og unge», som skulle stimulere til nye måtar profesjonelle forfattarar og illustratørar kunne samarbeide med barn og unge på litteraturfeltet.
Denne forsøksordninga starta frå hausten 2017 og prioriterte prosjekt som gav autonomi og fridom til dei unge medverkande til sjølv å uttrykka seg gjennom litterære uttrykk i samarbeid med profesjonelle aktørar. Ordninga testa òg ut å la unge vere med i vurderinga av prosjektsøknader, der første vurderingsinstans var ei skuleklasse i same aldersgruppe som målgruppa for utlysingane.
Totalt kom det inn 39 søknader til ordninga, og det vart gitt tilskot til 23 prosjekt. Prosjekta har mellom anna resultert i tekstproduksjon i ulike sjangrar, illustrasjonar, improvisasjonsbaserte forteljingar, utstillingsproduksjon og sceniske produksjonar som framføringar av eigne tekstar, teater og slampoesi. Få prosjekt har utforska heilt nye format, bruk av ny teknologi eller digitale plattformer på nye måtar.
Rådet vurderer satsinga som eit interessant pilotprosjekt, og ser at dei enkelte prosjekta som har fått tilskot, har ført til gode prosessar og læring for dei involverte.