Seks barne- og ungdomsprosjekt har fått tilskot gjennom Uhørt!
Kulturrådet har gitt tilskot til seks prosjekt i første tildelingsrunde av tilskotsordninga Uhørt!, som skal stimulere kunstnarar og produksjonsmiljø til å rette seg mot eit yngre publikum.
- Det kom inn søknadar innan ei bredde av sjangrar og musikkuttrykk og frå ulike delar av landet til denne runda, seier utvalsleiar Tanja Orning. - Samla sett er det også prosjekt som treff ulike aldrar og grupperingar av barn og ungdom. Det er generelt mange gode prosjekt som treff ordninga godt.
Uhørt! er ei ekstraordinær satsing på musikkproduksjon og - formidling til barn og ungdom. I første tildelingsrunde er 51 søknadar behandla, med ein samla søknadssum på 14 millionar kroner. Det har kome inn 30 søknadar til søknadsfristen i september. Total budsjettramme til fordeling er 2,5 millionar kroner.
- Ordninga skal kunne gje substansielle tilskot til heile prosessen frå idéutvikling til formidling. Difor har vi prioritert nokre få gode prosjekt, seier Orning.
Les om søknadsrunden og sjå oversikt over tildelingane her.
Bredde av sjangrar og musikkuttrykk
Blant prosjekta som har fått tilskot er Siri Dybwik sitt "Fuge Fantasi for bass, baryton og 15 babyer", som får 400 000 kroner i tilskot. Prosjektet er ei konsertførestilling der to songarar med stort vokalt register inngår i eit samspel med ein dansar og 15 babyar. Det kunstnariske prosjektet har fleire fasar, frå eksperimentell start, via utvikling av vokalimprovisatoriske strategiar til ei konsertførestilling som møter publikum.
Nynorsk messingkvintett får 350 000 kroner i tilskot til prosjektet "Sol stopper tiden", ei ny musikkteaterførestilling retta mot barn og ungdom i alderen 8–15 år. Førestillinga ønskjer å rette søkelyset mot barn som lever i familieforhold med ein psykisk sjuk vaksen. Koronasituasjonen og isolasjonen mange barn har vore i gjer temaet meir relevant.