Satsar på barn og unge i kulturvernet
Den største løyvinga gjekk til Tidsreise Sápmi. Det byggjer på det eksisterande Tidsreise Trondheim som også er utvikla av Ablemagic AS. Biletet viser inngangen til Trondheim i år 1000.
Oldefars dansemoves, ei samisk tidsreise og keramikkprosjekt i norske skular er tre av dei 14 prosjekta som blir støtta frå Kulturrådets øyremerka satsing på barn og unge i denne runden.
Målet med satsinga er å stimulere til fleire prosjekter der barn og unge er aktivt involvert i arbeid med historie og kulturvern, der barna kan ta vare på og vidareføre kulturarv gjennom deltaking, utforsking og bruk. Det vart også opna for prosjekt der barn og unge er tydeleg målgruppe, prosjekt som tematiserer barn og unge i historia, og tiltak som reflekterer kring barn og unge i kulturvernet. I utlysinga blei det særleg oppmoda om søknader som gjeld det fleirkulturelle Noreg, dei fem nasjonale minoritetane og samisk kultur og historie. Til fristen kom det inn 32 søknader med ein samla søknadssum på 4,8 millionar kroner. 14 prosjekt er løyva midlar.
God respons
- I lys av det relativt låge søknadstalet til barn- og ungeprosjekt i kulturvernet dei siste åra, har responsen på denne satsinga vore svært god. Mange av tiltaka har nasjonalt nedslagsfelt, og kjem dermed barn og unge i heile landet til gode, seier Anne Marit Noraker, leiar for fagleg utval for kulturvern. Søkjarlista speglar breidda av aktørar som arbeider med kulturvern og historie, og omfattar m.a. friviljuge lag og organisasjonar, kommunar, forlag, universitet, profesjonelle kunstnarar, frittståande kulturaktørar, spelutviklarar og museum.
Kvensk kulturarv
Mellom dei 14 prosjekta som har fått støtte, er det sju tiltak der barn og unge er direkte involvert i arbeid med kulturvern. To av tiltaka gjeld kvenane, ein av dei fem nasjonale minoritetane. Det eine involverer barn og unge i aktivt arbeid med å samle inn kvensk immateriell kulturarv, medan det andre tek sikte på å styrkje formidlinga av kvensk kultur og historie i skulane. Tre av prosjekta er initiert av landsdekkjande organisasjonar som vil styrkje sitt arbeid med og for barn og unge.
Tidsreise Sápmi
Den største løyvinga (350 000 kr) gjekk til prosjektet Tidsreise Sápmi, eit samarbeid mellom historie- og utviklingsselskapet Ablemagic AS og det samiske forlaget CálliidLágádus – Forfatternes forlag. Prosjektet vil munne ut i interaktiv formidling av samisk kultur og historie for samiske og andre barn. Gjennom tekst, lyd, bilete, musikk og interaksjon vil forteljingar om og frå Sápmi bli formidla gjennom nettbrett, smarttelefonar og web. Tidsreise Sápmi vil bli tilgjengeleg på tre samiske språk samt på norsk og engelsk.
Barna navigerer gjennom hundreår og tiår ved å flytte seg rundt på ei tidsline, og kan trykkje på og lese og høyre om alt som dukkar opp i kartet.
Ablemagic AS ansvar for konsept, idé, utvikling, illustrasjon, design og prosjektleiing, medan CálliidLágádus har redaksjonelt ansvar inklusive omsetjingar. I tillegg blir fagpersonar frå mellom anna Nord universitet trekte inn som ressursar i prosjektet. Frilansmusikar og komponist Frode Fjellheim skal lage musikken. Tråante 2017, 100-årsjubileet for samane sitt første landsmøte i Trondheim, ønskjer å nytte prosjektet som ein del av jubileumsmarkeringa i 2017.
Fullstendig liste over tiltaka som har fått støtte
Søkjar | Prosjekttittel | Fylke | Nedslag | Løyving |
Stiftelsen Ole Bull Akademiet | Oldefars dansemoves | Hordaland | Hordaland | 60 000 |
Norske kveners forbund / Ruijan Kveenliitto | Ung vinkling - kvensk arv | Troms | Nasjonalt | 120 000 |
Able magic AS | Formidlingstiltak for barn - Tidsreise Sápmi | Sør-Trøndelag | Nasjonalt/Sápmi | 350 000 |
Fortidsminneforeningen | Barn og unge - vern og håndverk | Oslo | Nasjonalt | 155 000 |
Norske kunsthåndverkeres formidlingssentral | Firing Up - keramikk nå og før | Oslo | Nord-Norge | 200 000 |
Norges kulturvernforbund | Flere barn og unge i kulturvernet | Oslo | Nasjonalt | 150 000 |
Landslaget for lokalhistorie | Nye partnerskap for kulturarvproduksjoner i DKS | Sør-Trøndelag | Nasjonalt | 200 000 |
Museene i Sør-Trøndelag AS | La meg! | Sør-Trøndelag | Sør-Trøndelag | 100 000 |
Popsenteret | PopSound - Fra Crooners til Kygo | Oslo | Oslo | 300 000 |
Perspektivet Museum | In cod we trust | Troms | Troms | 65 000 |
Bygdagnist AS | HardingSlit | Hordaland | Hordaland | 75 000 |
ANNO museum | ANNO - Kongens nei | Hedmark | Hedmark | 150 000 |
Valdres Folkemusikkarrangement AS | Kjelda mi | Oppland | Oppland | 25 000 |
Universitetet i Tromsø | Kvensk kulturarv til barn og unge | Troms | Nasjonalt | 50 000 |
Fullstendig liste over dei 14 tiltaka som har fått støtte. (pdf)
Sjå utlysinga for kulturvernsatsinga på prosjekt for barn og unge.
Sjå alle løyvingar til kulturvernprosjekt i denne søknadsrunden.
Prosjektmidlar også til barn og unge
Kulturvernutvalet har von om at denne satsinga i 2016 har gjort fleire aktørar både i og utanfor kulturvernsfeltet merksame på Kulturrådet sine prosjektmidlar, og at ho genererer fleire søknader om prosjektstøtte i tida som kjem. Nye søknader som vedkjem barn og unge i kulturvernet vil heretter bli handsama innafor ordinære fristar for dei aktuelle støtteordningane.