To millionar kulturvern-
kroner til barn og unge
Kulturrådet har løyvd 100 000 kr til IKA Troms til prosjektet Tidsmaskin Troms, som inneber arkivformidling for og om barn og unge gjennom ein interaktiv nettstad. Her ser to barn nærare på uordna arkivmateriale i eitt av magasina. Foto: Janicken Elisabeth Olsen. Eigar: Interkommunalt arkiv Troms
Kulturvernutvalet øyremerker inntil to millionar kroner til ei særskilt satsing på barn og unge. Øyremerkinga gjeld berre for søknadsfristen 2. september 2016.
Barn og unge som lærer å kjenne og verdsetje historie og kulturarv, vil også vere betre rusta til å møte både fortida og ulike kulturelle uttrykk i si tid med respekt. Det er difor eit mål for Kulturrådet å stimulere til at barn og unge i større grad blir aktivt involvert i prosjektbasert arbeid med innsamling, dokumentasjon, bevaring og formidling i kulturvernet.
Ramme og mål
Kulturrådet ved Fagleg utval for kulturvern har innarbeidd barn og unge som eit prioritert felt i sitt plandokument for perioden 2015-2018, og har i 2016 satt av inntil to millionar kroner til ei særskilt satsing på området.
Det primære målet med satsinga er å stimulere til fleire prosjekt der barn og unge er aktivt involvert i arbeid med historie og kulturvern, der barna kan ta vare på og vidareføre kulturarv gjennom deltaking, utforsking og bruk.
Det blir òg opna for prosjekt der barn og unge er tydeleg målgruppe, prosjekt som tematiserer barn og unge i historia og tiltak som reflekterer rundt barn og unge i kulturvernet.
Målgrupper
Målgruppa er i prinsippet samanfallande med målgruppa for Kulturfondet si avsetting til kulturvern. Satsinga er slik i fremste rekkje retta mot det frivillege kulturvernet med tilhøyrande lag og organisasjonar, som gjerne må gå i samarbeid med andre aktørar.
I tillegg kan privatpersonar, kommunar, fylkeskommunar, museum og samlingar, arkiv, forlag, filmprodusentar og andre aktørar i kulturfeltet sende inn søknad.
Merk: For museum, arkiv og andre verksemder med statleg driftsstøtte gjeld at det blir stilt krav om samarbeid med aktørar i det frivillege kulturvernet og/eller profesjonelle kunstnarar.
Døme på kva som kan få støtte
- Prosjekt der barn og unge er aktivt involvert i arbeid med kulturvern
- Kulturvernprosjekt der barn og unge er tydeleg målgruppe
- Prosjekt som tematiserer barn og unge i historia
- Prosjekt som reflekterer rundt barn og unge i kulturvernet
Prosjekta kan gjerne vere ein kombinasjon av tiltak som er nemnde her.
Kulturrådet vil særleg oppmode om søknader som vedkjem det fleirkulturelle Noreg, dei fem nasjonale minoritetane og samisk kultur og historie. Vidare er det opning for prosjekt som strekkjer seg ut over landegrensene.
Merk: Det blir ikkje gitt støtte til årvisse tiltak og arrangement.
Støtteordningar, retningsliner og søknadsfrist
Aktuelle støtteordningar er Prosjektstøtte kulturvern og Faglitteratur kulturvern. Den siste gjeld berre for søknader frå forlag om støtte til trykking av faglitteratur. I båe søknadsskjema blir du beden om å velje sjanger, og det er viktig at du her vel "Barn og unge". Merk også retningslinene for den aktuelle støtteordninga.
Søknadsfristen for denne satsinga er 2. september 2016 kl. 13.00. Innkomne søknader vil bli handsama med endeleg vedtak i møter medio november og primo desember.
Ramme for tildeling
Ved tildeling av støtte kan Kulturrådet løyve maksimalt 33 % av totalbudsjettet for det enkelte prosjekt. Søknadssummen må difor ikkje overstige ein tredel av budsjettet. Kulturrådet føreset at restfinansieringa blir dekt gjennom eigendel og/eller andre finansieringskjelder.