Kulturnæringstildelinga for 2015 er klar
Aktivitetar i forbindelse med utvidinga av Hydrogenfabrikken i Fredrikstad er eit av prosjekta som har fått tilskot frå kulturnæringsordninga. Biletet er frå opninga av Hydrogenfabrikken i 2012. Foto: Trine L.B. Jørgensen.
18 søkjarar har fått 4,9 millionar kroner til nettverk og samlokalisering frå Kulturrådets støtteordning for kulturnæringar.
Støtteordninga har som føremål å styrke kulturnæringsaktørar gjennom ulike former for samlokalisering og nettverk. Det kom inn 58 søknader til søknadsfristen. 18 søkjarar, omlag 32 prosent, fekk støtte på mellom 50 000 og 500 000 kroner, til saman 4,9 millionar.
- Vi registrerte ein stor nedgang i talet på søknader i år i høve til i fjor, seier seniorrådgjevar Per Olav Torgnesskar i Kulturrådet. – Det positive er at talet på gode søknader var omtrent det same, så det var framleis fleire støtteverdige prosjekt enn det var pengar til. Det kan bety at kunnskapen om kva ein kan og ikkje kan søkje om på ordninga har blitt større.
Her finn du ei oversikt over alle prosjekta som har fått støtte
Meir nettverk – mindre samlokalisering
Mens det i fjor var 12 samlokaliseringar og 9 nettverk som fekk tilskot, er det i år berre fem samlokaliseringar og heile 13 nettverk som mottar støtte.
- Vi fekk inn få søknader om nye samlokaliseringar, seier Torgnesskar. - Det kan tyde på at det ikkje er ei stor etablering av samlokaliseringar i kulturnæringa. Blant dei etablerte samlokaliseringane er det dessutan eit stort innslag av kreative, meir enn kulturelle næringsaktørar.
Prosjekta som har fått støtte femnar vidt og blant mottakarane finn vi eit samisk kunstnarkollektiv, eit tverrfagleg mentorprogram for kulturprodusentar og ein tenke-tank for finansiering av visuell kunst.
Nettverket BRAK i Bergen fekk 230 000 kroner i tilskot for å utvikle eit mentorprogram for kulturprodusentar i samarbeid med ProScen, Visp, Spillmakerlauget og Bergen kommune.
- Slike samarbeid på tvers av fag- og kunstfelt, og med tydeleg kommunalt bidrag er svært gledelege, seier Per Olav Torgnesskar.
Galleriet VI, VII har fått kr 500 000 i tilskot til å etablere eit nettverk i form av ein «tenke-tank» med både tunge kunst- og næringslivsaktørar. Saman og gjennom ulike aktivitetar skal dei finne nye måtar å styrke den økonomiske bærekrafta i det visuelle kunstfeltet, for både galleri og kunstnarar.
- Samansetjinga av kunst- og næringslivsaktørar i prosjektet lovar godt for nytenkinga, seier Torgnesskar.
Mange fleirårige prosjekt
Fleire av prosjekta som fekk tilskot i år er vidareføringar av tidlegare prosjekt på ordninga. Både Kunstgjødsel, Norwegian Entertainment Managers & Agents, Norske festivaler, 0047 Oslo, Mikrofilm, Lillehammer og Gudbrandsdal kunnskapspark, 657 Oslo, Filmverftet, Proscen og Kultursiida har fått tilskot til vidareføring av fleirårige prosjekt.
Oslo Economics si evaluering av ordninga frå i sommar peikte på fordelen med fleirårige prosjekt. - Det er derfor gledeleg at såpass mange av dei prosjekta som har fått tilskot tidlegare år klarar å vidareutvikle prosjekta med nødvendig relevans og kvalitet, seier Per Olav Torgnesskar.
Du kan lese heile evalueringa her (pdf)
Har henta inn ekspertvurdering
Denne ordninga er ikkje ein del av Kulturfondet, og har derfor blitt behandla administrativt. Det betyr at eit team i fagadministrasjonen i Kulturrådet har vurdert søknadene og henta inn eksperthjelp der det har vore nødvendig, bl.a. frå Norsk filminstitutt og Sametinget. Teamets innstilling er deretter behandla i Kulturrådets direktørgruppe. Ein har særleg lagt vekt på overføringsverdi, breidde i finansieringa og at tilskotet skal finansiere konkrete aktivitetar i ein avgrensa tidsperiode.
- Kulturnæringsordninga skal bidra til større økonomisk bærekraft. Det er difor eit poeng at prosjekta signaliserer vilje og evne til å hente finansiering frå ulike kjelder, seier Torgnesskar.
18 prosjekt i sju fylke
Dei 18 prosjekta som fekk støtte høyrer heime i sju ulike fylke: Oppland (2), Hordaland (2), Troms (3), Oslo (8), Finnmark, Telemark og Østfold (alle 1). Andelen Oslobaserte prosjekt står i forhold til andelen søknader frå Oslo. I tillegg har fire av dei Oslobaserte prosjekta og to av dei andre prosjekta heile landet eller fleire regionar som arbeidsområde. I tillegg til Kulturrådets vanlege ansvarsfelt som kunst og kulturvern, vart det også gjeve støtte til to prosjekt innanfor film.
Her finn du ei oversikt over alle prosjekta som har fått støtte (pdf)