Kulturbruk, publikum og deltaking
Kulturbruk, publikum og deltaking er eit forskingsprogram frå Kulturrådet som skal gje auka kunnskap om den kulturelle åtferda til befolkninga, djupare forståing av ulike samfunnsgrupper sine kunst- og kulturopplevingar, og betre innsikt i kulturbrukaren si rolle i kultur- og samfunnsliv.
Særleg ønskjer Kulturrådet å auke kunnskapen om dei gruppene som tilsynelatande ikkje er aktive kulturbrukarar. Samstundes trengst det refleksjon og analyse kring kva som blir rekna, og målt, som kultur. Til dømes tenderer omgrepet kulturbruk mot å gjelde institusjonaliserte kulturtilbod – i kontrast til blant anna eigenaktivitet, og ulike former for deltaking, skaping og oppleving.
Forskingsprogrammet Kulturbruk, publikum og deltaking skal gje kunnskap som er relevant både for kulturforvaltinga, kultursektoren og forskings- og utdanningssektoren. Programmet er ein del av Kulturrådet sitt arbeid med langsiktig og grunnleggande kunnskapsdanning om kultursektoren. Eit av formåla til Kulturrådet er å medverke til at kunst- og kulturuttrykk blir gjort tilgjengeleg for flest mogleg. Difor treng Kulturrådet djupare innsikt om dei som brukar kulturen – og om dei som fell utanfor.