Statistikk for museum 2019
Kulturdirektoratet samlar inn, behandlar og publiserer statistikk frå norske museum. Det er eit nært samarbeid med Statistisk sentralbyrå, og museumsdata går inn i Noregs offisielle statistikk.
Statistikk 2019 for norske museum blei samla inn i februar og mars 2020 og omfattar museum med minst eitt fast årsverk i 2019.
Museumsstatistikken skal gi eit oversyn over norske museum, og syner informasjon om museumsinstitusjonane, besøk og tilgang, formidling og utstillingar, forsking og samarbeid, forvalting av bygningar og samlingar. Talmaterialet femner om i alt 102 museum. Av desse fekk 69 museum driftstilskot frå Kulturdepartementet. Dei 33 andre musea er mellom anna kommunale museum, universitetsmuseum og museum under andre departement.
Talet på museum som rapporterer varierer litt frå år til år. For musea under Kulturdepartementet heng statistikkrapporteringa saman med det årlege søknads- og rapporteringsarbeidet til departementet, og ev. endringar for denne delen av populasjonen skjer i hovudsak når tidlegare sjølvstendige museumseiningar blir slått saman.
I den andre gruppa museum er nokre av dei små musea litt ustabile med innrapportering slik at dei fell ut innimellom. I rapporteringa for 2019 skapte koronakrisa utfordringar. I det store og heile er det ingen store endringar i populasjonen frå 2018, men nokre museum har ikkje greidd å levera tal med
same grad av detaljar som i fjor.
Rapporten er konsentrert om fem område. Den første delen omtalar drift, organisasjonsform, økonomi og tilsette. Del to presenterer publikumstal og tilgang til musea. Dei neste delane gir informasjon om tre av kjerneoppgåvene til musea: formidling, forsking og forvalting.
Om publikasjonen
Statistikk for museum 2019 | |
Kulturdirektoratet | |
2020 | |
978-82-8105-150-8 |