Statistikk for museum 2018
Kulturdirektoratet samlar inn, behandlar og publiserer statistikk frå norske museum. Det er eit nært samarbeid med Statistisk sentralbyrå, og museumsdata går inn i Noregs offisielle statistikk.
Statistikk 2018 for norske museum blei samla inn i mars 2019 og omfattar museum med minst eitt fast årsverk i 2018. Museumsstatistikken skal gi eit oversyn over norske museum og syne informasjon om museumsinstitusjonane, besøk og tilgang, formidling og utstillingar, forsking og samarbeid og forvaltning av bygningar og samlingar. Talmaterialet femner om i alt 103 museum. Av desse fekk 70 museum driftstilskot frå Kulturdepartementet. Dei 33 andre musea er mellom anna kommunale museum, universitetsmuseum og museum under andre departement.
Talet på museum som rapporterer, varierer litt frå år til år. For musea under Kulturdepartementet heng statistikkrapporteringa saman med det årlege søknads- og rapporteringsarbeidet til departementet, og eventuelle endringar for denne delen av populasjonen skjer i hovudsak når tidlegare sjølvstendige museumseiningar blir slått saman.
I den andre gruppa museum er nokre av dei små musea litt ustabile med innrapportering. Derfor fell dei innimellom ut av statistikken. For 2018 er rapporteringa frå eitt museum utelaten frå denne statistikkpublikasjonen, då museet ikkje oppfylte kravet om minst eitt fast årsverk. SSB har ved si offentleggjering av museumsstatistikk også krav om at institusjonane skal ha vore opne for publikum, men dei dette gjaldt for i 2018, er med i Kulturdirektoratets statistikkpublikasjon.
I museumsstatistikken til Kulturdirektoratet er det ikkje vanleg å korrigere tidlegare talrekkjer som viser utviklingstrekk for musea, men vi prøver å kommentere dette i omtalen for område der endringa av tal på institusjonar eller ufullstendig rapportering gir vesentlege utslag.
Rapporten er konsentrert om fem område. Den første delen omtalar drift, organisasjonsform, økonomi og tilsette. Del to presenterer publikumstal og tilgang til musea. Dei neste delane gir informasjon om tre av kjerneoppgåvene til musea: formidling, forsking og forvaltning.
Om publikasjonen
Statistikk for museum 2018 | |
Kulturdirektoratet | |
2019 | |
978-82-8105-143-0 |