Hopp til innhold
Evaluering

Foten innanfor - evaluering av aspirantordninga

Evalueringa har som formål å samla erfaring som er gjort med ordninga i tida 2012–2016, og vurdera suksessen med og relevansen av ordninga.

$imageText.getData()

Kulturrådet si aspirantordning vart opprett i 2012. Formålet med støtteordninga er å sikra ein meir mangfaldig rekruttering til kunst- og kulturrelaterte yrke.

Erfaringar frå dei involverte viser at aspirantar og institusjonar, saman og kvar for seg, har fått gjennomført ei rekkje konkrete kunstnariske og kulturadministrative prosjekt. Ordninga har bidrege til at mange unge kunstnarar og kulturarbeidarar i etableringsfasen har knekt både kunstnariske, organisatoriske og kulturelle kodar. Dei fleste aspirantane har fått styrkt sin kunstfaglege og/eller kulturadministrative sjølvtillit, i tydinga auka sin kulturelle kapital eller sine kulturelle evner.

Både aspirantar og kunst- og kulturinstitusjonar opplever i tillegg at eit viktig resultat av ordninga har vore utviding av eige nettverk og tilgang til nye miljø. Aspirantane har auka sin sosiale kapital og talet på relasjonar dei vil kunna draga nytte av i arbeidssamanheng. I kva grad dei gjer bruk av desse og kva utfall det vil ha, står att å sjå.

Om publikasjonen

Foten innanfor - evaluering av aspirantordninga

Kulturrådet

Merete Jonvik og Kari Anne Holte
2018
978-82-7081-189-2