Engasjement og arrangement - Ei bok om konsertar og konsertarrangering
Engasjement og arrangement er bestilt av Kulturrådet og forfatta av Bård Kleppe, Ola K. Berge og Sigbjørn Hjelmbrekke ved Telemarksforskning. Boka er resultatet av eit større forskingsprosjekt om heilårsarrangørane og konsertverksemd i Noreg.
Intervju med arrangørar, spørjeundersøkingar og økonomiske oversikter frå ei rekke konsertar ligg til grunn for funna i boka. Boka ser på omfanget av konsertar i Noreg, og undersøker publikum og dei ulike aktørane i konsertbransjen. Vidare beskriv boka arrangørane, historia deira, dei kunstnariske ambisjonane og dei økonomiske vilkåra dei opererer under. Avslutningsvis peikar forfattarane på viktige utviklingstrekk på området, og på endringar ein kan vente i åra som kjem.
Om publikasjonen
Engasjement og arrangement - Ei bok om konsertar og konsertarrangering | |
Kulturrådet | |
Bård Kleppe, Ola K. Berge, Sigbjørn Hjelmbrekke | |
2019 | |
978-82-450-3280-2 |