Årsrapport Kulturrådet 2016
Ei oppsummering av Kulturdirektoratet i tekst og tal for 2016. I årsrapporten finn du oversikter i tal og tekst over alle tildelingane som vart gjort og ei skildring av Kulturdirektoratets aktivitetar gjennom året.
Det kom inn 20 483 søknader til alle ordningane i Kulturdirektoratet i 2016. Dette er ein auke på 116 frå 2015. Også i 2016 enda omlag 25 prosent av søknadane med tilskot. Det vil seie at 4953 prosjekt, kunstnarar, festivalar og kulturverksemder fekk prosjektstøtte eller stipend i året som gjekk. I tillegg blei det kjøpt inn meir enn 1000 bøker som blei fordelte til folkebiblioteka.
Kulturdirektoratet forvalta til saman over 1,4 milliardar kroner i 2016. Desse vart fordelt på:
- Norsk kulturfond, 876 mill. kr
- Statens kunstnarstipend, 319 mill. kr
- Fond for lyd og bilete, 37 mill. kr
- Museumsutvikling, 26 mill. kr
- Andre oppgåver, inkl. Statens utstillingsstipend 6 mill. kr
- Driftsutgifter 151 mill. kr
Støtte til kvar tredje søkjar frå Kulturfondet
Den største pengesekken Kulturdirektoratet forvaltar er Norsk kulturfond. Fondet var på 876 millionar kroner i 2016. Det kom inn 8434 søknader om støtte frå Kulturrådet. Dette var ein nedgang på 640 i høve til 2015. Ei årsak til dette kan vere omlegging frå fire til to søknadsfristar i året på nokre av støtteordningane. På musikkområdet var det ein nedgang på cirka seks prosent. Også på scenekunstområdet var det ein liten nedgang i talet på søknader.
37 prosent av søknadene til Kulturfondet enda med tildeling. Dette er ein auke på to prosent i høve til 2015 og betyr at 3 248 prosjekt og bøker vart støtta og kjøpt inn. Dersom vi deler landet opp i landsdelar ser fordelinga av midlar slik ut:
Kunstnarstipend
Statens kunstnarstipend er den nest største pengesekken i Kulturdirektoratet og blir forvalta av Utvalet for Statens kunstnarstipend og garantiinntekter. Kunstnarstipenda skal leggje til rette for at enkeltkunstnarar skal kunne bidra til eit mangfaldig og nyskapande kunstliv. I 2016 kom det inn nesten 8 400 søknader om stipend. 901 av desse enda opp med å få stipend.
Stipenda blei fordelte slik mellom landsdelane:
Du kan lese meir om fordeling av midlar i 2016 og Kulturrådet sine aktivitetar i årsmeldinga.
Modernisering av søknadshandsaminga
Modernisering og omorganisering har vore to viktige stikkord for Kulturdirektoratet dei siste fire åra. I 2016 vart den elektroniske søknadsportalen vidareutvikla og Altinn-portalen blei nytta til nye søknadsskjema. Dette medførte at alle søkjarane måtte logge seg inn med elektronisk ID via ID-porten. Dette gir betre skjema og rettleiingstekstar til søkjarane. Det gir i tillegg kortare sakshandsamingstid og raskare tilbakemelding til søkjarane om at søknaden er motteken.
Andre oppgåver i 2016
Kulturdirektoratet utfører også ei rekkje andre oppgåver. Fond for lyd og bilete fekk inn i overkant av 3000 søknader og delte ut 38,4 millionar kroner til 583 prosjekt i 2016.
På museumsfeltet har Kulturdirektoratet oppgåver knytte til utvikling, forvalting og rådgjeving. Ein viktig del er forvalting knytt til mål- og resultatstyring i sektoren. I tillegg fordeler Kulturdirektoratet spelemidlar til utvikling i museumssektoren. I 2016 vart det fordelt 23,6 millionar kroner til 58 prosjekt. Det kom inn 110 søknader.
Tabell 1: Tal på tildelingar - Norsk kulturfond - 2016
Landsdel | Søknader | Tildelingar | Prosent |
Sørlandet | 209 | 84 | 40% |
Østlandet | 4528 | 1630 | 36% |
Vestlandet | 1300 | 467 | 36% |
Trøndelag | 555 | 197 | 35% |
Nord-Norge | 547 | 219 | 40% |
Utlandet | 117 | 28 | 24% |
Totalt | 7256 | 2625 | 36% |
Tabell 2: Søknadssum og tildelt sum - Norsk kulturfond 2016
Landsdel | Søknadssum | Tildelt sum | Prosent |
Sørlandet | 63 052 179 | 15 690 400 | 25 % |
Østlandet | 1 206 105 871 | 407 071 877 | 34 % |
Vestlandet | 479 636 162 | 116 423 770 | 24 % |
Trøndelag | 203 324 486 | 61 848 500 | 30 % |
Nord-Noreg | 176 547 008 | 49 399 466 | 28 % |
Utlandet | 22 237 629 | 2 226 000 | 10% |
Totalt | 2 150 903 335 | 652 660 013 | 30% |
Tabell 3: Tal på søknader og tildelingar - Statens kunstnarstipend
Landsdel | Tal på stipendsøknader | Tildelte stipend | Prosent |
Sørlandet | 215 | 19 | 9 % |
Austlandet | 6040 | 618 | 10 % |
Vestlandet | 1367 | 133 | 10 % |
Trøndelag | 442 | 58 | 13 % |
Nord-Norge | 349 | 38 | 11 % |
Utlandet | 260 | 38 | 11 % |
Om publikasjonen
Årsrapport Kulturrådet 2016 | |
Kulturdirektoratet | |
Kulturdirektoratet | |
2017 |