29 dokument tatt opp i Noregs dokumentarv
Minnematerialet etter 22. juli 2011 er ei av dei 29 nye oppføringane i Noregs dokumentarv. Foto: Riksarkivet
Minnematerialet etter 22. juli 2011, arkivet etter Karen-Christine Friele og Noregs første kommersielle nettsider, Oslonett, er mellom dei viktige dokumenta som blir tatt opp i registeret over Noregs dokumentarv som blir lansert i dag.
Minnematerialet etter 22. juli 2011 inneheld materiale som er samla inn frå Oslo domkirke, Utvika, kommunar og norske utanriksstasjonar. Arkivet etter Karen-Christine Friele er ei viktig kjelde til den norske homorørslas historie. Oslonett var den første kommersielle nettstaden i Noreg, der blant anna OL i 1994 og resultatet av folkerøystinga om EU same år blei formidla over internett til eit raskt veksande tal med husstandar.
- Komiteen er nøgde med at det no kjem inn 29 nye dokument og arkiv som spenner frå middelalderen til i dag, frå Noregs eldste brev til minnematerialet etter 22. juli, seier avdelingsdirektør Øyvind Ødegaard ved Riksarkivet, som er leiar for Den norske komiteen for verdas dokumentarv.
Sjå lista over alle oppføringane her.
-Aller mest nøgde er vi med at mange av dei nye innføringane dekker hol i registeret over område som tidlegare ikkje var med. No er både idretten og kristenlivet representert. Likeleies er no også barn, kvinner, etniske grupper, funksjonshemma og homorørsla komne med, fortel Ødegaard .
Frå historiske dokument til feltundersøkingar
Det er eit svært breitt materiale som har kome med i registret. Frå viktige historiske dokument som fragment av Frostatingslova, viktige bedriftsarkiv som arkivet etter Hjula Væveri og Alvøens Papirfabrik, dokumentasjon frå andre samfunnsektorar som skipinga av Det Norske Misjonsselskap, arkivet etter Anna og Erling Stordahl, til feltundersøkingar med avgjerande betydning for nyare norsk industrihistorie som arkivet etter Norsk utvalg for betong i sjøvann.
I vurderinga av om dokumenta skal takast med i registret er det tatt omsyn til autensitet, om dokumenta er unike og uerstattelege og om dei gjev unik dokumentasjon frå si samtid. I kriteria er det også lagt vekt på å gjere vurderingar i høve til tid – stad – menneske – emne og tema – form og stil samt kulturell, åndeleg og religiøs verdi.
Her er lista med dei 29 nye oppføringane i det nasjonale registret med lenkje til meir informasjon og komiteens grunngjeving:
Det fyrste opptaket til Noregs dokumentarv var i 2012, med opptaket i 2014 inneheld registret nå 91 dokument.