Søk støtte
Føremål
Føremålet med stipendet er å halda oppe kontinuitet i kunstnarisk produksjon, sikra sysselsetjing og bidra til etterspørsel av kunsten.
Åpne alleKven kan søkje?
Kunstnarar som i hovudsak bur og arbeider i Noreg, kan søkje stipendet. Det kan gjerast unntak om det blir vurdert som rimeleg. Ordninga gjeld berre einskildkunstnarar, ikkje grupper. Søkjarar må vere aktive kunstnarar, dvs. ha utgjeve verk eller formidla kunsten sin i offentleg samanheng tidlegare.
Mottakarar av garantiinntekt, stipend for etablerte kunstnarar, stipend for seniorkunstnarar, arbeidsstipend eller arbeidsstipend for yngre/nyetablerte kunstnarar kan ikkje motta midlertidig stipend COVID-19.
Stipendet kan ikkje søkjast av kunstnarar som er under utdanning. Med utdanning meiner ein alle typar utdanning på bachelor- og masternivå, også ikkje-kunstnarisk utdanning, som utgjer meir enn 50 % av tida eller 15 studiepoeng pr. semester.
Storleik på stipendet
Stipendbeløpet er på kr 100 000. Stipendet blir utbetalt som eit eingongsbeløp. Det blir ikkje trekt skatt av stipendet, men det er oppgåvepliktig.
Avgrensing i bruk av stipendet
Det vert ikkje gjeve støtte til ordinær utdanning. Stipendet kan heller ikkje dekkje utgifter du har hatt før tildelingsåret.
Stipendet må brukast innan utgangen av 2021.
Val av kunstnargruppe
Når du fyller ut søknadsskjemaet til Statens kunstnerstipend blir du bedt om å velja kunstnargruppe. Det er 23 forskjellige kunstnargrupper.
Vel den kunstnargruppa der hovedtyngda av ditt kunstnarskap ligg.
Dersom du er profesjonell kunstnar med praksis i fleire kunstfelt, kan du søkje fleire grupper. Du må da sende inn separate søknadar for kvar kunstnargruppe. Søknadane skal då være spissa mot det aktuelle kunstfeltet.
Dersom tverrfaglegheit ligg til grunn for din kunstnariske prakis, og din profesjonelle kunstnariske verksemd ikkje har eit tyngdepunkt i ei av de øvrige kunstnargruppene, kan du velje «Andre kunstnergrupper».
Dersom du ikkje finn di kunstnargruppe, kan du velje «Andre kunstnergrupper» og angje arbeidsrområdet i søknadsteksten.
Vedlegg til søknaden
Du skal ikkje leggje ved fleire enn 2 vedlegg. For at søknaden skal få ei så god behandling som mogleg, er det tilrådd at du legg ved CV pluss dokumentasjon av kunstnerisk virke:
CV
CV blir lagt ved som PDF og må ikkje overskrida 2 sider. CV bør innehalda følgjande opplysningar:
- Relevant kunstnarisk utdanning og kurs
- Kunstnarisk verksemd og produksjon - både gjennomførte og planlagde prosjekt
- Anna relevant informasjon relatert til kunstnarisk verksemd, som tidlegare mottatte stipend og prisar, arbeidserfaring osb.
Dokumentasjon av kunstnarisk virke
Dokumentasjon av kunstnarisk virke skal vera representativ for kunstnarskapet og bør i hovudsak dokumentera nyare arbeidar. Vedlegg kan lastast opp eller leggjast til som nettlenke i søknaden. Tekstfiler blir lagt ved som PDF-filer. Bilde blir lagt ved som JPG-, PNG- eller PDF-filer. Video blir lagt ved som mp4- eller ogg-filer. Lyd blir lagt ved som mp3-filer. Nettlenker skal visa direkte til det aktuelle materialet. Dersom påloggingsinformasjon er påkravd må brukarnamn og passor blir gitt opp i tekstfeltet til kvart enkelt vedlegg. Materialet må vera tilgjengeleg i minst 6 månader etter søknadsfristen.
Avgrensingar av format på vedlegg
PDF-vedlegg må ikkje overstiga 2 sider. Det blir tilrådd 2 bilde per side, og opplysningar om type medium, materiale, format, tittel og produksjonsår kan skrivast direkte i PDF-filen.
Samla lengde på video- og lydfiler skal ikkje overstiga 5 minutts varigheit.
Filmvedlegg skal registrerast som nettlenker fortrinnsvis på Vimeo. Navet til søkaren, funksjon, tittelen av filmen, sjanger, speletid og innspillingsår blir opp ført i tekstfeltet inne i Vimeolenka.
Søknadsskjema
Les utlysningsteksten nøye før du byrjar å fylla ut det elektroniske søknadsskjemaet ditt. Pass òg på å lesa alle hjelpetekstane. Desse finn du i søknadsskjemaet, merka med «?». Har du problem med å logga deg på eller sende vedlegg, kan du ta kontakt med brukarstøtte.
Tilrådde nettlesarar
Ikkje alle nettlesarar fungerer like godt med Altinn. Vi tilrår at du nyttar følgjande for å unngå feil og problem: Bruk Internet Explorer for Windows og Safari for Mac.
Foreign applicant?
You must have a Norwegian social security number or D-number to apply. Please contakt support - Sjå brukarstøtte.
Søknadsskjemaer blir tilgjengelige cirka en måned før neste søknadsfrist.
Endring og trekking av innsend søknad
Du kan ikkje endra på ein søknad som er send inn. Er det nødvendig å gjera endringar, må du senda inn ny søknad og trekkje den første du sende inn.
Bruk følgjande lenke dersom du skal trekkje ein søknad:
Gå til skjema for å trekkje søknad
I skjema treng du kun å fylle inn referansenummer du fikk frå Altinn på søknaden. Referansenummeret ser slik ut "AR123456789".
Søknadsveiledning
Før du kontaktar ein saksbehandlar i sekretariatet, må du ha lese all tilgjengeleg informasjon på heimesidene våre. Nedanfor står oversikt over tilgjengelege saksbehandlarar med kontaktinformasjon og tidspunkt dei er tilgjengelege. Tekstmeldingar blir ikkje svart på.
Har du spørsmål om søknadsskjema, kan du sende e-post til support@kulturradet.no
Uke 27 - 29.06.20 - 03.07.20 | Tlf |
E-post | Tidspunkt |
Ken Stebergløkken | 917 86 224 | SKScovid19@kulturradet.no | 10.00 - 14.00 |
Adrian Aam Refsnes | 413 48 393 | SKScovid19@kulturradet.no | 10.00 - 14.00 |
Kristin Kandschur | 413 35 321 | SKScovid19@kulturradet.no | 10.00 - 14.00 |
Berit Skive | 481 08 640 | SKScovid19@kulturradet.no | 10.00 - 14.00 |
Uke 28 - 06.20 - 10.07.20 | Tlf | Tidspunkt | |
Adrian Aam Refsnes | 413 48 393 | SKScovid19@kulturradet.no | 10.00 - 14.00 |
Martin Palmer | 488 61 484 | SKScovid19@kulturradet.no | 10.00 - 12.00 |
Uke 29 - 13.07.20-17.07.20 | Tlf | Tidspunkt | |
Hilde Vistnes | 990 37 222 | SKScovid19@kulturradet.no | 10.00 - 14.00 |
Martin Palmer | 488 61 484 | SKScovid19@kulturradet.no | 10.00 - 12.00 |
Uke 30- 20.07.20 - 24.07.20 | Tlf | Tidspunkt | |
Kristin Kandschur | 413 35 321 | SKScovid19@kulturradet.no | 09.00 - 12.00 |
Martin Palmer | 488 61 484 | SKScovid19@kulturradet.no | 09-00 - 12.00 |
Uke 31 - 27.07.20 - 31.07.20 | Tlf | Tidspunkt | |
Adrian Aam Refsnes | 413 48 393 | SKScovid19@kulturradet.no | 09.00 - 15.00 |
Kristin Kandschur | 413 35 321 | SKScovid19@kulturradet.no | 09.00 - 12.00 |
Magnus Aspli | 413 74 540 | SKScovid19@kulturradet.no | 09.00 - 15.00 |
Uke 32 - 03.08.20 - 07.08.20 | Tlf | Tidspunkt | |
Ken Stebergløkken | 917 86 224 | SKScovid19@kulturradet.no | 09.00 - 15.00 |
Mette Rønning | 915 90 990 | SKScovid19@kulturradet.no | 09.00 - 15.00 |
Berit Skive | 481 08 640 | SKScovid19@kulturradet.no | 09.00 - 15.00 |
Adrian Aam Refsnes | 413 48 393 | SKScovid19@kulturradet.no | 09.00 - 15.00 |
Kristin Kandschur | 413 35 321 | SKScovid19@kulturradet.no | 09.00 - 15.00 |
Vurdering av søknaden
Sjå korleis stipendsøknadene blir behandla, frå søknaden blir send inn til vedtaka offentligjøres.
Kven vurderer søknaden?
Vurderinga vert gjort av ein stipendkomité som innstiller søkjarar på grunnlag av ein skjønnsmessig vurdering av kunstnarisk kvalitet og aktivitet og i samsvar med gjeldande retningslinjer.
Når får eg svar på søknaden
I veke 42 publiserer vi tildelingslister på Kulturrådets nettsider og sender ut vedtaksbrev til alle søkjarar og kontrakt til dei som får tildelt stipend.
Rapportering
Rapportering skal skje på fastsett skjema og seinast ein månad etter at stipendperioden er gått ut. Stipendet må brukast innan utgangen av 2021.