Søk støtte
Støtteordninga er avvikla
Denne støtteordninga er avvikla og ein ny struktur for litteraturstøtte er vedteke.
Søk støtte til litteraturproduksjon
Søk støtte til litteraturprosjekt
Søk støtte til litteraturformidling
Åpne alleTidlegare utlysing
Formål
Kulturrådet kan gi prosjektstøtte til ulike litteraturformidlingstiltak for barn, ungdom eller vaksne. Det kan også bli gitt trykkestøtte til utgiving av faglitteratur for allmennmarknaden om litterære tema, og det kan søkjast om støtte til utgiving av minoritetstidsskrift og til omsetjing av manus skrivne på andre språk enn norsk av minoritetsspråklege forfattarar busett i Norge.
Prosjektet/produksjonen det blir søkt om støtte til må involvere profesjonelle forfattarar, kunstnarar eller fagpersonar og/eller representere formidling av kunst og kultur på eit profesjonelt nivå.
Kva kan få støtte
- Ulike arrangement og tiltak eller forsøks- og utviklingsprosjekt der siktemålet er å formidle litteratur
- Utgivingar av faglitteratur for allmennmarknaden om litterære tema (sekundærlitteratur)
- Tilrettelagt litteratur med enkelt innhald
- Skjønnlitterære bøker som av ulike grunnar fell utanfor innkjøpsordningane, til dømes litteratur som utelukkande finst digitalt
- Seminar eller konferansar omkring litteraturteori, litteraturkritikk eller litterære sjangrar
- Tiltak eller arrangement der minoritetsspråklege forfattarar tek del
- Omsetjing av manus skrivne på andre språk enn norsk av minoritetsspråklege forfattarar busette i Noreg (det er forlaga som søkjer)
- Tidsskrift som dekkjer kulturelle, økonomiske og sosiale tema frå eit minoritetsperspektiv, og som ikkje kjem inn under støtteordningane for tidsskrift eller ukeaviser. Publikasjonane kan ha store deler av innhaldet skrevne på andre språk, men skal minst trykkje ei innhaldsforteikning og samandrag av artiklane på norsk.
Søknad om tilskot til faglitteratur på litteraturområdet kan sendast inn når ferdigstilt manus ligg føre. Dette gjeld og for skjønnlitterære bøker som av ulike grunnar fell utanfor innkjøpsordningane, til dømes litteratur som utelukkande finst digitalt. Det er ikkje høve til å søkje tilskot på grunnlag av ferdig bok. Søknad må sendast inn før boka er utgjeven.
Kven kan søkje?
Enkeltpersonar, organisasjonar og institusjonar kan søkje.