Hopp til innhold

Søk støtte

Støtteordning

Norske klassikar­utgivingar (Avsluttet)

Se vedtakslister

Ordninga er avvikla - sjå nye ordningar

Denne støtteordninga er avvikla og ein ny struktur for litteraturstøtte er vedteke. 

Søk støtte til litteraturproduksjon

Søk støtte til litteraturprosjekt

Søk støtte til litteraturformidling

Åpne alle

Tidlegare utlysing

Ikkje mogleg å søkje støtte i 2015

Det er ikkje mogleg å søkje om midlar frå Kulturrådets klassikarstøtte i 2015. I fordelingsbudsjettet for 2015 vart det sett av kr 470 000 til klassikarstøtte, og heile summen er allereie disponert.

Føremål

Målet med ordninga er å sikre at eit breidast mogleg tilbod av norske klassikarar til ei kvar tid er tilgjengelig i rimelege utgåver for skuleverket og det allmenne publikumet. 

Kva kan få støtte

Originalverket må ha kome ut for minst 50 år sidan, og det må anten vere ei viss interesse for det eller det må vekkje en slik interesse for å kunne få tilskot. Det er Kulturrådet som sjølv avgjer om desse vilkåra er til stades. Forordet eller etterordet må vere nyskrive.

I nokre høve kan det vere aktuelt å gi støtte til eit eldre verk som ikkje har vore publisert tidlegare, dersom andre verk av forfattaren elles er å rekne blant klassikarane.

Kven kan søkje

Norske forlag/utgivarar kan søkje støtte til utgiving av norske litterære klassikarar. Forlaga skal i søknaden gjere greie for kvifor det er aktuelt med ei nyutgiving og presentere både boka og forfattaren. Vidare må utgivaren opplyse om kva for ei tekstutgåve nyutgivinga er basert på, og korleis det redaksjonelle og/eller det edisjonsfilologiske arbeidet skal leggjast opp.

Vurdering av søknaden

Søknadene blir vurderte av Fagleg utval for litteratur, som gjer prioriteringar av søknadene på grunnlag av fagleg og kunstnarisk skjøn, innanfor den aktuelle budsjettramma.

Kulturrådet mottar langt fleire søknader enn det er midlar til. Det betyr at råd og utval må gjere strenge og ofte krevjande prioriteringar, som fører til at også prosjekt som blir vurderte som gode, vil få avslag eller lågare støtte enn det er søkt om.

Det er høve til å klage på vedtaket. Klage må sendast inn (anten) skriftleg (eller) på klageskjema til Kulturrådet seinast tre veker etter at vedtaksbrevet er mottatt. Det er ikkje høve til å klage på den faglege skjønnsvurderinga, berre på saksbehandlinga.

Ved tildeling av prosjektstøtte, vil tilskotsmottakarane få tilsendt eit akseptskjema som må fyllast ut og sendast inn før Kulturrådet betalar ut første del av tilskotet.

Når boka er ferdigtrykt skal forlaget sende to eksemplar av ferdig trykt bok til Norsk kulturråds administrasjon saman med ei skriftleg oppmoding om siste delutbetaling. 

Samla behandlingstid er ca tre månader.