Om søknadsrunden
Tal frå søknadsrunden / søknadsoversikt
Tal på søknadar: 41
Søknadssum: 17 890 000 kr
Tal på tildelingar: 14
Tildelingssum: 4 480 000 kr
Kunstnarassistentordninga skal gi kunstnarar i etableringsfasen moglegheit til å arbeide som assistent for ein meir etablert kollega i ein 50 prosent stilling i eitt år eller to år. Målet med ordninga er å utvikle unge kunstnarskap. Assistenten vil parallelt med assistentstillinga kunne oppretthalde eigen kunstnarisk praksis og motta andre typar tilskot. Føremålet er å bidra til røynsle- og kompetanseoverføring mellom etablerte og nyutdanna kunstnarar, samt profesjonalisere og auke inntektsmoglegheitene for begge partar.
Tendensar og trekk i søknadsmaterialet
Av dei 41 behandla søknadane, var det ein overvekt av søkarar med base i Oslo (22), og i tillegg seks frå Vestland, fem frå Viken og to frå Nordland, to frå Troms og Finnmark, samt éin frå kvar av fylka og kategoriane Rogaland, Innlandet, utlandet, og Trøndelag. I denne runden, som i fjor, kom det ingen søknadar frå Møre og Romsdal, Agder eller Vestfold og Telemark.
Når det gjeld sjanger og uttrykk, er tala litt upresise fordi kunstnarane som søker ordninga jobbar innanfor fleire uttrykk, og det kan vere fleire tyngdepunkt i eitt kunstnarskap eller innanfor duoen (søkar-assistent).
Men det var i denne runden særleg mange som jobbar med installasjon, performance og/eller teikning, samt uvanleg mange som jobbar med tekstil. I seks søknadar var det drive med performancekunst, eit uttrykk som det har vore relativt lite av i tildelingslister tidlegare. I tre søknadar var det særleg fokus på teikning, i ni installasjonskunst, i fem film eller videoinstallasjon, i seks tekstil (derav éin klede), tre skulptur, éin oljemåleri og to keramikk, noko som er ein nedgang frå føråra, der ein har hatt overraskande mange søkarar frå keramikkfeltet.
I fjor var det til forskjell særleg mange søkarar og assistentar som jobba med kunstfilm og skulptur, uttrykk som var mindre representerte i år.
Utvalets prioriteringar og vurderingar
Utvalet valde i denne runden å legge meir vekt enn det som har vore vanleg, på kunstfaglege vurderingar, og kvalitet og aktivitet i kunstnarskapa til søkarar. Dette til forskjell frå rundar der utvala har fokusert meir på potensialet for utvikling av assistentens kunstnarskap, samt både etablert kunstnar og assitent sine respektive rolleforståingar.
Kulturrådets strategi og da særleg sensitivitet ovanfor mangfald, blei prioritert av utvalet i denne ordninga. Mangfald er midlertid eit kjenneteikn ved ordninga og søknadsbunkane gjennom åra. Sidan starten, har søknadsbunkane vist eit kulturelt og etnisk sett stort mangfald. Det er ei populær ordning for nyutdanna og utanlandske kunstnarar i Noreg, og da særleg til dei som kjem utanfrå EU og EØS.
Men utvalet la i år også vekt på eit mangfaldig val av etablerte kunstnarar: Blant kunstnarane som vart tildelt kunstnar, er den samiske nestoren Ragnar Mathisen, som var en av initiativtakerne til stiftelsen av Samisk Kunstnergruppe i 1974, den norsk-afrikanske kunstnaren Anawana Haloba Hobøl, og den norsk-sudanesiske Ahmed Umar. Mathiesen skriv i sin søknad at han blant anna vil tematisere postkolonialisme, og at dette er interesseområde som han deler med assistenten Lin Pei Han. Haloba Hobøls interessefelt tangerer òg postkolonialisme, medan Umar jobbar frå eit skeivt ståsted, med identitet, undertrykking og framandgjering.
På assistentsida er det i enda større grad eit mangfald kva gjeld etnisitet og kultur. Iranske Masha Mousayviyan, mexikanske Patricia Carolina, taiwanske Lin Pei Han, indiske Milton Mondal, senegalesisk-togolesisk-franske Damien Ajavon, og Shuk Pui YU frå Hong Kong var blant kunstnarane som no får moglegheita til å jobbe som assistentar. Også assistentar frå andre vestlege land enn Noreg, slik som kanadiske Matthew Lacosse, vil få moglegheita til å jobbe som assistent i 2024. Dette er med andre ord ei ordning som har ein stor grad av internasjonal representasjon.
Utvalet la òg i større grad enn før til grunn rapporten etter evalueringa som Høgskulen i Volda gjorde av Kunstnarassistentordninga i 2022.
Eit døme på sistnemnte vekting, er tildelinga av to assistentar (delt assistentstilling) til kollektivet Den uferdige institusjonen. Kollektivets etikk blei av utvalet forstått som systemkritisk. Dette meinte utvalet kler ei ordning som Kunstnarassistentordninga, ei ordning som er til for dei heilt ferske og unge kunstnarskapa, og som premierer forsøka på å jobbe saman på tvers av generasjonar og annan forskjelligheit. Det blei lagt vekt på at Den uferdige institusjonen søker med éin klårt definert kontaktperson, og at dei praktiske forholda rundt assistentane såleis verka å vere ivaretatt.
Utvalet la til grunn at rapporten frå evalueringa av Kunstnarassistentordninga tilrådde å la organiserte kollektiv få assistentar.
I rapporten trekk forskarane også fram føreseielegheit som eit suksesskriterium for at kunstnar-assistentforholdet skal fungere. Utvalet såg at dei kan påverke positivt i så måte, med å gi kunstnarane tid til å finne og utvikle rutiner og samarbeidsmåtar. Dette var blant grunnane til at utvalet valde å forlenge assistentforholda til fleire kunstnarduoar, slik som Hans Ragnar Mathiesen/ Lin Pei Han, Petrine Vinje/ Ingrid Kristensen Bjørnaali, Ane Mette Hol/ Anton Benois og Inger Lise Hansen/ Masha Mousayviyan.
Utvalet la i runden relativt stor vekt på geografi, og har med tildelingane dekt store delar av Noreg. Sju kunstnarar i Oslo og to i Vestland får assistentar, og det same får éin kunstnar i kvart av fylka Viken, Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark og Innlandet. Dette korrensponderer i stor grad den fylkesvise fordelinga i søknadsmassen.
Det var elles eit poeng for utvalet å sikre ein miks i høve kjønn og alder/ stadium i kunstnarskap. Tildelingslista har fleire namn på godt etablerte kunstnarar, men også yngre – men allereie profesjonelle kunstnarar.
Prosess:
-
Søknadsfrist 5. desember: 5.12.2023 kl. 13:00
-
Vedtak i fagutvalg: 7.3.2024
Søk i tabellen
Søk i tabellen
Søker | Prosjekttittel | Fylke | Vedtak | Tilskudd |
---|