Om søknadsrunden
Ordninga skal bidra til å styrke produksjon av publikasjonar som presenterar og/eller analyserar aktuelle problemstillingar innan samtidskunst og kunstteori. Støtte vert gitt til fotobøker, monografiar, kunstnarbøker/artists’ books, større utstillingskatalogar, bok- eller magasinseriar, fanziner, ulike hybridbøker. Manusutvikling til lengre tekstar om samtidskunst er ein viktig del av ordninga.
Tal frå runden
Talet på søknader: 48
Søknadssum: kr 4 760 365
Talet på tildelingar: 20
Vedtakssum: kr 1 184 000
Kunstnarar publiserer, ikkje berre for å dokumentere og kontekstualisere sitt eige virke, men og med ideen om boka som eit kunstverk i seg sjølv. Det er eit stort spenn i tematikk og omfang - frå bøker om kunst og bøker som kunst, og det er som før gjennomarbeidde og godt utvikla bokprosjekt som vart støtta.
Fleire av bøkene tek opp ulike miljøspørsmål; i Verdens navle problematiserer kunsten over samtida sine store miljøutfordringar der folks påverknad på jordas mangfald og klima vert sett i samanhengar med menneske i ein sårbar livssituasjon. Kunstnarboka/katalogen Forest Studio nærmar seg natur- og miljøspørsmål metodisk når kunstnaren Janicke Schønning brukar sjølve naturen i Sørkedalen som atelier. - Debatten om mangfald er present i fleire av bøkene som er støtta; her vert historia vert tatt opp til ny vurdering eller urfolks rettar vert sett på dagsorden. Fotoboka mmmMarbels og katalogen og utstillinga Dokumentasjon; revitalisering og dekolonisering i Sápmi er eksempel.
Det kom inn ni søknader om fotobøker og dei fungerer som ofte innlegg i samfunnsdebatten, eller tek opp historiske epokar eller hendingar sett i lys av diskusjonar i samtida. - Fotoboka vert ofte definert både som fotobok og kunstnarbok når søkjar kategoriserer sitt eige bokprosjekt. Katja Høsts Månesyk kan vere eit døme på denne sjangeroverskridinga. Fotografi, tekst, collage og arkivmateriale er samla og boka visualiserer tap, sorg, forsoning og kunstens potensiale og avgrensing i møte med store utfordringar i livet.
Fotoboka/kunstnarboka mmmMarbels går historisk til verks og Espen Gleditsch undersøkjer den kanoniserte og omstridde marmorfrisa The Elgin Marbles (160 m lang) i British Museum. Fotografia kastar lys over den kontroversielle og destruktive restaureringa utførd på 1930-talet, der dei originale fargane vart fjerna. Boka kjem ut på Heavy Books i samband med ei separatutstilling ved Kunstnerforbundet hausten 2022.
Katalogen og utstillinga Dokumentasjon; revitalisering og dekolonisering i Sápmi ved Davvi álbmogiid guovddáš /Senter for nordlige folk i Kåfjord er eit innlegg i debatten om urfolks rettar. Ola Røes fotografi dokumenterer den nye tida i samiske samfunn som starta med Alta-aksjonen i 1979. I tillegg oppsummerer Jorunn Eikjoks tekst denne sterke forteljinga.
To større bøker om keramikk merkjer seg ut i denne runden. Press forlag gir ut En keramisk reise til Tulla Eliesons retrospektive utstilling ved Østfold kunstsenter hausten 2022. Ulike skribentar og bidragsytarar nærmar seg hennar 45 årige virke som keramikar, der utviklinga gjekk frå å lage brukskeramikk til keramisk bildekunst i form av større porselensplater utført på fabrikken Norsk teknisk porselen (NTP) i Fredrikstad. - Kathrine Køster Holst har vore på eit tre års opphald ved Ringebu prestegard. Kunstnarboka jeg TENKTE ikke at eg skulle helle LEIRE på GULVET fro å lage LYD oppsummerer prosessen i form av dokumentarfoto, skissetekningar, feltnotat, intervju og samtalar med samarbeidspartnarar og publikum. Køster Holsts insisterande metodikk for å ta vare på prosessen i tilnærminga til leira er hovudnerven i boka, som vert gitt ut på TILT forlag.
Den multidisiplinære boka Verdens navle tek for ei samling av skulpturar som er eit offentleg kunstverk til Aukra omsorgssenter. Laila Konglevold og Stefan Christiansen har tatt utgangspunkt i lokal flora og fauna og dei figurative kunstverka i ulike materialar er plassert i eit glashus i senterets sansehage. Fjorten forfattarar og forskarar bidreg; her er skjønnlitteratur, sakprosa, poesi saman med kultur- og kunsthistorie lenka opp mot geologi, biologi, paleontologi, antropologi. Det litterære nivået er høgt og bidreg godt inn i denne gjennomtenkte boka som samlar ulike fagfelt.
Manusutviklingsstøtta skal stimulere til å skrive om samtidskunst i det visuelle kunstfeltet. Det var seks søknader i denne runden og to prosjekt fekk støtte. Kjetil Røed skal utvikle teksten til ei komande bok kalla Fra punktum til kolon. Her vert kunstens verdi i eit større perspektiv debattert; kordan kan kunsten hjelpe menneska i deira livsutfordringar? Vidare undersøkjer forfattaren kunstens mangfald kopla opp mot den enkelte si lukke og samfunnets ve og vel. Dei to forrige bøkene hans, Kunsten og livet og Kunsten og døden er lest av mange.
Prosess:
-
Søknadsfrist: 2.3.2022 kl. 13:00
-
Vedtak i fagutvalg: Dato ikke satt
-
Vedtak i rådsmøte: Dato ikke satt
Søk i tabellen
Søk i tabellen
Søker | Prosjekttittel | Fylke | År | Søknadssum | Vedtaksdato | Vedtak | Tilskudd | Kategori |
---|