Hopp til innhold
Vedtaksliste

Kunstfaglige publikasjoner og manusutvikling

Søk støtte

Om søknadsrunden

Ordninga skal bidra til å styrke produksjon av publikasjonar som presenterer og/eller analyserer aktuelle problemstillingar innan samtidskunst og kunstteori. Det vert gitt støtte til fotobøker, bøker om teori, monografiar, artists’ books, utstillingskatalogar, manusutvikling, bok- eller magasinseriar, fanziner, ulike hybridbøker. Manusutvikling til lengre tekstar om samtidskunst er ein viktig del av ordninga. 

Økonomisk oversikt

Kto. 2218 Kunstfaglege publikasjonar og manusutvikling
Til disposisjon: Kr 2 401 000
Tal frå søknadsrunden
Talet på søknader: 48
Søknadssum: Kr 6 238 996 
Tildelingar (vedtak): 21
Vedtakssum Kr 1 400 000

Talet på søknader til denne ordninga held seg på eit jamt høgt nivå. Fagutvalet handsama 48 søknader og 21 ulike bokprosjekt vart tildelt støtte, to av desse er manusutviklings-prosjekt.

Søknadsbunken spenner vidt og i denne runden var det fleire godt utvikla og gjennomarbeidde prosjekt som vart vurdert. Det kan hende at pandemiens verknader og  nedstenging av samfunnet kan forklare at talet på søknader om monografiar eller større bøker om teoretiske vinklingar på samtidskunsten held seg såpass høgt. - Tilbaketrekkinga til atelieret fører kanskje til større fokus, det vert tid til å gå gjennom og oppsummere kunstnarskap til bokprosjekt, sjølv om (separat)utstillingar har vore utsett eller avlyst.   

Tendensar i søknadsmaterialet

Bøkene «0» om Lene Baadsvig Ørmen og «Untitled» om Frida Orupabo, den siste utgitt og lansert i samband med ein soloutstilling ved Kunsthall Trondheim, oppsummerer kortare periodar i eit kunstnarliv. Dei lengre monografiane er gjerne førd i pennen av fleire forfattarar, og presenterer deira blikk på ulike delar av kunstnarskapet. Dei har gått gjennom det visuelle «arkivet» til kunstnaren, samla og kontekstualisert materialet, delt inn i bolkar, gått i djupna. Gode fotografi av verka saman med utprøvande design og lay out av boka er med på  å løfte fram kunstnarskapet. Her må bøkene om Inghild Karlsen og Thorbjørn Sørensen trekkjast fram.  

Vidare er bokprosjekt om meir spissa teoretiske innfallsvinklar støtta, som UKS si jubileumsbok kalla «Kvisten på grenen, grenen på treet. Unge Kunstneres Samfund 1921-2021», som oppsummerer historikken til institusjonen, samt peikar på utfordringar framover. Boka «Avantgardens subjekt» vert utgitt av Harpefoss hotell kunstarena, er skreve av Erling Moestue Bugge og undersøkjer det norske kunstmiljøet frå 1968 og til i dag,  med utgangspunkt i utstillingar og kunstverk frå perioden. Eit uval av Ina Blom sine tekstar dei siste 20 åra vert til antologien «Houses to Die in and Other Essays on Art» som vert utgitt på Sternberg Press med internasjonal distribusjon av MIT Press. 

Fire fotobøker er tilgodesett i denne runden og det var sju søkjarar. Katinka Goldberg fekk støtte til den andre boka i fotobok-triologien «Bristningar», Ola Rindal tolkar omgjevnadene i Paris og Fåvang i Gudbrandsdalen under pandemien, Tønsberg arbeiderforening vert sett under lupa av Krisitin Linnea Backe, medan Signe Marie Andersen oppsøkjer sin eigen kunst i boka «Hjemme hos kunsten».  

Utvalet valde å tilgodesjå fleire prosjekt innanfor kunsthandverk; Tina Jonsbus publikasjon «Vorma» fungerer både som dokumentasjon av eit kunstfagleg forskningsprosjekt langs elva Vorma, og er ei kunstnarbok med fysiognomiske kvalitetar. Fysiognomien kjem av koplinga mellom tematikkane og form på bok, tekst og visuelt materiale: trådar, fargar, elvelandskap, broderier. - Brita Been sin monografi kalla «Mønster overalt» dekkar eit langt kunstnarskap innan tekstil og kjem ut i samband med jubileumsutstillinga hennar ved Telemark kunstsenter i 2022. Lokal tekstiltradisjon, Nora Gulbrandsens porselen samt internasjonale påverknader dannar tekstgrunnlaget i publikasjonen og set Beens kunst inn i ein større samanheng. Spennande design av boka får godt fram det fargesprakande og presenterer på same tid breidden i produksjonen til kunstnaren.    

Manusutviklingsstøtta skal stimulere til å skrive om samtidskunst i det visuelle kunstfeltet. Det var 8 søknader i denne runden og kun 2 vart tildelt støtte; m.a. skal Kjersti Solbakken skal skrive eit lengre katalogessay til LIAF 2024. «Det kollektive hodet» vil undersøkje kordan hugset, gjennom lagring, innhenting og tolking dannar det vi oppfattar som røynda og fiksjonen i ein kollektiv identitet. 

Det var 10 kvinner og 5 menn som fekk støtte, i tillegg til 2 forlag og 4 institusjonar. Fylkesvis fordeling av tildelingane er 12 frå Oslo, 3 frå Viken, 2 frå Innlandet, 2 frå Trøndelag, 1 frå Vestland, 1 frå Vestfold og Telemark.   

Prosess:

  • Søknadsfrist: 2.6.2021 kl. 13:00

  • Vedtak i faglig utvalg for billedkunst og kunsthåndverk: Dato ikke satt

Les mer om søknadsrunden

Søk i tabellen, den oppdateres når du skriver

Søk i tabellen

Søk i tabellen

SøkerProsjekttittelFylkeÅrSøknadssumVedtaksdatoVedtakTilskuddKategorihidden
Alf Van Der Hagen Bjørn Ransve. Uskrevne memoarer (arbeidstittel) Oslo 90000 Avslått 0 Manusutvikling Andreas Ribe-Nyhus Vann og brød - en soningsbiografi Oslo 600000 Avslått 0 Fotobok ANNE-BRITT RAGE Tigerworm Aquaponics Project og Society Viken 63840 Avslått 0 Kunstnerbok Anne-Marit Muri Det gåtefulle lyset - Svalbard sett gjennom Kåre Tveters blikk Oslo 200000 Avslått 0 Manusutvikling ARCTIC MEDIA HOUSE AS Galleri Narvik - Mellom fjord og fjell Nordland 100000 Avslått 0 Fotobok/reiseguide Bjarte Gismarvik Black Swan Uncharted Utlandet 103550 Avslått 0 Kunstnerbok Charlotte Thiis-Evensen Slutten Oslo 100000 Avslått 0 Kunstnerbok FRAGMENT AS What we made by the sea Oslo 61250 Avslått 0 Manusutvikling Hanne Frey Husø Dvale Viken 7000 Avslått 0 Kunsterbok Ida Marie Tenvik-Bringedal Are we human? Oslo 330300 Avslått 0 Jubileumskatalog INCORPORATED & UNLIMITED/ SISSEL M BERGH Rot og himmelhud Trøndelag 150000 Avslått 0 Kunstnerbok Ingrunn Oddny Myrland FUGE, kunst i Innlandet Innlandet 100000 Avslått 0 Kunstmagasin J.SÆRNBLOM "Kjære Buck Angel" Oslo 120000 Avslått 0 Manusutvikling Jessica Ji Williams-Holmberg The data center reimagined as mycelium Viken 50000 Avslått 0 Fanzine KAT ART (KATIE HAGEN) Simply Kat Vestfold og Telemark 45500 Avslått 0 Kunstnerbok KAVIARFACTORY DRIFT AS Ai Weiwei at KaviarFactory Nordland 200000 Avslått 0 Utstillingskatalog KRISTIANSENS ANTIKVARIAT SA En annen grammatikk for Oslo Oslo 80000 Avslått 0 Kunstnerbok KULTURBYRÅET MESÈN AS Sted, identitet og kommunesammenslåing. Kunstens rolle i Kristiansand 2020 (arbeidstittel) Oslo 93700 Avslått 0 Bok om kunst og stedsutvikling LARS ELTON «Through possible landscapes» Oslo 80000 Avslått 0 Manusutvikling MOIMOI Ingvar Moi Når trærne blir mine Viken 80000 Avslått 0 Kunsterbok NORDIC ART INSTITUTE TVEITO Fire oversatte bøker Oslo 300000 Avslått 0 Oversettelse/nyutgivelse OPPLAND KUNSTSENTER B*starden (arbeidstittel) Innlandet 250000 Avslått 0 Kunstbokmesse som bok Runhild Hundeide La durée Oslo 40000 Avslått 0 Kunsterbok Selene Cecilie Wendt Monumental Acts of Resistance Oslo 90000 Avslått 0 Manusutvikling SKALD AS Bodil Friele - fra maleri til installasjoner Vestland 80000 Avslått 0 Monografi TOR CHRISTIAN MELING Brenden III; A House for Me and My Animals; Spirits; I Lyset fra Tingenes Skygge Oslo 340000 Avslått 0 Fire kunstnerbøker Trine Rebekka Sæter becoming-Feral  Oslo 36000 Avslått 0 Bokserie Assne-Anastasia Katinka Goldberg Bristningar Viken 70000 Bevilget 50000 Fotobok BERGENSTRIENNALEN AS Side Magazine Vestland 300000 Bevilget 70000 Tidsskriftserie BILLEDKUNSTNER LENE BAADSVIG ØRMEN "0" Oslo 45000 Bevilget 45000 Monografi ETHAN RAFAL The Evening Pink Oslo 70000 Bevilget 50000 Fotobok/kunstnerbok FRIDA ORUPABO Untitled Oslo 75000 Bevilget 75000 Monografi HARPEFOSS HOTELL KUNSTARENA Avantgardens subjekt Innlandet 70000 Bevilget 70000 Analytisk bok Ina Blom Houses to Die In and Other Essays on Art Oslo 360856 Bevilget 100000 Antologi INGHILD KARLSEN SECTION 10 Inghild Karlsen monografi Oslo 150000 Bevilget 120000 Monografi Kjersti Solbakken Det kollektive hodet Oslo 90000 Bevilget 90000 Manusutvikling Kristin Linnea Backe Tønsbergs Arbeiderforening Oslo 50000 Bevilget 30000 Fotobok KUNSTHALL TRONDHEIM AS Sex Ecologies Trøndelag 95000 Bevilget 70000 Hybridbok om queer-økologi Nina Mauno Schjønsby Forloren Skildpadde. En egen mikrooffentlighet Viken 90000 Bevilget 60000 Manusutvikling Ola Rindal “The Cloud the Bird and the Puddel” Innlandet 65000 Bevilget 50000 Fotobok PER KRISTIAN NYGÅRD BILLEDKUNSTNER Skisser, Per Kristian Nygård Trøndelag 90000 Bevilget 50000 Skissebok Signe Marie Andersen Hjemme hos kunsten Oslo 166000 Bevilget 50000 Fotobok Stein Rønning Dis-tribusjon  Stein Rønning Oslo 30000 Bevilget 30000 Kunstnerbok Steinar Laumann Jeg går en tur med kua Viken 70000 Bevilget 40000 Kunstnerbok/reiseperformance TEKNISK INDUSTRI AS Thorbjørn Sørensen: To paint is to begin again Oslo 150000 Bevilget 120000 Monografi TELEMARK KUNSTSENTER Mønster overalt Vestfold og Telemark 150000 Bevilget 100000 Monografi TINA JONSBU Vorma Oslo 111000 Bevilget 80000 Kunstnerbok UNGE KUNSTNERES SAMFUND Kvisten på grenen, grenen på treet. Unge Kunstneres Samfund 1921–2021 Oslo 150000 Bevilget 50000 Institusjonshistorie