Hopp til innhold
Vedtaksliste

Kunstfaglige publikasjoner og manusutvikling

Søk støtte

Om søknadsrunden

Ordninga skal bidra til å styrke produksjon av publikasjonar som presenterer og/eller analyserer aktuelle problemstillingar innan samtidskunst og kunstteori. Det vert gitt støtte til fotobøker, bøker om teori, monografiar, artists’ books, utstillingskatalogar, manusutvikling, bok- eller magasinseriar, fanziner. 

Økonomisk oversikt

Kto. 2218 Kunstfaglege publikasjonar og manusutvikling
Til disposisjon: Kr 3 915 000


Tal frå søknadsrunden

Talet på søknader: 48
Søknadssum: Kr 4 825 366
Tildelingar (vedtak): 22
Vedtakssum Kr 1 180 000

Talet på søknader til denne ordninga aukar og det er fleire godt utvikla og gjennomarbeidde prosjekt som vert vurdert. Fagutvalet handsama 48 søknader og 22 ulike bøker vart tildelt støtte, der og tre nyetablerte kunstnarar vart tilgodesett. 

Mange av prosjekta er tenkt ut i ei tid der grenser i periodar har vore stengde, og der reise, iallfall med kollektivtransport, har, i periodar og i visse område, vore fråråda. Om dette ligg bak den stadbundne profilen til søknadar i bunken kan ein berre spekulere i. Men det er uansett interessant å sjå korleis såpass konkrete og lokale prosjekt klarar å bli ganske allmenngyldige. Ein ser i beste fall fleire «glokale» prosjekt i tida av nedstenging og pandemi. 

Tendensar i søknadsmaterialet

Fleire vil samle og kontekstualisere kunstnarskap. Lengre tekstar kastar lys over t.d. Borgny Svalastogs kyrkje- og tekstilkunst og hennar særlege utforsking av fargen sett i lys av lyd og tonar i boka «Alt kjøtt er som gress». Astrid Mørlands monografi «Wearing Apparel» (utgitt på italienske Skira Publishing) nærmar seg ein langt kunstnarliv i form av dikt, ein tekst med psykoanalytisk perspektiv, samt kunsthistoriske inngangar som tek for seg kunstuttrykk som måleri, teikning og skulptur. Pr. dato har kunstnaren ei stor retrospektiv utstilling ved Haugar kunstmuseum.  Museumsforlaget i Trøndelag gir ut ei større bok kalla «Sverre Morken- fra mikro til makro», om seddel- og frimerkekunst. Kulturrådet tildelte i si tid manusutviklingstøtte til forfattaren Inger Lise Liabakken som går grundig inn i Morkens (f. 1945) viktige og prislønna arbeid som gravyrkunstnar. 

Talet på fotobøker i søknadsbunken held seg på eit jamt høgt nivå, og av dei fem som vart støtta, må ein trekkje fram prosjekt som tek for seg unike norske forteljingar. Adrian Bugges «Y-bygget som forsvant» tematiserer rivinga av Y-blokka i Regjeringskvartalet i Oslo, medan fotoboka om tømmerfløting på Glomma, med fotografi av Hans Hamid Rasmussen og tekst av Per Pettersson er den første i serien «Verdenskunst – hverdagskunst», som er eit samarbeid mellom Guttormsgaards arkiv og Torpedo Press. 

Victor Boullet gir ut to større katalogar/kunstnarbøker kalla «Painting Liverpool 2014 - 2021» på Antenne Books i London. Stian Gabrielsen er redaktør og bøkene visualiserer endringar i Boullets kunstnarskap, der han og tek eit oppgjer med samtidskunstsfærens komplekse sosiale nettverk og ulike kunstomgrep. No vil han diskutere og presentere kunstverka sine for eit heilt anna sosialt miljø og publikum; arbeidarklassen i Liverpool.   

Det er i runden fleire større analytiske kunstfaglege sakprosaprosjekt. Susanne Martha Winterling og Synne Tollerud Bull er blant søkarar som driv prosjekt som står på skuldrane til forsking, med «Pandora’s Box 1» og «Urban Ecologies: City Sensing Beyond the Human» av sistnemnde. Begge blir antologiar. 

Det er ganske god kjønnsbalanse på søknadene; der var 10 kvinner og 12 menn som fekk støtte. Den geografiske fordelinga til dei som vart tilgodesett er 9 frå Oslo, 3 frå Trøndelag, 2 frå Troms og Finnmark, 2 frå Vestland,  2 frå utlandet, 1 frå Agder, 1 frå Rogaland og 1 frå Nordland. 

Prosess:

  • Søknadsfrist: 2.12.2020 kl. 13:00

  • Vedtak i faglig utvalg for billedkunst og kunsthåndverk: Dato ikke satt

  • Vedtak i rådsmøte: Dato ikke satt

Les mer om søknadsrunden

Søk i tabellen, den oppdateres når du skriver

Søk i tabellen

Søk i tabellen

SøkerProsjekttittelKategoriFylkeÅrSøknadssumVedtaksdatoVedtakTilskuddhidden
ANNE TVEIT KNUTSEN Am I too loud? Kunstnerbok Vestland 2020 40000 25.2.2021 Avslått 0 Alf Van Der Hagen Bjørn Ransve. Uskrevne memoarer Manusutvikling Oslo 2021 90000 25.2.2021 Avslått 0 CARLOS ALBERTO CORREIA Book Kunstnerbok Trøndelag 2020 40000 25.2.2021 Avslått 0 Trine Stephensen Chapter One Fotobok-serie Viken 2020 75000 25.2.2021 Avslått 0 Trine Stephensen Chapter One Fotobok-serie Viken 2021 150000 25.2.2021 Avslått 0 Trine Stephensen Chapter One Fotobok-serie Viken 2022 75000 25.2.2021 Avslått 0 Rita Helmi Toivosdatter Laakso Den lille Prinsen, nissedammen julenen og samiske julemyter Manusutvikling Innlandet 2020 25000 25.2.2021 Avslått 0 Rita Helmi Toivosdatter Laakso Den lille Prinsen, nissedammen julenen og samiske julemyter Manusutvikling Innlandet 2021 125000 25.2.2021 Avslått 0 Marie-Louise Jacobs DEODORANT Kunstnerbok Oslo 2021 20000 25.2.2021 Avslått 0 Oscar Debs Digital vampires in mirror(less) cameras [tentative title] Manusutvikling Trøndelag 2021 40000 25.2.2021 Avslått 0 Brita Skybak En dag alle bærer på et dyr Kunstnerbok/poesi Viken 2021 80000 25.2.2021 Avslått 0 STIFTELSEN KUNSTHALL GRENLAND Greenlightdistrict Programkatalog 2021 Katalog Vestfold og Telemark 2021 70000 25.2.2021 Avslått 0 Hilde Hovland Honerud It is a light which objectifies everything and confirms nothing Fotobok Viken 2021 134750 25.2.2021 Avslått 0 Peter Dean Jeg har mindre til felles med dette landskapet Fotobok Viken 2021 50000 23.2.2021 Avslått 0 Målfrid Irene Hagen Kunst og offentlighet Manusutvikling Viken 2020 20000 25.2.2021 Avslått 0 Målfrid Irene Hagen Kunst og offentlighet Manusutvikling Viken 2021 200000 25.2.2021 Avslått 0 Målfrid Irene Hagen Kunst og offentlighet Manusutvikling Viken 2022 20000 25.2.2021 Avslått 0 Raketa LAB (SKALA 1:1) Manusutvikling Utlandet 2020 90000 25.2.2021 Avslått 0 INCORPORATED & UNLIMITED/ SISSEL M BERGH Maadth HovreHovde Leevege Kunsterbok Trøndelag 2021 75000 23.2.2021 Avslått 0 GRY RINGSET Moduler og konstruksjoner, Inge Pedersens keramiske kunst. Monografi Oslo 2021 100000 25.2.2021 Avslått 0 AGGREGAT KUNSTNERFELLESSKAP Mottaket Fanzine Fanzine Møre og Romsdal 2020 120000 25.2.2021 Avslått 0 Runi Langum Peer Gynt en visuell iscenesettelse i bokform Katalog/kunstnerbok Viken 2021 200000 23.2.2021 Avslått 0 Alf Van Der Hagen QSPA 10. H.M. Dronning Sonjas kunstnerstipend 10 år Manusutvikling Oslo 2021 60000 23.2.2021 Avslått 0 KRISTIANSENS ANTIKVARIAT SA Semiotics of Food Kunstnerbok Oslo 2021 80000 25.2.2021 Avslått 0 GENTIAN RHOSA MEIKLEHAM shadow Manusutvikling Vestland 2020 111000 25.2.2021 Avslått 0 Herman Breda Enkerud Still Not Getting It Kunstnerbok Oslo 2021 20000 23.2.2021 Avslått 0 Sofie Amalie Klougart The Calling - Sites for Myths Fotobok Oslo 2020 75000 25.2.2021 Avslått 0 Lars Elton Through possible landscapes Manusutvikling Oslo 2021 90000 25.2.2021 Avslått 0 Andre Steenbuch Marandon Utforskning – barnehagens signaturpedagogikk Manusutvikling Vestland 2021 60000 23.2.2021 Avslått 0 Andre Steenbuch Marandon Utforskning – barnehagens signaturpedagogikk Manusutvikling Vestland 2022 30000 23.2.2021 Avslått 0 STIFTELSEN GRUNERLØKKA LUFTHAVN Utstillinger i eksil Katalog Oslo 2020 180000 25.2.2021 Avslått 0 CECILIE TYRI HOLT Zoya Taylor Antologi Oslo 2021 50000 25.2.2021 Avslått 0 Victor Andreas Uglum Boullet “Painting. Liverpool. 2014 - 2021. Vol 1 - Vol 2” Katalog/kunstnerbøker Utlandet 2021 172000 25.2.2021 Bevilget 80000 Per Bjarne Boym Alt kjøtt er som gress. Borgny Svalastog Verk 1983-2020 Monografi Trøndelag 2021 190100 25.2.2021 Bevilget 90000 Anngjerd Rustand Appelsin, Strasbourg, Bølget blikk, Til endes Serie av kunstnerbøker Vestland 2021 60000 25.2.2021 Bevilget 30000 KUNSTBOKHANDELEN AS Bilder fra tømmerfløting på Glomma, 1985 * 2021 Fotobok Oslo 2021 100000 23.2.2021 Bevilget 60000 Halvor Rønning Death of Closeness Kunstnerbok Oslo 2021 100000 25.2.2021 Bevilget 40000 GEIR EGIL BERGJORD Gilka QTLY #7 og Gilka QTLY #8 Fotomagasin-serie Rogaland 2021 80000 25.2.2021 Bevilget 50000 STANDARD (BOOKS) AS Greetings from the Whereabouts Kunstnerbok Oslo 2021 60000 25.2.2021 Bevilget 50000 Anne Lindgaard Møller Hvis vinter var et sted - If winter Kunstnerbok Troms og Finnmark 2021 31922 25.2.2021 Bevilget 30000 CHRISTIANSSANDS KUNSTFORENING Ingen kjenner ingen, Vitnemål fra kommunen Katalog Agder 2021 160000 23.2.2021 Bevilget 30000 Mihaly Laszlo Stefanovicz Irafas Fotobok Troms og Finnmark 2021 43100 23.2.2021 Bevilget 40000 Nils Elvebakk Skalegård Just A Restless Feeling 2013 -2020 Kunstnerbok Utlandet 2021 30000 25.2.2021 Bevilget 30000 BILLEDKUNSTNER MARTHE ELISE STRAMRUD Keramisk Faktaopplysning Katalog/større bok Oslo 2021 100000 25.2.2021 Bevilget 50000 Line Bøhmer Løkken Mjukbrød Hardbrød Kunstnerbok Oslo 2020 60000 25.2.2021 Bevilget 40000 Aleksi Mannila-Wildhagen Ole Martin Lund Bø - produkter og følelser Manusutvikling Oslo 2021 90000 25.2.2021 Bevilget 60000 Susanne Martha Stefanie Winterling Pandora´s Box 1 Antologi Trøndelag 2021 149494 25.2.2021 Bevilget 70000 Ivar Orvedal ReWind (arbeidstittel) Manusutvikling Vestland 2021 70000 25.2.2021 Bevilget 50000 Rina Charlott Lindgren Rina Charlott Lindgren - Utvalgte arbeider 2013-2021 Kunsterbok Nordland 2021 78000 25.2.2021 Bevilget 60000 STANDARD (BOOKS) AS Scolded by the Sea Katalog Oslo 2021 70000 25.2.2021 Bevilget 30000 MUSEUMSFORLAGET AS Sverre Morken – fra mikro til makro Bok om frimerke- og seddelkunst Trøndelag 2021 195000 25.2.2021 Bevilget 90000 Synne Tollerud Bull Urban Ecologies: City Sensing Beyond the Human Manusutvikling Oslo 2021 90000 25.2.2021 Bevilget 60000 Astrid Mørland Wearing Apparel Monografi Agder 2021 200000 25.2.2021 Bevilget 90000 Adrian Bugge Y - Bygget som forsvant" Fotobok Oslo 2021 100000 25.2.2021 Bevilget 50000