Søk støtte
Viktig melding:
Innkjøpsordninga for omsett litteratur har fått nye retningsliner frå og med fyrste søknasrunde 2024, men det er ikkje snakk om svært store endringar. Alle søkjarar må lese igjennom dokumentet, og lenka finns under «Styringsdokument» nedst på sida. Dei justerte retningslinene gir blant anna eit tydeleg signal om at ei prøveomsetjing bør leggjast ved søknaden. Det er også ei innskjerping med omsyn til at innkjøpte verk skal gjevast ut seinast to år etter vedtaksdato.
Søknadsfrist
des
03
2024
Kl. 13:00
Føremål
Føremålet med innkjøpsordninga for omsett litteratur er at det blir omsett, gjeve ut, spreidd og lese litteratur av høg kvalitet omsett til norsk frå flest moglege språk. Innkjøpsordninga garanterer forlaga eit sal på 542 eksemplar av dei innkjøpte omsetjingane (502 p-bøker og 40 e-bøker). Ordninga er selektiv, det vil seie at det er budsjettet som avgjer kor mange omsette bøker som kan kjøpast inn årleg. Dei innkjøpte bøkene blir distribuerte til alle folkebiblioteka i landet.
Kulturrådet betaler ein ekstra bonus til omsetjarane av dei bøkene som blir kjøpte inn.
Åpne alleForvaltning av ordninga
Kulturrådet forvaltar ordninga og midlane kjem frå Kulturfondet. Kulturdirektoratet er sekretariat.
Kven kan søkje og kva kan kjøpast inn?
Norske forlag og utgjevarar kan søkje om innkjøp av utgjevingar meint for ålmenta som originalt har kome ut på eit anna språk, men som skal omsetjast frå originalspråket og gjevast ut på norsk. Unntaksvis kan omsetjingar via eit tredjespråk kome inn under ordninga. Omsetjngar frå samisk og nasjonale minoritetsspråk til norsk kjem inn under innkjøpsordningane for ny norsk litteratur.
Ordninga omfattar både skjønnlitteratur og sakprosa, inkludert teikneseriar, for vaksne og for barn og unge. Gjendiktingar av lyrikk kjem inn under innkjøpsordningane for ny norsk skjønnlitteratur.
Forlaga skal søkje om innkjøp etter at det er inngått kontrakt med omsetjar og originalutgjevar/forfattar. Omsetjinga kan ikkje vere utgjeven ved søknadsfristens utløp. Det kan søkjast om innkjøp av nye omsetjingar av verk som tidlegare er omsette til norsk. Dersom verket kjem ut som papirbok og e-bok, skal søknaden gjelde for innkjøp i begge format.
Det kan ikkje søkjast om innkjøp av bokprosjekt som tidlegare har fått avslag.
Søknadsskjema
Ein søknad skal bestå av søknadskjema der søkjaren gir ein eigen presentasjon av forfattar, verk og omsetjar, og kor det framgår kvifor denne utgjevinga bør kome ut på norsk. Signert kontrakt med omsetjar og dokumentasjon på at forlaget har inngått kontrakt om utgjeving av verket på norsk skal leggjast ved. Som hovudregel skal ei prøveomsetjing også leggjast ved. Dersom prøveomsetjing ikkje er med, bør det grunngjevast i søknadsteksten. Omfanget av prøveomsetjinga skal vere mellom 5 og 20 sider.
Les utlysningsteksten og retningsliner for Innkjøpsordninga for omsett litteratur nøye før du byrjar å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet. Pass også på å lese alle hjelpetekstane. Desse finn du i søknadsskjemaet, merka med «?».
Har du problem med å registrere deg, logge deg på, velje skjema eller sende vedlegg?
Tilrådde nettlesarar
For at skjemaet skal vere mest mogleg brukarvenleg tilrår vi følgjande nettlesarar: MAC = Safari. Windows = Chrome.
Søknadsfristen er endeleg, og søknader som kjem inn etter fristen vil bli avviste, eventuelt handsama på neste runde innafor same kalenderår dersom søknaden elles innfrir krava i retningslinene.
Det er ein søknadsfrist i byrjinga av juni og ein i byrjinga av desember.
Vurdering av søknaden
Vurderingsutvalet for omsett litteratur vurderer søknadene.
Med utgangspunkt i eit fagleg og kunstnarisk skjønn, vil vurderingsutvalet særleg kunne leggje følgande punkt til grunn når dei vurderer søknadene:
• Grunngjevinga til søkjaren om kvifor verket skal kome ut på norsk
• Kva for eit språk verket blir omsett frå og kva for eit land det opprinneleg kom ut i
• Forfattarens tidlegare utgjevingar
• Omsetjarens tidlegare arbeid
• Korleis originalverket eller andre omsetjingar av originalverket har blitt teke imot
• Prøveomsetjinga
• Om verket tidlegare har vore omsett til norsk
• Om omsetjinga bidreg til auka breidde i litteratur gjeven ut på norsk
• Om utgjevinga treff målgruppa dersom boka er for barn og unge
Søknadene som fell utanfor dei formelle krava i retningslinene blir avviste.
Ved avslag blir det ikkje gitt anna grunngjeving enn at boka ikkje er priotert innanfor budsjettramma.
Slik behandles søknaden
Sjå korleis søknadene blir handsama.
Rutinar etter innkjøp
Når ein søknad er handsama av vurderingsutvalet, vil forlaget få melding om boka blir kjøpt inn eller ikkje. Dersom ho blir kjøpt inn, skal boka så raskt som mogleg, og seinast to år etter mottak av vedtaksbrev, bli levert til Kulturrådets sekretariat i Kulturdirektoratet. Eit standard innkjøp vil seie at Kulturrådet kjøper inn 502 trykte bøker og 40 e-boklisensar. Søknad om innkjøp av e-bøker må markerast særskild av forlaget på søknadsskjemaet.
Levering av trykte bøker
502 trykte eksemplar av tittelen skal leverast til Biblioteksentralen, som syter for å sende bøkene ut til norske folkebibliotek.
Leveringsadressa er:
Biblioteksentralen
OrbitArena
Industriveien 18
2069 Jessheim
Kulturrådets sekretariat skal ha tilsendt eitt rapporteringseksemplar av boka.
Leveringsadressa er:
Innkjøpsordninga for omsett litteratur
Kulturdirektoratet
Postboks 4808 Nydalen
0422 Oslo
Dei fem medlemane i vurderingsutvalet for omsett litteratur skal ha tilsendt kvart sitt eksemplar av boka.
Namn og adresser ligg på følgjande side Vurderingsutvalet for omsett litteratur
Levering av e-bøker
Sjå Biblioteksentralens nettsider der det er nærare forklart korleis e-bøker skal leverast.
Dersom tittelen også er kjøpt inn som e-bok, blir boka tilgjengeleggjort for folkebiblioteka i totalt 40 lisensar. Lisensane blir fordelte på fylkesnivå.
Betaling
I henhold til økonomireglementet i staten utbetaler ikke Kulturrådet fakturaer til virksomheter som har forfalte tilbakebetalingskrav. Forlaget skal sende faktura vedlagd utfylt skjema for omsetjarhonorar til Kulturrådets sekretariat i Kulturdirektoratet for kvar innkjøpte tittel. Bøker (både trykte bøker og e-bøker) må vere leverte hos Biblioteksentralen før forlaget sender faktura, og forfallsdato skal vere 30 dagar.
Faktura må sendast elektronisk i EHF-format. Elektronisk fakturaadresse er Norsk kulturfonds organisasjonsnummer 891 991 762. Elektronisk faktura er ikkje pdf-fil i epost eller link til fakturahotell. For meir informasjon om EHF-faktura, sjå Send faktura til en kunde av DFØ | DFØ (dfo.no).
Fakturaen må innehalde følgjande informasjon:
- IO-nummer
- Kva for ein innkjøpsordning boka er kjøpt inn under
- Namn på forlag, forfattar, omsetjar og tittel
- Målgruppe (vaksne eller barn og unge)
- Målform (bokmål eller nynorsk)
- ISBN-nummer for trykt bok
- Evt. ISBN-nummer for e-bok
- Beløp for innkjøp av trykt bok, evt. innkjøp av e-bok og omsetjarhonorar
- Skjema for omsetjarhonorar skal leggjast ved
Kulturrådet har standardsatsar for innkjøp, og fakturaen skal innehalde inntil tre spesifiserte postar:
1. Innkjøp av 502 trykte eksemplar
Alle titlar blir kjøpt inn i 502 eksemplar, og betalinga frå Kulturrådet baserer seg på kva målgruppe boka vender seg til og kva for målform ho er skriven på. Utgangspunktet for betalinga er kostnadene til omsetjing. I brevet forlaget får frå Kulturrådet om at ei bok er kjøpt inn, står det kva for beløp forlaget skal faktuere. Dersom det har vore endringar i kostnadene til omsetjing, skal forlaget justere beløpet i fakturaen. Forlaget kan ikkje fakturere med eit høgare beløp enn maksimumsbeløpet.
Dei ulike beløpa kjem fram i følgjande tabell og gjeld innkjøp frå og med første innkjøpsrunde i 2024:
Målgruppe | Målform | Minimumsbeløp | Maksimumsbeløp |
---|---|---|---|
Vaksne | Bokmål | 85 000 | 163 000 |
Vaksne | Nynorsk | 87 000 | 165 000 |
Barn og unge | Bokmål | 64 000 | 136 000 |
Barn og unge | Nynorsk | 66 000 | 138 000 |
For titlar som er innkjøpte i 2021–2023 skal denne tabellen brukast
Dersom forlaget har søkt om innkjøp av e-bok, vil Kulturrådet også kjøpe boka inn i dette formatet. For 40 e-boklisensar betaler Kulturrådet 8 000 kroner.
3. Tilleggshonorar til omsetjar
Omsetjaren skal via forlaget få utbetalt eit tilleggshonorar – ein honorarbonus – frå Kulturrådet på 27 % av avtalt og utbetalt honorar frå forlaget til omsetjaren. Forlaget skal fylle ut skjema for omsetjarhonorar som dokumentasjon, og dette skal følgje som vedlegg til fakturaen. Skjemaet ligg her: (skjema i word, skjema i pdf) Tilleggshonoraret til omsetjaren skal utbetalast frå utgjevar til omsetjar straks det er motteke frå Kulturrådet.