Hopp til innhold

Søk støtte

Innkjøpsordning for

Innkjøpsordning - ny norsk skjønn­litteratur for barn og unge (Avslutta)

Se vedtakslister

Tidligere utlysningstekst

Føremål

Under innkjøpsordninga for skjønnlitteratur for barn og unge kjøper Norsk kulturråd inn nye bøker innanfor sjangrane roman, novelle, bildebøker, lyrikk og dramatikk i bokform for å gje dei vidare til norske folkebibliotek og til nokre undervisningsstader, sjømannskyrkjer og bibliotek i utlandet. Desse bøkene kjem i tillegg til dei titlane biblioteka sjølve kjøper inn over eigne budsjett.

Sikre utgiving
Innkjøpsordninga garanterer forlaga eit minstesal på 1550 eksemplar av bøker for barn og unge. Med ein slik salsgaranti kan førsteopplaga bli større, og forlaga kan gi ut litteratur som det elles ikkje hadde vore så lett å publisere med tanke på salet på den kommersielle marknaden åleine.

Sikre tilgang til bøkene
Dei innkjøpte bøkene sendast til folke- og skulebiblioteka og til nokre mottakarar i utlandet. Publikum kan slik gjere seg kjent med heile årgangar av samtidslitteraturen.

Sikre forfattarane betre inntekter
Norsk kulturråd betaler ein del av royaltyen til forfattarane, slik at han aukar frå prosentsatsen i normalkontrakten til 22,5 %. Slik hjelper ordninga til å betre dei økonomiske kåra for forfattarane.

Kva kan kjøpast inn?

Ordninga gjeld ny norsk skjønnlitteratur for barn og unge, og er regulert av retningslinjer (avtalen) som søkarane må setje seg inn i. I kortform gjeld følgjande vilkår for at ei bok skal kunne bli kjøpt inn:

Ny litteratur:

  • Bøker utgitte av nolevande forfattarar. Det kan berre bli søkt om innkjøp av ei bok pr forfattar pr ordning pr år. Faste unntak frå regelen er dersom bok nr to er eit skodespel som skal setjast opp, eller ei tilrettelagd eller lettlest bok som er støtta av foreininga Leser søker bok. Posthum-regelen seier at bøker av forfattarar som har døydd i løpet av dei to siste åra òg kan meldast på.
  • Omarbeidingar av tidlegare utgitte bøker når dei står fram som i hovudsak nye verk.
  • Nyillustrerte bildebøker med tekst som tidlegare har vore utgitt eller er gjendikta/omsett.
  • Dikt og noveller som alt har vore trykte i bøker, kan ikkje kjøpast inn i antologiar. 

Norsk litteratur:

  • Bøker utgitte på bokmål, nynorsk og dialekt.
  • Utgivingar av samisk litteratur og bøker skrivne på eit anna språk enn norsk av forfattarar som bur i Noreg. Bøkene kan vere omsette til norsk så lenge originalutgåva kjem ut i Noreg.
  • Tospråklege utgivingar på norsk og eit anna språk.

Skjønnlitteratur:

  • Romanar, noveller, forteljingar, dikt, dramatikk i bokform (hørespel, skodespel og filmmanus)
  • Gjendiktingar av utanlandsk lyrikk og skodespel i bunde form.
  • Tekstlause bildebøker.
  • Bøker som Nasjonalbiblioteket klassifiserer som av "blandet innhold", med dikterisk preg. 

Kven kan søkje

Norske forlag kan søkje om innkjøp same år som ei bok blir gjeven ut.

Det er ulike sakshandsamingsprosedyrar for organiserte og uorganiserte forlag. Organiserte forlag er forlag som er medlemer av anten Den norske Forleggerforening eller Norsk Forleggersamband. Uorganiserte forlag er alle forlag som ikkje er medlemer av ei av dei to foreningane. Sjølve vurderinga er lik for bøker frå båe kategoriar forlag.

Vurdering av søknaden

Det er oppnemnd eit vurderingsutval for barne- og ungdomslitteratur som les alle dei påmelde bøkene, med unntak for dramatikk i bokform, som har eit eige vurderingsutval: vurderingsutvalet for dramatikk i bokform. Vurderingsutvalet har tre medlemer som er oppnemnde av Norsk kulturråd etter framlegg frå avtalepartane for ordninga. Vurderingsutvalet for dramatikk har jamvel eitt medlem som trer inn dersom påmeldinga gjeld eit filmmanus. Medlemene har ein funksjonsperiode på to år med mogleg gjenoppnemning, maksimum seks år.

Det aktuelle vurderingsutvalet les bøkene etter kvart som dei mottar dei, og har møter med jamne mellomrom. Utvala skal etter beste skjønn vurdere om ei bok høyrer heime under ordninga (jmf. retningslinene for ordninga) når det gjeld litterær kvalitet og sjanger. Utvalet skal ikkje ta stilling til tendens eller bodskap i bøkene.

Behandlingstida frå levert bok til vedtak er fatta, ligg normalt på tre-fire månader. Vurderingsutvalet er vedtaksmyndig.

Ei bok blir anten godkjend eller underkjend. Ved godkjenning får dei organiserte forlaga ikkje melding – dette er det såkalla automatiske prinsippet.

Uorganiserte forlag får melding både ved innkjøp (om leveringsmåtar) og avslag straks etter at vedtaket er fatta. Ei bok kan få avslag anten fordi ho ikkje har den naudsynte litterære kvaliteten til å kome inn under ordninga, eller fordi ho sjangermessig ikkje høyrer heime under ordninga. Dersom ei bok blir innkjøpt, må forlaget levere bøker til biblioteka så snart råd er.

Tilrettelagd litteratur for særskilte målgrupper vil bli behandla av Fagleg utval for litteratur, og kan ikkje ankast. Lettlest litteratur blir behandla som andre bøker under ordninga.

Eventuell behandling i Ankenemnda

Vedtak i fyrste instans kan bli anka til Ankenemnda for barne- og ungdomslitteratur eller Ankenemnda for dramatikk i bokform. Vedtak i ei av ankenemndene er endeleg.

Ankenemnda for barne- og ungdomslitteratur består av fem medlemer, og behandlar ankar innanfor prosa, lyrikk og bildebøker. Ankenemnda for dramatikk i bokform består av tre medlemer som behandlar ankar som gjeld dramatikk i bokform. Behandlingstida frå vedtak i vurderingsutvalet til behandling i ei av ankenemndene vil normalt vere opp mot tre månader.

For behandling i ankenemnda skal forlaget sende inn fem/tre titlar (avhengig av sjanger) til fagadministrasjonen i Kulturrådet, som distribuerer bøkene vidare til nemndene.  Alle forlag vil få melding når ankenemnda har fatta vedtak.

Dersom ei bok frå eit organisert forlag ikke blir godkjend skal forlaget innan 30 dager frå det blir gjort kjent med det endelige vedtaket, betale tilbake heile kjøpesummen (jf § 13), samt 75 % av utbetalt royaltyrefusjonen. Forlaget skal likevel gje forfattaren royalty som om boka er innkjøpt. Kontonummer for tilbakebetaling er 4714 10 00329.

Dersom ei bok frå eit uorganisert forlag blir kjøpt inn, må forlaget levere bøker til biblioteka så snart råd er og sende inn fakturaer til Kulturrådet. Kulturrådet vil betale attende gebyret på kr 6000.

Ankenemnda er vedtaksmyndig, og forlaga kan ikkje klage på det kunstnarlege skjønnet som ankenemndene legg til grunn for vedtaket, berre på feil i saksbehandlinga. Om anken ikkje blir tatt til følgje, det vil seie eit endeleg avslag, vil forlaget få ei kortfatta grunngjeving for avslaget.

Rutiner etter innkjøp

MERK: Ny leveringsadresse for papirbøker som skal distribuerast til biblioteka:

Biblioteksentralen v/Orbit Arena
Prestmosvegen 6
2030 Nannestad 

Økonomiske rutinar  

Organiserte forlag kan sende inn økonomiske krav samstundes med at bøkene blir leverte og før dei har fått melding om ei bok er innkjøpt eller ikkje. Unntak gjeld for bøker der forlaget er i tvil om kva sjanger boka høyrer til, tilrettelagd litteratur, nyillustrerte klassikarar og tekstlause bildebøker. Uorganiserte forlag skal sende inn økonomiske krav etter at vedtak er fatta.

Dersom ei bok frå eit organisert forlag ikke blir godkjend, skal forlaget innan 30 dagar frå det blir gjort kjent med det endelige vedtaket, betale tilbake hele kjøpesummen (jf § 13), samt 75 % av utbetalt royaltyrefusjon. Forlaget skal likevel gi forfatteren royalty som om boka er innkjøpt.

For kvart einskild innkjøp skal forlaget levere to fakturaer:

  1. Faktura for innkjøpet av 1550 eksemplar
  2. Faktura med krav om royaltyrefusjon (med vedleggsskjema):

Faktura for innkjøpet av 1550 eksemplar

For innkjøpsordninga for skjønnlitteratur for barn og unge gjeld eit system for utrekning av innkjøpspris basert på såkalla arkprisar. Arkprisen blir sett med utgangspunkt i gjennomsnittleg omfang for kvar boksjanger, og blir bestemt av Kulturrådet i samråd med Den norske Forleggerforening.

Eitt ark er 16 boksider, og Kulturrådet opererer med ein pris for standardbok innanfor kvar sjanger:

 

SJANGER

STANDARDBOK

ARKPRIS

TILLEGG/FRåTREKK

Prosa

8 ark (128 sider) 

kr 119,-  

+/- per ark kr 4,- 

Bildebøker sv/hv

6 ark (96 sider)

kr 119,-

+/- per ark kr 5,-

Bildebøker 4 fargar      

2,5 ark (40 sider)

Kr 119,-    

+/- per ark kr 9,-

 

For å falle inn under kategorien "bildebøker 4 fargar", må minst 50 % av omfanget av boka vere illustrasjonar og det må vere illustrasjonar på kvart oppslag.

Dersom til dømes ei prosabok (romanar og noveller) er på 8 ark (128 boksider), vil forlaget få utbetalt kr 119 per eksemplar (standardprisen). Ei bildebok i svart/kvitt på 5 ark (80 boksider) vil bli kjøpt inn til kr 114 per eksemplar (standardprisen minus fråtrekk for eitt ark).

Dersom ei bok er i hefta, ikkje innbunden utgåve, skal det trekkjast frå 15 % av utrekna arkpris.

Om utsalsprisen er lavare enn arkprisen, betaler Kulturrådet utsalspris.  

Kulturrådet har i samråd med avtalepartane vedtatt ei økonomisk ramme for innkjøpsordninga for skjønnlitteratur for barn og unge. Det automatiske prinsippet blir halde ved lag, men ansvar for eventuelle overskridingar blir lagt på forlaga. Dette skjer i år i form av ei avkorting i utbetalinga på 30 %. Forlaget skal difor sende faktura på 70% av den utrekna arkprisen.

Dersom endeleg rekneskap viser at ordninga har gått med overskott, vil det overskytande beløpet bli betalt tilbake fordelt på kvar einskild innkjøpt tittel. Om det visar seg at ordninga har gått med underskot trass i avkortinga, vil forlaga kunne få eit krav om tilbakebetaling av delar av innkjøpssummen for kvar einskild innkjøpte tittel.

På fakturaen forlaget sender til Kulturrådet skal utrekninga av beløpet for innkjøp kome fram, og informasjon om forfattar, tittel, forlag og antall leverte eksemplar skal gå fram.

Faktura med krav om royaltyrefusjon

Eit innkjøp inneber at forlaget skal betale høgare royalty til forfattaren enn normalkontrakten tilseier. Forlaget får refundert store delar av dette frå Kulturrådet, og skal difor sende ein faktura med krav om royaltyrefusjon.

Royalty skal reknast ut på vanleg måte utfrå hefta utsalspris, det vil seie at royaltygrunnlaget er 85 % av utsalsprisen for innbundne bøker. Royaltysatsen for innkjøpt barne- og ungdomslitteratur er 22,5 %, og Kulturrådet refunderer tilsvarande 18 % royalty.

Til dømes vil ei innbunden prosabok som har utsalspris kr 300, tyde at forlaget skal utbetale royalty til forfattaren på kr 57,38 pr eksemplar (22,5 % av 85 % av utsalspris). Forfattaren får utbetalt av forlaget kr 88 939 for innkjøpet av 1550 eksemplar. Kulturrådet refunderer forlaget kr 45,90 pr eksemplar (18 % av 85 % av utsalgspris). Faktura til Kulturrådet fra forlaget skal lyde på kr 71 145 for 1550 eksemplar.

På fakturaen forlaget sender til Kulturrådet, skal utrekninga av refusjonsbeløpet kome fram, og Skjema for royaltyrefusjon skal leggjast ved som bilag.