Hopp til innhold

Søk støtte

Tilskuddsordning - Kulturrådet

Innkjøpsordning - ny norsk sakprosa for barn og unge

Se vedtakslister

Søknadsfrist

des

03

2024

Kl. 13:00

Føremål

Føremålet med innkjøpsordninga for ny norsk sakprosa for barn og unge er at det blir skapt, gjeve ut, spreidd og lese ny norsk sakprosa av høg kvalitet for barn og unge.

Innkjøpsordninga garanterer forlaga eit minstesal på 1 870 eller 1 930 eksemplar (1 800 p-bøker for barn og unge t.o.m. 4 trinn og 1 860 p-bøker for barn og unge f.o.m. 5. trinn, og 70 e-bøker). Ordninga er selektiv, det vil seie at det er budsjettet som avgjer kor mange sakprosabøker som kan kjøpast inn årleg. 

Bøkene som kjøpast inn tilgjengeliggjerast gjennom Kulturdirektoratets distributør direkte til norske skole- og folkebibliotek for utlån i Noreg. 

Skole- og folkebiblioteka skal vareta og gje tilgang til dei innkjøpte bøkene i minst fem år. Utgjevingsåret reknast som første år.

Åpne alle

Forvaltning av ordninga

Kulturrådet forvaltar ordninga og midlane kjem frå Norsk kulturfond. Kulturdirektoratet er sekretariat.

Kva kan kjøpast inn?

Ordninga gjeld litterære verk som leseren har grunn til å oppfatte som direkte ytringar om røynda og som har barn og unge som målgruppe.

Ordninga omfattar ikkje:

  • lærebøker for grunnskolen og den vidaregåande skolen
  • bøker som først og fremst har interesse for eit lokalt eller avgrensa publikum
  • reine hobbybøker som ikkje samstundes formidlar generell kunnskap om eit fenomen eller emne

Ei utgjeving skal framstå som eit heilskapleg litterært verk. Dette gjeld òg illustrerte bøker.

Kven kan søkje?

Norske forlag og utgjevarar kan søkje om innkjøp av ferdige bøker som er utgjevne i søknadsåret eller av bøker som skal gjevast ut. Dette inkluderer bøker omsett frå samisk og frå nasjonale minoritetsspråk til norsk, men det første originalverket kan ikkje vere meir enn fem år gammalt på søknadstidspunktet. 

Søknadsskjema

Ein søknad består av søknadsskjema og enten ferdig bok eller trykkeklar fil av utgjevinga.

Les utlysingsteksten og retningsliner for innkjøpsordninga for sakprosa for barn og unge nøye før du byrjar å fylla ut det elektroniske søknadsskjemaet. Pass også på å lesa alle hjelpetekstane. Desse finn du i søknadsskjemaet, merka med «?». 

Har du problem med å registrera deg, logge deg på, velje skjema eller sende vedlegg? 

Sjå brukarstøtte

Tilrådde nettlesarar

For at skjemaet skal vere mest mogleg brukarvenleg tilrår vi følgjande nettlesarar: MAC = Safari. Windows = Chrome

Søknadsfristen er endeleg, og søknader som kjem inn etter fristen vil bli avvist, eventuelt handsama på neste runde dersom søknaden elles tilfredsstillar krava i ordningas retningsliner.

Sende inn vedlegg

Ordninga har to søknadsfrister i året. Ein søknad består av søknadsskjema og enten ferdig bok eller trykkeklar fil av utgjevinga. Søknadsskjemaet må sendast inn innanfor oppgitte fristar for at boka skal bli godkjent for behandling. Utgjevingstidspunkt er bestemmande for kva frist som gjeld den enkelte utgjeving.
Søknadsfristar:
•    ca. 2. juni for titlar med utgjevingsdato i perioden 01.01. - 30.06
•    ca. 2. desember for titlar med utgjevingsdato i perioden 01.07. - 31.12

Dersom vurderingsmaterialet til søknaden er utskrift av trykkeklart manus, skal det sendast i fire eksemplar per post til Kulturrådets sekretariat. Er den påmelde boka utgjeve til søknadsfristen, skal eit eksemplar av papirboka sendast direkte til kvart av medlemmene i vurderingsutvalet og til Kulturrådets sekretariat.

Vedlegg i fysisk format skal merkast med «Vurderingseksemplar, Innkjøpsordning for ny norsk sakprosa for barn og unge». Vedlegga må vera poststempla seinast same dag som søknadsfristen.
 
Adressa til Kulturdirektoratet: 

Kulturdirektoratet
Postboks 4808 Nydalen
0422 Oslo

Leseeksemplara vert ikkje returnert.

Adressene til medlemmane

Sjå vurderingsutvalet for ny norsk sakprosa for barn og unge

Vurdering av søknaden

Påmeldte titlar som innfrir dei formelle krava, blir handsama av  vurderingsutvalet for ny norsk sakprosa for barn og unge. Utvalet kan òg innhente faglege konsulentfråsegner, til dømes i samband med vurderinga av utgjevingar omsett frå samisk.

I diskusjonane om kvalitet skal utvalet mellom anna leggje vekt på om verka:

  • framstår som heilskaplege litterære verk
  • har tilstrekkelege kunstnarlege, språklege og handverksmessige kvalitetar
  • har tilstrekkelege innhalds- og formidlingsmessige kvalitetar
  • er tilrettelagt for barn og unge som målgruppe
  • har vore underlagd eit naudsynt redaksjonelt arbeid

Slik blir søknaden handsama

Sjå korleis søknadene blir handsama.

Slik behandles søknaden om innkjøp av bøker

Rutinar etter innkjøp

Når ein søknad er handsama av vurderingsutvalet, vil forlaget få melding om boka blir kjøpt inn eller ikkje. Dersom ho blir kjøpt inn, skal ho så raskt som mogleg, og seinast innan seks veker frå vedtaksdato, leverast til Kulturrådets distributør. Eit standard innkjøp vil seie at Kulturrådet kjøper inn 1 800 trykte bøker for barn og unge t.o.m. 4 trinn og 1 860 trykte bøker for barn og unge f.o.m. 5. trinn og 70 e-boklisensar. Søknad om innkjøp av e-bøker må markerast særskild av forlaget på søknadsskjemaet.

Levering av trykte bøker

1 800 trykte eksemplar for barn og unge t.o.m. 4 trinn og 1 860 trykte eksemplar for barn og unge f.o.m. 5. trinn av tittelen skal leverast til Biblioteksentralen, som sørger for å sende bøkene ut til norske bibliotek. Leveringsadressa er:

Biblioteksentralen
OrbitArena
Industriveien 18
2069 Jessheim

Dersom vurderingsmaterialet til søknaden var utskrift av trykkeklart manus, skal eit rapporteringseksemplar av den ferdigtrykte boka sendast direkte til kvart av medlemmane i vurderingsutvalet og til Kulturdirektoratets sekretariat. Dette gjeld berre for dei innkjøpte bøkene.  Forlaga får ikkje nokon ekstra økonomisk kompensasjon for rapporteringseksemplara.

Her er adressene til medlemane i vurderingsutvalet for ny norsk sakprosa for barn og unge

Adressa til Kulturdirektoratet: 

Postboks 4808 Nydalen
0422 Oslo

Merk sendinga med «Rapporteringseksemplar».

Levering av e-bøker

Sjå Biblioteksentralens nettsider for ei rettleiing om levering av e-bøker

Dersom tittelen også er kjøpt inn som e-bok, blir boka tilgjengeliggjort for folkebiblioteka i totalt 70 lisensar. Lisensane blir fordelt på fylkesnivå.

Betaling

Forlaget skal sende faktura til Kulturrådets sekretariat for kvar innkjøpte tittel. Bøker (både trykte bøker og e-bøker) må vere leverte hos Biblioteksentralen før forlaget sender faktura, og forfallsdato skal vere 30 dagar.

I henhold til økonomireglementet i staten utbetaler ikke Kulturrådet fakturaer til virksomheter som har forfalte tilbakebetalingskrav. Faktura må sendast elektronisk i EHF-format. Elektronisk fakturaadresse er Norsk kulturfonds organisasjonsnummer 891 991 762. Elektronisk faktura er ikkje pdf-fil i e-post eller link til fakturahotell. For meir informasjon om EHF-faktura, sjå https://dfo.no/kundesider/fakturahandtering.

Fakturaen må innehalde følgjande informasjon:

  • IO-nummer
  • Kva for ein innkjøpsordning boka er meldt på
  • Namn på forlag, forfattar og tittel
  • Målgruppe (vaksne eller barn og unge)
  • Målform (bokmål eller nynorsk)
  • ISBN-nummer for trykt bok
  • Ev. ISBN-nummer for e-bok
  • Beløp for innkjøp av trykt bok, evt. innkjøp av e-bok og forfattarroyalty

For titlar som er innkjøpte i 2023, skal desse betalingstabellane brukast

Betalingstabellar 2024 sakprosa barn og unge

Alle titlar blir kjøpt inn i 1 800 trykte eksemplar t.o.m. 4 trinn og 1 860 trykte eksemplar f.o.m. 5. trinn. 

STANDARDBOK: 1 800 P-BØKER OG 70 E-BØKER*

Format og målform Forfattarroyalty Forlag Faktura til Norsk kulturfond
Kun papirbok på bokmål 145 000** 193 500     338 500
Både papirbok og e-bok på bokmål 145 000** 207 000  352 000
Kun papirbok på nynorsk 152 500** 206 500 359 000
Både papirbok og e-bok på nynorsk 152 500** 219 000 371 500

 *Gjeld titlar som er meint for barn og unge til og med fjerde trinn
**Innbakt i honoraret frå innkjøpsordninga ligg også honorar til illustratør, fotograf og/eller andre opphavspersonar. Fordelinga mellom forfattar og annan/andre opphavspersonar av honorarer frå innkjøpsordningen, følger det som er avtalt i kontrakt mellom forlaget og de forskjellige opphavspersonene. Dersom forfattaren har bidrege økonomisk til bokproduksjonen og dermed redusert kostnadene til forlaget, skal forfattarens del av betalinga for eit innkjøp bli auka med same beløp. Forlagsdelen blir redusert tilsvarande.

STANDARDBOK: 1 860 P-BØKER OG 70 E-BØKER*

Format og målform Forfattarroyalty Forlag Faktura til Norsk kulturfond
Kun papirbok på bokmål 149 000** 199 500    348 500
Både papirbok og e-bok på bokmål 149 000** 214 500 363 500
Kun papirbok på nynorsk 157 000** 213 500 370 500
Både papirbok og e-bok på nynorsk 157 000** 226 500 383 500

*Gjeld titlar som er meint for barn og unge til og med fjerde trinn
**Innbakt i honoraret frå innkjøpsordninga ligg også honorar til illustratør, fotograf og/eller andre opphavspersonar. Fordelinga mellom forfattar og annan/andre opphavspersonar av honorarer frå innkjøpsordningen, følger det som er avtalt i kontrakt mellom forlaget og de forskjellige opphavspersonene. Dersom forfattaren har bidrege økonomisk til bokproduksjonen og dermed redusert kostnadene til forlaget, skal forfattarens del av betalinga for eit innkjøp bli auka med same beløp. Forlagsdelen blir redusert tilsvarande.

EKSTRA KOSTNADSKREVJANDE BOK: 1 800 P-BØKER OG 70 E-BØKER*

Format og målform Forfattarroyalty Forlag Faktura til Norsk kulturfond
Kun papirbok på bokmål 145 000** 214 000    359 000
Både papirbok og e-bok på bokmål 145 000** 226 500 371 500
Kun papirbok på nynorsk 152 500** 226 500 379 000
Både papirbok og e-bok på nynorsk 152 500** 239 500 392 000

*Gjeld titlar som er meint for barn og unge til og med fjerde trinn
**Innbakt i honoraret frå innkjøpsordninga ligg også honorar til illustratør, fotograf og/eller andre opphavspersonar. Fordelinga mellom forfattar og annan/andre opphavspersonar av honorarer frå innkjøpsordningen, følger det som er avtalt i kontrakt mellom forlaget og de forskjellige opphavspersonene. Dersom forfattaren har bidrege økonomisk til bokproduksjonen og dermed redusert kostnadene til forlaget, skal forfattarens del av betalinga for eit innkjøp bli auka med same beløp. Forlagsdelen blir redusert tilsvarande.

EKSTRA KOSTNADSKREVJANDE BOK: 1 860 P-BØKER OG 70 E-BØKER*

Format og målform Forfattarroyalty Forlag Faktura til Norsk kulturfond
Kun papirbok på bokmål 149 000** 220 000     369 000
Både papirbok og e-bok på bokmål 149 000** 234 500 383 500
Kun papirbok på nynorsk 157 000** 234 500 391 500
Både papirbok og e-bok på nynorsk 157 000** 248 000 405 000