Hopp til innhold

Søk støtte

Støtteordning

Innkjøpsordning for allmenne kulturtidsskrift (Avslutta)

Se vedtakslister

Viktig melding:

Denne ordninga er no erstatta av støtteordninga for tidsskrift og kritikk.

Fyrste søknadsfrist er 3. september kl 13.

Føremål

Ordninga skal stimulere til produksjon, spreiing og lesing av kulturtidsskrift.

Under innkjøpsordninga for kulturtidsskrift kjøper Kulturrådet inn heile årgangar av inntil 15 tidsskrift for å gje dei vidare til norske folkebibliotek. For dette mottek utgjevar eit minimumsbeløp på kr 220 000 for alle årets utgjevingar. Beløpet skal også dekkje porto for utsending til biblioteka. Innkjøpsordninga blir regulert av retningsliner for Innkjøpsordning for allmenne kulturtidsskrift (PDF) vedteke av Norsk kulturråd.

Åpne alle

Kva kan få innkjøpsstøtte og kven kan søkje?

Norske utgjevarar kan søkje støtte til allmennkulturelle tidsskrift som ønskjer å nå eit allment publikum med informasjon om og refleksjon over kultur- og samfunnsspørsmål, eller som gir plass for presentasjon og analyse av kunst og kulturvern, og som har hovudvekt på artiklar, tekstar av essayistisk karakter og kunstneriske innslag. Søknaden skal innehalde søknadsskjema, budsjett det søkjes støtte for, rekneskap for føregåande år, samt skildring av tidsskriftet og redaksjonell verksemd føregåande år og oversikt over redaksjonelle planar for komande år. Utover dette skal følgjande kriterium vere oppfylte:

  • Tidsskriftet må kome med minimum fire nummer i året og kvart nummer må vere på minst 32 sider. Eit dobbeltnummer må reelt sett vere på dobbelt så mange sider som ei ordinær utgåve.
  • Tidsskriftet skal redigerast og utgjevast i Noreg.
  • Tidsskriftet skal innehalde meir enn 75 % stoff på norsk.
  • Redaksjonelt stoff skal utgjere meir enn 75 % av tidsskriftets innhald.
  • Tidsskriftet skal ta betaling for abonnement, laussal og annonser
  • Tidsskrift som blir utgjeve av organisasjonar skal ha minst 25 % av opplaget distribuert som betalt abonnement utanom dei interne kanalane.

Publikasjonar som i særleg grad dekkjer Kulturrådets fagområder (litteratur, musikk, scenekunst, visuell kunst, kulturvern) kan i tillegg søkje om særskilt støtte til temanummer, satsingsområde eller liknande som er spesifikt knytt til desse felta. Søknaden skal då sendast til den respektive fagseksjon – ta kontakt med desse ved spørsmål.

Skal du også søkje produksjonsstøtte?

Fristen for å søkje innkjøpsstøtte og produksjonsstøtte er i september. Det er ikkje lenger frist i juni. Tidsskrift som vil bli vurdert for begge ordningane, må sende ein søknad til innkjøpsordninga og ein søknad til produksjonsstøtteordninga. Det er berre 15 tilgjengelege plassar under innkjøpsordninga, og det er ikkje lenger teknisk mogleg å overføre søknader frå denne ordninga til vurdering under produksjonsstøtteordninga.

Det er berre nødvendig å sende inn eitt sett med fysiske vedlegg. Vedlegga vil då gjelde for begge ordningane.

Det er berre mogleg å få tidsskriftstøtte under ei av ordningane per år. Dei tidsskrifta som søkjer både innkjøpsstøtte og produksjonsstøtte og får søknaden om innkjøp innvilga, får søknaden om produksjonsstøtte administrativt avvist.

Krav til søknaden

Les hjelpetekstane i skjemaet. Dei er merka med «?».

Søknaden skal leverast via Kulturrådets elektroniske søknadsportal innan søknadsfristen. Søknaden må tilfredsstille dei til ei kvar tid gjeldande krav og retningsliner som er fastsette av Kulturrådet. Søknader som ikkje har kome inn til søknadsfristen, eller som vert vurderte til å falle utanfor ordninga, vil bli avviste.

Søknaden skal innehalde søknadsskjema, rekneskap for føregåande år, arbeidsbudsjett for inneverande år, budsjett for søknadsåret, skildring av tidsskriftet og minst tre tidlegare utgåver av tidsskriftet. Dersom det vert søkt om produksjonsstøtte parallellt, er det tilstrekkeleg å sende inn tre sett med tidlegare utgjevingar for begge ordningane.

Søknadsskjema

Les utlysningsteksten nøye før du begynner å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet. 

Har du problem med å registrere deg, logge deg på, velje skjema eller sende vedlegg?

Sjå brukarstøtte

Tilrådde nettlesarar

For at skjemaet skal vere mest mogleg brukarvenleg tilrår vi følgjande nettlesarar: MAC = Safari 6 eller nyare. PC = Internet Explorer 9 eller nyare.

Søknadsskjemaer blir tilgjengelige cirka en måned før neste søknadsfrist.

Vurdering av søknaden

Søknadene blir først vurdert av Utvalet for periodiske publikasjonar (som òg vurderer søknader om produksjonsstøtte til kulturtidsskrift ). Utvalet føretek ei brei fagleg vurdering av tidsskriftets redaksjonelle verksemd og prioriterte stoffområde, i samsvar med støtteordningas føremål.

Utvalet gjev tilrådingar til Fagleg utval for litteratur. Utvalet er oppnemnd av rådet og er delegert vedtaksmynde for innkjøpsordninga for kulturtidsskrift (så lenge saka ikkje har høgare tilråding enn kr 300 000, ikkje er handsama i fleire fagutval eller det er prinsipielle sider ved ho).

Kulturrådet mottek langt fleire søknader enn det er midlar til. Det betyr at råd og utval må foreta strenge og ofte krevjande prioriteringar. Det medfører at også prosjekt som blir vurdert som gode vil kunne få avslag.

Slik behandles søknaden

Se hvordan søknadene blir behandlet, fra søknaden blir sendt inn til vedtakene blir offentleggjort.

Slik behandles søknaden - Norsk kulturfond

Rutiner etter innkjøp

Innkjøpsstøtte inneber at tidsskriftet forpliktar seg til å sende ut ei viss mengd eksemplar av kvar utgåve gratis til norske folkebibliotek samtidig som utsendinga til betalande abonnentar blir gjennomført. Norsk Bibliotekforening Tidsskriftformidlingen (NBFT) har fått i oppdrag av Kulturrådet å administrere distribusjonen av innkjøpstidsskrifta, og sender ut ei liste over kva bibliotek som skal ha tilsendt gratis tidsskrift. I tillegg til folkebiblioteka skal også medlemmene i vurderingsutvalet, administrasjonen i Kulturrådet samt Nasjonalbiblioteket og Stortingsbiblioteket ha tilsendt tidsskriftet så nær utgjevingsdato som mogleg.

Sjå adresselister på sida for Utval for periodiske publikasjonar

Første del av tilskotet vert utbetalt etter at tilskotsmottakar har akseptert den elektroniske kontrakten og med det stadfesta at Kulturrådets vilkår er akseptert. Kontrakten bør vere akseptert seinast 1. februar i tilskotssåret. Første delutbetaling vil tidlegast kunne gjerast ultimo februar. Andre del vil verte utbetalt når revidert rekneskap for føregåande år vert godkjent av Kulturrådet. Rekneskapen skal sendast inn seinast 1. juli i tilskotsåret.

Det skal gjerast kjent at tidsskriftet er støtta av Norsk kulturråd.

Logo kan lastast ned frå Kulturrådets nettsider