Kan eg få tilskot?
Ei kort oversikt over kven som kan søkje kva finn du nedanfor. For å finna meir detaljert informasjon og kriterium må du gå inn på dei einskilde støtteordningane.
Kulturrådet, Statens kunstnerstipend og Fond for lyd og bilde fordelar tilskot til eit bredt spekter av føremål og prosjekt innanfor kunst og kultur over heile landet, som:
- produksjon og formidling av profesjonell kunst – gjennom Norsk kulturfond og Fond for lyd og bilde
- profesjonell kunst og kultur for barn og unge,
- etablering og utvikling av bygg og arenaer, dokumentasjon og formidling på kulturvernområdet, utprøving av nye formidlingsformer, tverrkunstnarlege og tverrfaglege prosjekt – gjennom Norsk kulturfond
- stipend til profesjonelle kunstnarar – gjennom Statens kunstnarstipend
- samarbeids-, utviklings- og sikringstiltak i museum – gjennom museumsprogramma
- verksemd-/driftsstøtte til kunst- og kulturorganisasjonar – gjennom driftsstøtta
- Høg kunstnarleg og/eller kunst- og kulturfaglig kvalitet og profesjonalitet er hva Kulturrådet fyrst og fremst ser etter i vurderinga av søknader.
Kulturdirektoratet er også rådgjevar og nasjonalt kontaktpunkt for internasjonal prosjektstøtte og samarbeidstiltak – gjennom EU/EØS-midlane og andre bilaterale støtteordningar.
Kulturrådet, SKS og FLB fordelar sine midlar gjennom ei rekkje støtteordningar, som har kvar sine føremål, kriterium og satsningsområde. Ved å nytta menyen for støtteordningane kan du leita fram ordningar som gjeld eit bestemt fagområde eller ei bestemt finansieringskjelde. Derfrå må du gå inn og lesa om kvar einskild ordning for å finna ut om den kan vera relevant for ditt prosjekt.
Det er viktig å lesa grundig og oppfylla dei formelle krava som vert stilt til søknadar og prosjekt på ordninga ein vil søkja. Hvis ikke er sjansane små for å få tilskot. Men sjølv om ein oppfyller dei formelle søknadskrava innanfor ei ordning har ein ikke nokon rett til støtte. Kulturdirektoratet mottek langt fleire søknadar enn det er midlar til, og prioriteringa av kva det vert gjeve tilskot til skjer ut frå faglege kvalitetsvurderinger av kvar einskilt søknad og av den samla søknadsmengda i kvar behandlingsrunde.
Kva kan ikkje få støtte
Dei tre organene gjev vanlegvis ikkje støtte til:
- tiltak i det frivillige kulturfeltet
- tiltak som er satt i gang før søknad om støtte er innsendt
- ordinær drift av institusjonar eller organisasjonar
- student- og utdanningstiltak
- dekning av underskot
- undervisningsmateriale
- prosjekt og verksemder som får støtte frå Kulturdepartementet
- forskning, med unnatak frå prosjekt som Kulturrådet har teke initiativ til sjølv
- fullfinansiering av prosjekt
Nyttig bakgrunnsinformasjon
Kva ein kan søkja støtte til heng saman med kva ansvarsområde Kulturrådet, SKS og FLB har fått gjennom politiske vedtak, og kva andre instansar som har ansvar for andre delar av kulturfeltet (til dømes Kultur- og likestillingsdepartementet, fylkeskommunane, kommunane, andre statlege fond og støtteordningar).
Det kan vera nyttig å settja seg litt inn i Kulturdirektoratet og dei tre kollegiale organene som heilskap for å forstå korleis støtteordningane inngår i ein større samanheng. Statsbudsjettet og tildelingsbrevet til Kulturdirektoratet legg kvart år dei overordna rammene for Kulturdirektoratet sin økonomi og ansvarsområder. «Om Kulturdirektoratet» gjev deg ein oversikt over kva Kulturdirektoratet har ansvar for i dag, både når det gjeld fagområde og postar/finansieringskjelder. Her vil du også finna lenkjer til viktige dokument som tildelingsbrevet frå Kultur- og likestillingsdepartementet, strategi- og handlingsplaner for dei ulike postane og fagområda, forskrifter for dei ulike fonda, årsmeldingar osv.
Norsk kulturfond
Søkjarar til ordningane i Norsk kulturfond kan vere kunstnarar, kulturaktørar, private eller offentlege organisasjonar, institusjonar og verksemder i kulturfeltet. Ein støttar prosjekt innanfor musikk, scenekunst, visuell kunst, litteratur, barne- og ungdomskultur, rom for kunst, kulturvern og tverrfaglege område. Støtta blir fordelt gjennom ei rekkje støtteordningar og avsetjingar.
I hovudsak prioriterer ein prosjekt der profesjonelle kunstnarar er involverte, prosjekt som finn stad utanom dei store kulturinstitusjonane og prosjekt som kan ha overføringsverdi til andre aktørar.
Driftstilskot
Føremålet med ordninga for driftstilskot er å sikre føreseielege driftsrammer for verksemder som har høgt kunst- og kulturfagleg kvalitetsnivå, langsiktige mål og relevans ut over sitt lokale nedslagsfelt. Etablerte verksemder innanfor og på tvers av områda musikk, scenekunst, litteratur, visuell kunst, kulturvern og allmenne kulturformål, som kan vise til høg fagleg kvalitet og kompetanse, kontinuerlig aktivitetsnivå og profesjonell drift, kan søkje.
Statens kunstnarstipend
Kunstnarar som i hovudsak bur og arbeider i Noreg, kan søkje stipend til etablering og/eller vidareutvikling av sitt kunstnariske arbeid. Ein kan gjere unntak frå bu- og arbeidskravet om det blir vurdert som rimeleg. Ordninga gjeld berre einskildkunstnarar, ikkje grupper. Kunstnarar under grunnutdanning kan ikkje søkje om midlar.
Ved tildeling av Statens kunstnarstipend skal det berre leggjast vekt på kunstnarleg aktivitet og kvalitet. Det blir ikkje teke omsyn til medlemskap i kunstnarorganisasjonar.
Meir om Statens kunstnarstipend
Fond for lyd og bilete
Søkjarar til Fond for lyd og bilete kan vere opphavarar, utøvande kunstnarar og produsentar som bur og hovudsakleg arbeider i Noreg.
Arrangørar kan normalt ikkje søkje. Offentlege verksemder og aktørar med offentleg driftsstøtte/grunnfinansiering kan ikkje søkje. Ein gjev ikkje tilskot til amatørverksemd, men profesjonelle bidrag i samarbeidsprosjekt mellom profesjonelle og amatørar kan støttast.
Ein kan søkje støtte til: produksjon og formidling av lydopptak, konsertverksemd, komponering, produksjon og formidling av scenekunstframsyningar, manusutarbeiding og andre former for tekstproduksjon, produksjon og formidling av kortfilm og dokumentarfilm, produksjon og formidling av foto og biletkunst, samansette prosjekt.
Meir om Fond for lyd og bilete
Spelemidlar (museum)
Innanfor museumsprogramma, som er finansierte av spelemidlar, kan museumsinstitusjonar søkje om tilskot til forskingsprosjekt, formidlingsmetodikk, kompetansehevande tiltak, utvikling av verktøy, standardar og rettleiingar. Det er ei styrke dersom prosjekta tar form av samarbeid mellom fleire museum, og museum i samarbeid med forskingsmiljø eller andre relevante aktørar. Kulturrådet vil prioritere prosjekt i regi av dei faglege museumsnettverka. Det blir normalt ikkje gjeve tilskot til ordinære drifts- og kjerneoppgåver.
Museum som arbeider med å bevare og gjere tilgjengeleg arkiv frå privat samfunnssektor (privatarkiv) kan søkje Kulturrådet om støtte til dette arbeidet.
Vidare kan musea i det nasjonale museumsnettverket søkje tilskot til sikringstiltak som kan førebyggje og redusere omfanget av øydelegging i samband med brann, tjuveri, ran, hærverk, naturskade og eventuell annan skade.
Meir om utviklingsprogram for museum
Andre
EU-/EØS-midlar
Kulturaktørar og kulturinstitusjonar kan søkje om støtte til europeiske samarbeidsprosjekt gjennom EUs kulturprogram, og til kulturarv og kulturutveksling gjennom bilaterale EØS-samarbeidsavtalar med Polen, Latvia, Litauen, Romania, Tsjekkia, Bulgaria, Slovakia, Spania, Ungarn. Kulturrådet er nasjonalt kontaktpunkt for EUs kulturprogram og fagleg samarbeidspartnar i EØS kulturutvekslingsprogram. Søknadane blir ikkje handsama av Kulturdirektoratet, men sendt direkte til EU eller samarbeidslandet i EØS og vurdert av fageksepertar frå medlems- eller samarbeidslanda.
Les om internasjonalt arbeid i Kulturdirektoratet
Norsk-islandsk kultursamarbeid
Norske og islandske kulturaktørar kan søkje støtte til prosjekt som bidrar til eit mangfaldig kultursamarbeid og gjev varige kontaktar mellom kunstnarar, kulturarbeidarar og forskarar i dei to landa. Kulturdirektoratet og det islandske departementet vurderer søknadane.