Det nye utvalet i Statens Kunstnarstipend vil ta ei lyttande, men aktiv rolle
Det nye utvalet er oppnemnt for perioden 2018-2021. F.v. Sigmund Løvåsen, Ande Somby, Sigrid Røyseng, Trude Gomnæs Ugelstad og Renée Rasmussen. Foto: Geir Mogen
- Me ynskjer å innta ei lyttande rolle opp mot kunstfeltet, seier ny utvalsleiar i Statens kunstnarstipend, Trude Gomnæs Ugelstad. I juni hadde dei sitt tredje møte - i Trondheim.
Utvalet for statens kunstnarstipend hadde sitt tredje møte i juni, og dei diskuterte då mellom anna kva rolle og fokus dei vil ha i perioden mellom 2018-2021. Formelt tildeler dei årlege stipend og garantiinntekter til kunstnarar etter innstilling frå sakkyndige komitear. Dessutan er dei rådgjevar for Kulturdepartementet i spørsmål om stipendordninga.
Synleg og aktiv rolle
- Eg er utruleg nøgd med samansetjinga av utvalet. Det er eit konstruktivt og fagleg godt utval som til saman utgjer ei god breidde og solid kunst- og kulturfagleg kompetanse, seier Trude Gomnæs Ugelstad.
- Mitt inntrykk er at alle i Utvalet er samde om å innta ei synleg og aktiv rolle, også utover dei formelle bestillingane som me får frå departementet. For å gjera dette på ein gode måte er det viktig for oss å lytta- og å gå i dialog med kunstfeltet, fortsetjer utvalsleiaren.
Under utvaltes tredje møte, tok dei seg tid til ein overordna diskusjon om utvalet si rolleforståing opp mot det vidare arbeidet. Det førre utvalet leverte i mai 2016 ein rapport med forslag til vidare utvikling av stipendordninga, etter bestilling frå Kulturdepartementet. Denne vekte stor merksend i det politiske ordskiftet og i media. Kulturdepartementet har satt handsaminga av alle endringsforslaga på vent til kunstnarmeldinga.
- Me vil arbeida vidare med våre innspel til den kommande kunstnarmeldinga, men også våre ordinære arbeidsoppgåver som til dømes budsjettsøknaden, fortel utvalsleiaren, etter møtet.
Møter med stipendkomitéane før sommaren
Trude Gomnæs Ugelstad understrekar at utvalet ynskjer å innta ei lyttande rolle og å ha ein tett dialog med resten av kunstfeltet og då spesielt kunstnarorganisasjonane og dei 24 stipendkomitéane. Førre veke, den 18. og 19 juni, inviterte dei stipendkomitéane til dialogmøter. På møter med dei einskilde komitéane diskuterte ein tendensane i søknadsmassen i kvar av komitéane og fekk lære meir om arbeidsmetodar og behova innanfor dei ulike kunstfelta.
Mellom anna var sekretær, Trine Mjølhus Jacobsen og leiar Mathias Eick i stipendkomitéen for populærkomponistar, invitert til møtet med utvalsleiaren og utvalsmedlem Sigmund Løvåsen. Dei fortalte engasjert om mange gode søknader i runden, og om informasjonstiltak opp mot nye søkjarar. Dessutan var dei, som dei fleste andre komitéane, opptekne av å sikre ei god kvotefordeling (tal på stipend) for neste års søknadsrunde.
- Me har fått gode innspel og lært mykje om kvart av kunstfelta frå dei ulike komitéene og vil ta dette med oss videre i vårt arbeid, fortel utvalsleiaren.
Sjølv om utvalet no, etter at hovudkontoret er flytta til Trondheim, legg hovudmøta sine der, vil dei også leggja nokre møter til hovudkontoret for Kulturrådet i Oslo, for å halde kontakten med resten av organisasjonen og kunstnarorganisasjonane.