– Positiv auke for kunstnarstipenda
– Eg er veldig glad for at kunstnarmeldinga tydeleg signaliserer ein auke i kunstnarstipenda. Stipenda er eit godt og treffsikkert verkemiddel i kunstnarpolitikken, og er grunnmuren i mange kunstnarars økonomi, seier utvalsleiar Trude Gomnæs Ugelstad i Statens kunstnerstipend.
I kunstnarmeldinga som vart lagd frami dag seier regjeringa at ho vil halda fram opptrappinga av ordningane under Statens kunstnarstipend. Samtidig blir aldersgrensa auka for stipendmottakarane frå 67 til 70 år.
– Auke i aldersgrensa er eit positivt tiltak. Det bidreg til vektlegginga av kunstnarar som arbeidsfolk, og gjer at også kunstnarane kan stå lengre i arbeidet, seier Gomnæs Ugelstad.
Regjeringa vil også sikra at forvaltninga og kvotefordelinga under Statens kunstnarstipend er fleksibel nok til å møta utviklinga i kunstfelta. Samtidig skal sekretariatsfunksjonen for stipendkomiteane gradvis samlast under Kulturdirektoratet.
– Kunsterbefolkningen endrar seg, og me har behov for meir innsikt i behovet og utviklinga blant kunstnarane. Dette er ei samordning utvalet for Statens kunsterstipend sjølv har bede om, og eg er glad for at regjeringa har følgt dette opp.