Kulturrådet gir tilskot til kvensk scenekunstprosjekt
– Kvensk kultur er ein stor del av livet til mange folk og ein viktig del av Noreg, seier dansaren og skodespelaren Astrid Serine Hoel. Ho får tilskot frå Kulturrådet til eit scenekunstprosjekt som ser på fellesskapet mellom kvensk og samisk kultur.
– Enkelte prøver å setje samisk og kvensk opp mot kvarandre, men me vil utforske korleis me kan skape noko som samlar oss, seier Astrid Serine Hoel, som sjølv har kvensk bakgrunn.
I prosjektet Yhđessä-Ovttas-Together møter ho tre andre samiske og kvenske scenekunstnarar for å finne eit felles scenisk uttrykk. Dei fire har ulik kunstnarleg bakgrunn og jobbar innanfor fleire kunstfelt. Ein av kunstnarane er busett i Sverige, og samarbeid over grensene har vore vanleg i både kvensk og samisk kultur, påpeiker Hoel.
– Den kvenske og samiske kulturen har levd tett på kvarandre. Det er mange likskapstrekk, og me har opplevd mykje av det same i forholdet til storsamfunnet. Me står i kulturar som me ikkje kan vere sikre på at vil vere der i framtida. Derfor må dei utviklast vidare, og då treng me kvarandre, seier Hoel.
Hoel er tilsett ved det nasjonale kvenske teateret Kvääniteatteri. No har ho og dei tre andre kunstnarane fått tilskot frå Kulturrådet si ordning Forprosjekt scenekunst. Ordninga har som føremål å stimulere til utvikling og utforsking av metodar, konsept og idear innanfor den profesjonelle scenekunsten.
Godt døme på kva ordninga kan leggja til rette for
– Me ser fram mot å følgja dette forprosjektet vidare, seier Camara Lundestad Joof. Ho er leiar i Kulturrådets faglege utval for scenekunst, som vedtok å gi prosjektet kr 100 000 i tilskot.
– For Kulturrådet er det viktig å visa breidda i kunst- og kulturfeltet, og gjennom forprosjektordninga skal me sørgja for at både nye og etablerte praksisar kan få prøva seg fram, eksperimentera og utvikla seg. Yhđessä-Ovttas-Together sin søken etter eit felles scenisk uttrykk er eit godt døme på kva ordninga kan leggja til rette for, seier Lundestad Joof.
Fire språk i same familie
For Astrid Serine Hoel og dei tre kollegaene hennar ventar no eit opphald hos Kvääniteatteri og ei planlagd arbeidsframsyning.
I tillegg til det kvenske språket vil prosjektet utforske sørsamisk, nordsamisk og meänkieli – fire språk som høyrer til same språkfamilie, og som i ulik grad kan reknast som utryddingstruga.
– Veldig mange er påverka av den kvenske historia uansett om dei har den bakgrunnen sjølve eller ikkje, seier Hoel. – Eg er glad for at Kulturrådet støttar dette prosjektet.