Framleis færre kulturbesøk enn før pandemien
Besøkstala til norske musikk- og scenekunstinstitusjonar auka med 8 prosent frå 2022 til 2023, men er framleis lågare enn åra før koronapandemien. Det viser nye tal frå Kulturdirektoratet.
Kulturdirektoratet samlar årleg inn tal frå musikk- og scenekunstinstitusjonar som får tilskot over kapittelet i statsbudsjettet 323, post 70. Posten omfattar 33 teater, symfoniorkester, operaselskap og danseinstitusjonar. Tala for 2023 er no klare.
Musikk- og scenekunstinstitusjonane hadde litt over 2 millionar besøk i 2023, 8 prosent fleire enn året før. I 2019 var det 2,4 millionar besøk, noko som betyr at institusjonane hadde 14 prosent færre besøk i 2023 samanlikna med året før koronapandemien.
Fleire konsertar og færre framsyningar
Samla presenterte dei 33 institusjonane om lag 12 200 framsyningar, konsertar og formidlingsaktivitetar i 2023. Det var om lag 1200 konsertar i 2023, 15 prosent fleire enn i 2022, og også fleire enn i åra før pandemien. Det var 6100 framsyningar i 2023, 6 prosent færre enn i 2022 og 21 prosent færre enn i 2019.
Markant nedgang i turnéverksemd
Musikkinstitusjonene har i større grad enn scenekunstinstitusjonane besøks- og aktivitetstal på nivå med 2019, noko som kan tyde på at dei i større grad har gjenetablert verksemda på eit nivå tilsvarande tida før koronapandemien.
Turnéverksemda til scenekunstinstitusjonane (talet på framsyningar, konsertar og formidlingsarrangement på turné) i Noreg har gått markant ned med 45 prosent frå 2019 til 2023. Institusjonane sjølv forklarer dette hovudsakleg med auka turnékostnader og lågare etterspurnad frå spelestader rundt om i landet. Musikkinstitusjonane er på om lag same nivå som før koronapandemien.
Kostnader vakse meir enn inntekter
Billettinntektene auka med 20 prosent frå 2022 til 2023, og er i nominelle kroner på nivå med 2019. Offentlege tilskot auka med 1 prosent frå 2022 til 2023, og 15 prosent frå 2019. Justert for prisstigninga har billettinntektene reelt sett gått ned med 13 prosent frå 2019, og offentlege tilskot med 2 prosent. Samtidig har kostnadene auka i takt med prisutviklinga.
Denne utviklinga blir spegla i at musikk- og scenekunstinstitusjonane for første gong i våre data har eit samla negativt årsresultat.
Sjå nærare på tala
Sjå alle nøkkeltala for musikk- og scenekunstinstitusjonane på post 70
Du kan sjå på alle verksemdene samla, eller avgrense utvalet til å berre gjelde nokon. Sidan kan bruke litt tid på å laste inn dataa. Visningsverktøyet skal fungere for alle nettlesarar, men det blir tilrådd å bruke Microsoft Edge for best visning.
Musikk- og scenekunstinstitusjonane som inngår i talgrunnlaget
Tilskuddsmottaker | Tilskudd 2023 |
Arktisk Filharmoni | 70515 |
Bergen Nasjonale Opera | 23355 |
Brageteatret AS - Regionteater for Buskerud | 16810 |
Carte Blanche AS | 31325 |
Dansens Hus AS | 55365 |
Den Nationale Scene A/S | 148400 |
Den Norske Opera & Ballett as | 705500 |
Det Norske Blåseensemble anno 1734 | 28385 |
Det Norske Teatret | 199950 |
Det Vestnorske Teateret AS | 21585 |
Haugesund Teater AS | 14265 |
Hålogaland Teater | 57295 |
Kilden Teater- og Konserthus for Sørlandet | 135820 |
Musikkselskapet Harmonien | 155860 |
Nationaltheatret | 245830 |
Nordland Teater AS | 33950 |
Opera Nordfjord, Stiftinga | 5410 |
Opera Rogaland IKS | 2970 |
Opera Trøndelag | 5185 |
Opera Østfold Fredriksten Festning | 6715 |
Operaen i Kristiansund AS | 18460 |
Oscarsborg Operaen, Stiftelsen | 5015 |
Oslo-Filharmonien | 186630 |
Ringsakeroperaen, Stiftelsen | 5480 |
Rogaland Teater AS | 69275 |
Stavanger Symfoniorkester | 95045 |
Teater Ibsen - Telemark og Vestfold Regionteater AS | 30300 |
Teater Innlandet AS | 34600 |
Teater Vestland AS | 25615 |
Teatret Vårt - Regionteateret i Møre og Romsdal | 37815 |
Trondheim Symfoniorkester & Opera | 99090 |
Trøndelag Teater AS | 81790 |
Turnéteatret i Trøndelag | 18090 |