Fagleg utval for tidsskrift og kritikk
Handsamar søknader til tilskotsordninga for tidsskrift og kritikk.
Leiar
Ida Habbestad (f. 1980), Oslo. Musikkfeltet. Habbestad er tidlegare styreleiar i Norsk kritikerlag 2013-2019 og tidligare redaktør i Ballade. Habbestad har vore involvert i oppstarten i ei rekke norske tidsskrift, og er æresmedlem i Kritikerlaget. Sidan 2018 daglig leiar i Norsk Komponistforening.
Medlemmer
Jon Magnus Ragnhildson Dahl, (f. 1988), bur i Paris, utlandet og Bergen, Vestland. Felta medier og samfunn, og humor. PhD frå medievitenskap (Comedy and Immigration in the Scandinavian Public Spheres). Dahl er humorforskar og filmvitar. Han er universitetslektor (retorikk og strategisk kommunikasjon) som underviser i film som sosialhistorisk fenomen. Frilansjournalist og kommentator (2014 -). Kommunikasjonsansvarlig og produsent The Faketory Art Studio (2014).
Synnøve Marie Vik (f. 1981), Bergen, Vestland. Visuell kunst-feltet. Ph.d. i visuell kultur frå Universitetet i Bergen (Nature as violent and violated: Five essays on the visual culture of the Anthropocen). Vik er fagleg leiar for Billedsamlingen ved Universitetsbiblioteket i Berge, og kurator, skribent og tidligare kritikar og museumsleiar. Tidlegare spesialrådgjevar i Bergen kommune med ansvar for tilskotsforvaltning og politikkutvikling innan det profesjonelle kunst- og kulturfeltet, og sentral i utarbeiinga av kommunens kritikksatsing.
Sigurd Tenningen (f. 1982), Kristiansand, Agder. Felta litteratur, kritikk og visuell kunst. Ph.d. i litteraturvitenskap, Universitetet i Agder (Jordens ubevisste hukommelse. Tor Ulven som arkeolog). Tenningen forskar på og underviser i nordisk litteratur på alle nivå ved Universitetet i Agder, skriv kritikk, essays og skjønnlitteratur, og har kuratert serier av utstillingar og publikasjonar ved Kristiansand Kunsthall/ Lord Jim Publishing. Leiar den tverrfaglege forskingsgruppa SENSUS COMMUNIS – Literature, Aesthetics, Nature.
Grace Tabea Tenga (f. 1994), Oslo. Felta scenekunst og dans. Tabea Tenga dansar i det svarte kvinnekollektivet b16, og er også aktivist. Som utøvande kritikar er ho publisert i tidsskrift som Scenekunst.no, Kunstkritikk.no, Periskop.no og fleire. Ho les og skriv frå eit feministisk og dekolonialistisk perspektiv, sit i Heddapris-juryen, og har også praksis som psykolog.
Morten Wintervold (f. 1981), Tromsø, Troms og Finnmark. Lyrikk-, tidsskrift og kritikkfeltet, samt visuell kunst og omsetting. Wintervold er poet og tidlegare redaktør for tisdskrift som Kuiper. Wintervold har røynsle i vurderingsarbeid frå Den norske Forfatterforenings Litterære råd og Kulturfondets vurderingsutval for lyrikk, og er universitetslektor ved Forfatterstudiet på Universitetet i Tromsø.