Vil ikkje splitte Kulturfondet
Dette var bodskapen frå kulturministeren då ho besøkte rådet 15. juni. På agendaen i rådsmøtet sto også strategidiskusjonar, nye statuttar for æresprisen og tildelingar til mange hundre kunst- og kulturprosjekt.
Rådets junimøte er eit av dei med flest søknader til behandling, og det var to dagar fulle med faglege samtalar, diskusjonar og vedtak.
Kulturministeren på besøk
Onsdag var kulturminister Linda Hofstad Helleland på besøk for å høyre rådets prioriteringar for neste års budsjett. Helleland starta med å takke Vibeke Mohr for innsatsen som fungerande direktør og gratulere med tilsetjinga av Kristin Danielsen som ny.
Les meir om vår nye direktør.
Når det gjaldt utflytting av oppgåver understreka statsråden at ho ikkje var klar til å konkludere, men at tanken om ei satsing på kulturnæringar ved eit regionkontor, som er eit tiltak i Kulturrådets notat om utflytting av oppgåver, var ein god tanke. Elles sa ho, slik ho såg det i dag, at det ikkje var aktuelt med regionalisering av sjølve fondet.
Les meir om fagadministrasjonens notat.
Rådet kom med innspel til prioriteringar på dei ulike fagområda. Formidling og gode arenaer står høgt på rådet si prioriteringsliste.
Her kan du sjå opptak av møtet mellom rådet og ministeren.
Utviding av aspirantordninga
Føremålet med Kulturrådets aspirantordning er å bidra til at kulturinstitusjonar speglar mangfaldet i folket ved i større grad å rekruttere kandidatar med variert kulturell og sosial bakgrunn. Profesjonelle kunstnariske verksemder kan få tilskot til å tilsetje nyutdanna kunstnarar eller kulturarbeidarar som er i etableringsfasen, i ein aspirantstilling for eitt år.
Ordninga er ei forsøksordning som starta opp i 2014. I rådsmøtet vart det vedteke å utvide ordninga med inntil fem aspirantar slik at til saman tolv institusjonar kan få aspirantar i 2016. Sjå meir om dette og kven som allereie har fått tilskot til aspirantar her.
Nye statuttar for Kulturrådets ærespris
Kulturrådets ærespris blir kvart år delt ut til ein person som har gjort ein en innsats av vesentlig betydning for norsk kunst og kulturliv. I rådsmøtet handsama rådet nye statuttar for æresprisen. Erfaringane frå fjoråret, der det vart opna for å også nominere prosjekt og kunstnargrupper i tillegg til personar, samt open forslagsrett til kandidatar, vart sett på som gode, og det vart vedteke å vidareføre dette.
Statuttane er dermed som følgjer:
- Norsk kulturråds ærespris gis for ein innsats av vesentlig betyding for norsk kunst og kulturliv.
- Det er open forslagsrett. Invitasjon til å nominere kandidatar vert kunngjord via Kulturrådets nettsider. Alle forslag skal være grunngjevne. Forslag kan sendast inn anonymt.
- Rådet vel mellom dei føreslåtte kandidatane. Andre forslag kan ikkje fremmast.
Her kan du lese meir om æresprisen og komme med forslag til kandidatar.
Kulturvern
Anna Marit Noraker, rådsmedlem og leiar for kulturvernutvalet i Kulturrådet, orienterte om at kulturvernutvalet har teke initiativ til ei satsing på barn og unge. Kulturrådet øyremerker inntil to millionar kroner til arbeid med barn og unge i 2016.
På kulturvernsområdet kom det inn 76 søknader i denne runden. 16 fekk prosjektstøtte. Mellom anna vart det gjeve 500 000 i støtte til å flytte Finnskogen botaniske hage. Dette er ein hage (ca. 3 mål, ca. 2000 planter) som ein gjevar har donert til museet og som skal flyttast frå der han ligg no til Åsta Holth-museet på Leiråker. Plantesamlinga vil verte ein rikhaldig botanisk hage og i tillegg ei ramme rundt historia som heimen til Åsta Holts representerer.
Til ordninga for faglitteratur kom det inn 18 søknader. Ni av dei fekk tilskot til trykkestøtte. Mellom anna fekk Pax forlag støtte til ei bok om journalisten og krigskorrespondenten Gerda Grepp (1907-40). Grepp var den første skandinaviske journalisten som rapporterte frå denne krigen. Tamil Book Publication fekk 25 000 i støtte til den første skildringa av den tamilske minoritetens historie i Noreg, frå ca. 1965 og fram til i dag.
Sjå alle tildelingane til kulturvern
Scenekunst
Støtte til fri scenekunst dans og teater var den store løyvinga på scenekunstfeltet i denne runden. Til saman vart det løyvd 23 millionar kroner, 10,4 til 22 danseprosjekt og 12,5 millionar til 27 teaterprosjekt. God geografisk spreiing og fleire retta mot barn og unge kjenneteikna søknadsrunden.
Les pressemelding
Det vart elles delt ut midlar til ordningane for formidling/gjestespel, andre scenekunsttiltak og forprosjekt.
23 gjestespel fekk til saman 1,75 millionar kroner frå ordninga for formidling/gjestespel. 17 av løyvingane gjeld visningar av norske produksjonar i utlandet, fire gjeld visningar av utanlandske gjestespel i Noreg, mens 2 produksjonar gjeld nasjonale visningar i Noreg.
Av løyvingane som gjeld støtte til visningar av norske førestillingar på internasjonale scenekunstarenaer, finn vi fire førestillingar som skal gjeste ulike arenaer i Japan i løpet av 2016. Grusomhetens Teaters Ibsen-førestilling Svanhild skal gjennomføre visningar ved Theater Xcai i Tokyo. Visjoner Teater får 100 000 kr til visningar av Hedda Gabler ved The International Ibsen Festival i Tokyo i november 2016. Desse to førestillingane er begge produsert med støtte frå Kulturrådet. I tillegg får Janne Häger Erakers Lamborghini 25 000 til visningar ved fleire japanske scenekunstarenaer og Øystein Elle med den tverrkunstnariske performance-forestillinga Territorium.
På ordninga for arrangørstøtte vart det handsama 19 søknader i denne runden. Totalt vart det gjeve støtte til sju arrangørar. Fem av desse har program som rettar seg mot barn og unge.
Ravnedans festival for samtidsdans i Kristiansand var nye på ordninga i denne runden. Ravnedans har gjennom sju år etablert seg som ein anerkjent visningsarena og møteplass for dansekunst på Sørlandet.
Fagutvalet vurderer det slik at større føreseielegheit kan gi arrangørane rundt om i landet rom til å tenke heilskapleg rundt formidlinga si. Det vert no støtta i alt 17 tiltak over arrangørstøtteordninga.
Sjå alle tildelingane til scenekunst
Litteratur
Det blei delt ut tilskot til dei to nye ordningane litteraturproduksjon og litteraturformidling i denne runden.
Til ordninga for litteraturproduksjon vart det handsama søknader om støtte til produksjon av biletbøker, teikneseriar og sakprosa for barn og unge. Til søknadsrunden hadde det kome inn 97 søknader. 29 søknader om produksjonsstøtte til teikneseriar, 52 biletbøker og 16 barn og unge. Samla vart det brukt 2,8 millionar kroner under tilskotsordninga for litteraturproduksjon i dette møtet. Produksjonsstøtte til sakprosa for barn og unge er ei ny satsing, og av dei 16 søknadene som kom inn vart åtte innvilga. Tre bøker som fekk støtte var Ville dyr i byen, Fisk du aldri har spist og Søppelplasten og havhesten.
Til ordninga for litteraturformidling kan ein søkje støtte til formidling av variert norsk litteratur til publikum over heile landet. Det kan søkjast støtte til skriftleg, munnleg, levande, audiovisuell og digital formidling av litteratur på norsk gjennom ulike arrangement. Det kom inn 58 søknader og fagleg utval for litteratur vedtok støtte til 26 av prosjekta. Åtte av tildelingane gjaldt prosjekter for og/eller med barn og unge. Den største tildelinga var Litteratursymposiet i Odda som fekk 475 000 for 2016, og tilsegn om løyving på 475 000 for 2017
Sjå alle tildelingane til litteratur
Musikk
Det vart vedteke å slå saman to støtteordningar, musikar- og ensembleordninga. Desse ordningane har i dag i stor grad overlappande føremål, når det gjeld kva det kan søkjast støtte til og målgruppe. Les meir om samanslåinga her.
På musikkområdet blei det delt ut midlar frå ordningane for publiseringsstøtte, kyrkjemusikk, arrangørstøtte, musikar, og ensemble i denne runden.
Til arrangørordninga kom det inn 135 søknader. Av dei 45 prosjekta som fekk støtte finn vi Club Sjøborg i Ulstein, Mandal Bluesklubb og konsertserien Blaoboksen i Sogndal kulturhus.
På musikarordninga fekk 55 av 162 søknader tildeling. Ordninga er retta mot profesjonelle utøvarar og støtta vert gjeve til konsert- og turnéverksemd i Noreg og i utlandet. Det største tilskotet på 300 000 kroner er tildelt samtidsensemblet Asamisimasa. Ensemblet skal mellom anna skal medverke på samtidsfestivalar i inn- og utland. 150 000 er tildelt jazzduoen Ballrogg og samtidsensemblet SPUNK er tildelt kr 100 000.
Sjå alle tildelingane til musikk
- Kyrkjemusikk
- Arrangørstøtte
- Musikarordninga
- Publiseringsstøtte
- Ensembleordninga – kor og vokalensemble
Visuell kunst
Det vart handsama 321 søknader til prosjektstøtte, utstillingsstøtte til kunstnarar i etableringsfasen og kunstfaglige publikasjonar og manusutvikling i denne søknadsrunden. Til saman vart det løyvd midlar til 121 prosjekt.
Det kom inn 51 søknader om støtte til kunstfaglege publikasjonar og 28 tildelingar fordelte seg på mellom anna manusutvikling, katalogar og fotobøker. Midlane til manusutvikling går til forfattarar og skribentar som kan søke om støtte til utvikling av lengre analytiske tekstar om samtidskunst og det visuelle kunstfeltet. Det kan søkjast om tilskot for ein til tre månadar. Prosjekt som fekk støtte var «Medvirkning i kunstproduksjon i det offentlige rom» av Gry Ulrichsen Olsen, manusutvikling til «When Art Strikes. Art, politics and labour» av Veronica Diesen og manusutvikling til ei handbok for lydkunst av Jørgen Larsson.
Sjå alle tildelingane til visuell kunst
- Utstillingsstøtte til kunstnarar i etableringsfasen
- Prosjektstøtte (kunstfestivalar, utstillingar, institusjonar og diverse tiltak)
- Kunstfaglege publikasjonar og manusutvikling
Rom for kunst og tverfaglege tiltak
På aspirantordninga vart det fordelt sju stipend til sju verksemder. Regionteatret i Møre og Romsdal og filmselskapet Mer film i Tromsø var to av dei som fekk støtte.
Sjå alle tildelingane til Aspirantordninga
Rådet vedtok å utvide aspirantordninga med inntil fem nye stipend. Dette kan du lese meir om her.
Gjesteopphaldsstøtte for arenaer er ei forsøksordning som skal styrke arenaenes moglegheiter for utvikling av innhald og programmeringskompetanse, og dermed bidra til å auke det kunstnariske og faglege nivået på produksjon og formidling i kunstarenaene.
Åtte kunst- og kulturarenaer fekk støtte til å finansiere opphald for gjestekunstnarar og/eller kuratorer frå Kulturrådets forsøksordning for gjesteopphaldsstøtte. Blant tilskotsmottakarane er Kunsthall Trondheim og Norsk animasjonsforum i Østfold.
Sjå alle tildelingane til gjesteopphaldsstøtte
Sjå alle tverrfaglege tildelingar
Barn og unge
Kulturfondets siste tildelingsrunde viser at rådet og fagutvala har målgruppa barn og unge høgt oppe på agendaen. Problemstillingar knytt til kvalitetsutvikling for denne målgruppa har vore diskutert, og også korleis ordningane til rådet kan innrettast for å bidra til dette. På kulturvernsavsetjinga vert det utlyst spesifikt øyremerka midlar til kulturvernsprosjekt med og for barn og unge til neste søknadsfrist 2. september.
Etter rådsmøtet viser ei omtrentleg oversikt over tildelingane at det til saman er løyvd 15,2 millionar kroner til tiltak som spesifikt rettar seg til målgruppa barn og unge innanfor alle fagområda i fondet. I tillegg er det gitt arrangørstøtte til det frie scenekunstfeltet, der dei fleste av arrangørane også vender seg til eit ungt publikum.