Nye utval i Kulturrådet for perioden 2024-2025
151 fagpersonar er utnemnde for dei neste to åra. Det er desse som vurderer og diskuterer søknader som kjem inn til Kulturrådet og bestemmer korleis midlane frå Norsk kulturfond skal fordelast.
– Me har vore opptekne av å setja saman utval som representerer det store mangfaldet i kunst- og kulturfeltet. Folk med ulik fagbakgrunn, erfaring og tilhøyrsel må vera med å vurdera søknader og diskutera kvalitetar. Me er svært takksame for alle som har takka ja til dette viktige vervet for kunst- og kulturfeltet i Noreg, seier rådsleiar Sigmund Løvåsen.
Rådet har til saman 15 fagutval på områda visuell kunst, musikk, scenekunst, litteratur, tverrgåande ordningar, kulturvern, tidsskrift og kritikk, og forsking. Utvala behandlar søknader til ulike tilskotsordningar, bidreg til utviklinga av ordningane og gir rådet tilrådingar i ulike saker.
Innanfor litteratur er det i tillegg 9 vurderingsutval, som vurderer bøker til innkjøpsordningane og avgjer kva påmelde bøker som blir kjøpte inn til biblioteka.
Her er ei oversikt over alle utvala for perioden 2024-2025.
Korleis jobbar utvala?
Kunst- og kulturfeltet skal ha tillit til at avgjerder blir tekne av menneske med god fagleg kunnskap og kjennskap til breidda til kulturfeltet i heile landet. Utvala skal gjera vedtak basert på kunst- og kulturfagleg skjønn, der både estetiske perspektiv, mangfald av uttrykk og praksisar, og geografisk fordeling blir teken med i betraktning. Utvala diskuterer seg fram til vedtak i fellesskap. Medlemmene representerer berre seg sjølv, og skal gjera uavhengige vurderingar ut frå eigen fagkompetanse og erfaring. Søknadsvurderinga skjer på armlengds avstand frå politiske styresmakter.
Ei mangfaldig gruppe med ulik fagkompetanse
Utvalgsmedlemmer blir utnemnt for to år av gongen. Av dei utnemnde medlemmene for 2024-2025 er omkring halvparten av medlemmene heilt nye, medan den andre halvparten er gjenutnemnd for ein ny periode. Slik sikres både fornying og kontinuitet i arbeidet. Medlemmene har samla høg og mangfaldig fagkompetanse, ulike roller i feltet, tilknyting til ulike delar av landet og breidd i bakgrunn og alder. Samansetninga bidreg til å verkeleggjera satsingane til rådet på auka mangfald og styrkte ytringsrom i kunst- og kulturfeltet.
I september 2023 inviterte rådet ope til å senda inn forslag til kandidatar. Til saman 678 forslag kom inn. Forslagslistene har vore gode ressursar i arbeidet med å setja saman utval.
– For ein fantastisk respons på invitasjonen vår – tusen takk til alle som har sendt inn forslag til kandidatar! Innspela har hjelpt oss å bli merksame på nye folk og miljø. Sjølv om berre nokon blir spurde om å sitja i utval, er innspela nyttige å ha også framover, seier Sigmund Løvåsen.
Dei nye utvala startar arbeidet sitt omgåande. Søknader som kom inn til søknadsfristen 2. desember ligg allereie klare til vurdering.