Kulturrådet på besøk i Østfold
Kulturrådets faglege utval for kulturvern har vore i Østfold i august, der dei møtte frivillige organisasjonar og ulike museum i fylket.
Milevis med guida tur i minibuss vart avløyst av tettpakka møte på Skjønhaug, i Ørje og i Halden med mellom anna Østfold historielag, Halden frivilligsentral, Stiftelsen Ørje Brug og Indre Østfold kulturråd. Utvalet besøkte i tillegg fleire av Østfoldmuseene og Storedal Kultursenter i Skjeberg.
– Å møta kulturarbeidarar rundt om i landet, på deira eigne arenaer, er svært verdifullt for oss. Møta i Østfold har gitt oss betre innsikt i kulturvernsarbeidet som går føre seg i regionen, særleg knytt til samspelet mellom dei etablerte institusjonane og det frivillige feltet. I tillegg har me nytta høvet til å informera om Kulturrådets tilskotsordningar. Me får svært få søknader frå Østfold til tilskotsordningane til kulturvern, trass i alt det gode arbeidet som blir gjort i fylket, seier Bjørn Hatterud, leiar for fagleg utval for kulturvern og medlem av Kulturrådet.
Det frivillige kulturvernsarbeidet
Museum, arkiv og bibliotek er viktige institusjonar for vern av kultur. I tillegg blir det gjort ein stor innsats av lokale eldsjeler og frivillige organisasjonar for å verna og føra vidare kultur som står i fare for å forsvinna.
Kulturvern er avhengig av kontinuerleg samspel mellom profesjonelle og frivillige, som er gjensidig avhengig av kvarandre. I Østfold er dette samspelet sterkt til stades, og går langt tilbake i tid. Åshild Andrea Brekke, avdelingsdirektør i Østfoldmuseene, losa utvalet gjennom Halden denne veka. Ho trekkjer fram betydninga av eit godt samarbeid med det frivillige kulturvernet:
– Eit godt samarbeid med det frivillige kulturvernet er avgjerande for at me som museum skal vera relevante og viktige i lokalsamfunna våre. Ikkje berre bidreg frivilligheita med verdifull kunnskap, praktisk engasjement og viktige nettverk, men dei tilfører oss også viktige nye perspektiv på det me driv med. Eg er djupt imponert over dei usedvanlege driftige og engasjerte kulturvernseldsjelene i Østfold! seier Brekke.
Det frivillige kulturvernet i Noreg er i stor grad drive av engasjerte folk som brenn for lokale tradisjonar og kulturminne frå eigen oppvekst og yrkesliv. Dette kom tydeleg fram i rapporten Frivillig kulturvern. Eit kulturvern innanfrå som Kulturrådet gav ut i 2021.
Det frivillige kulturvernet gir fellesskap, mangfald, demokrati og kompetanse i nærmiljø, i bygder og byar over heile landet. Mange av søkjarane til Kulturrådet er eldsjeler som allereie har fått støtte frå fylket eller kommunen, frå sparebankar, lokale foreiningar eller lokalt næringsliv. Så sikrar tilskot frå Kulturrådet gjennomføring av slike lokale initiativ.
Dei underrepresenterte delane av vår felles historie
Kulturrådet arbeider for endå større breidd og rekruttering av fleire stemmer i kulturvernet. Dei siste fire åra hatt det vore særleg ønske om å få fleire søknader frå urbefolkning, nasjonale minoritetar, LHBTQ, nyare norske minoritetar, funkis og andre strukturelt utsette grupper.
– Det er store delar i vår felles historie som er og har vore underkommunisert. Me har som mål å styrkja dialogen med ulike minoritetar som arbeider med innsamling, dokumentasjon, bevaring og formidling av eigen kulturarv, historie og vilkår i dag. Me er kort sagt glad for alle nye søkjarar, og prosjekt frå kulturvern som me ikkje har tenkt på før, seier Bjørn Hatterud.
I Skjeberg besøkte utvalet Storedal Kultursenter – som med sitt meir enn femti år lange arbeid for kultur for blinde og svaksynte har ei unik funkishistorie.
– Storedal har alltid utvida grensene for etablert kultur, har bygd ned tersklar og laga fellesskap. Sånn sett er senteret ei stor inspirasjonskjelde for alle som jobbar med kultur!, seier Hatterud.
Her finn du ordningane for kulturvern