Budsjett for eit rikare kulturliv i heile landet
I går la SV fram sitt alternative budsjett. – Gjennom sitt budsjettforslag viser SV seg som eit parti som ser verdien av eit rikt kunst- og kulturliv i heile landet, seier rådsleiar i Kulturrådet, Sigmund Løvåsen.
I tillegg til eit generelt løft for Norsk kulturfond på 30 millionar foreslår SV å styrke skulebiblioteka gjennom 25 millionar til innkjøpsordningane for litteratur. Dei foreslår også å løyve 15 millionar til innkjøpsordninga for sakprosa, 2 millionar til produksjon og innkjøp av teikneseriar, og 2,5 millionar til ei insentivordning for ny, norsk dramatikk.
- I ei tid prega av usikkerheit og store globale utfordringar inviterer kunsten og kulturen til aktiv samhandling. Kunst og kultur må anerkjennast som sentral infrastruktur for ytringsfridom, og verkemiddel for auka deltaking og større ytringsmangfald. SV viser at dei ser denne verdien, seier Løvåsen
Norsk kulturfond er den største statlege finansieringskjelda for det frie og prosjektbaserte kunst- og kulturlivet. Kulturfondet omfattar i overkant av 40 tilskotsordningar innan eit bredt spekter av fagområde som kulturvern, visuell kunst, scenekunst, musikk, forskning, litteratur, tidsskrift og kritikk og tverrgåande ordningar.
- Får SV gjennomslag for sitt kulturbudsjett vil det kome publikum i heile landet til gode. Til dømes vil ei styrking av skulebibliotekordninga gje over 200 000 barn og unge tilgang til gode og oppdaterte boksamlingar, seier Sigmund Løvåsen.
Les heile det alternative budsjettet
Les Kulturrådets innspel til regjeringas forslag til statsbudsjett