Talet på søknadar om gode musikkprosjekt for unge stig jamt
Kulturrådet har ved fleire høve etterlyst fleire gode søknadar om gode musikkprosjekt for barn og unge. Hausten 2017 øyremerka dei difor 1, 4 millionar kroner til føremålet. Søknadane er no handsama og resultatet er svært positivt.
Til saman kom det inn 147 søknadar til barn og unge innanfor ordningane Andre musikktiltak- prosjektstøtte og Bestillingsverk og produksjonsstøtte. 55 av desse søknadane fekk tilskot. Det overstig den øyremerka summen på 1,4 millionar. – Me er nøgde med at både talet og kvaliteten på søknadar til barn og unge vert gradvis betre, seier rådgjevar i musikkseksjonen i Kulturrådet, Rannveig Sjøvaag.
Ikkje berre fleire, men betre søknadar
Kulturrådet ynskte med øyremerkinga å invitera musikarar, komponistar, ensemble og andre produsentar til å skapa nye musikkproduksjonar som utfordrar tradisjonelle forståingar av kva musikk kan vera og bety for barn og unge. Det var eit mål at prosjekta skulle bidra til fagleg og kunstnarleg utvikling på feltet, og det vart etterlyst ambisiøse prosjekt som tenkjer nytt om metode, formidling og involvering av barn i lydbaserte uttrykk
– Det er svært positivt at det ikkje berre er høgare tal på søknadar retta mot barn og unge, men at det er fleire prosjektsøknadar som treff utlysninga enn tidlegare år. Me ser at det gradvis blir eit høgare refleksjonsnivå rundt målgruppa, men enda har mange søkjarar ein lang veg å gå.
Det er gjeve støtte til ei rekkje gode og solide prosjekt som er vidareføringar av utprøvde og veletablerte konsept blant etablerte aktørar. Samstundes er det gledelig å sjå at det er spennande initiativ blant nye utøvarar og komponistar i søknadsbunken, slik intensjonen var med utlysningen.
Opne dører for meir deltaking og refleksjon
Eit av barne- og ungdomsprosjekta som fekk støtte er Kilden teater og konserthus i Kristiansand. Prosjektet har fått ei tildeling på kr 250 000 til å skapa ei musikalsk og visuell vandreforestilling i alle irrgangane i Kilden konserthus der ein tek opp spørsmål som korleis barn kan medverke i det norske demokratiet og kvifor det er så mange barn som slit med psykisk sjukdom. Saman med mellom anna komponist Magnar Åm skal Kilden laga eit musikalsk verk der musikk kan høyrast frå ulike stadar og rom, dører kan opnast og lukkast slik at dei ulike gruppene kan høyrast enten åleine eller i samspel med andre grupper.
Men musikken skal ikkje stå åleine i dette prosjektet. Rundt verket skal det nemleg byggjast ei forestilling med tekst og dans der mellom anna koreograf Hooman Sharif er med på å skapa ei tverrkunstnarleg oppleving. Med seg på laget har ein fleire forfattarar, Kristiansand Symfoniorkester, fire operasolistar, Kilden Vokalensemble, UngdomsKilden, Kilden Dialog, barnekor og Agder Teaters skuespillersensemble for å nemna nokre.
– Eit av dei fine elementa ved dette prosjektet er at det gjev moglegheit for meir deltaking frå barn og unge og at ein i gjennom opplevinga kan ta aktive val om kva ein vil få med seg og ikkje. Dei viser et høgt refleksjonsnivå rundt målgruppa seier Sjøvaag. – Dette er noko me håper at fleire i feltet tek innover seg. Me opplever at det er ein positiv utvikling når det gjeld kvaliteten på søknadar retta mot barn og unge, men me er på langt nær i mål, avsluttar Rannveig Sjøvaag.