14 millionar til komponistar og musikarar
Kulturrådet deler ut over 14 millionar kroner gjennom ordninga komposisjon og produksjon av musikk.
- Vi har lagt vekt på kunstnarisk kvalitet, profesjonalitet og sjangermangfald i gjennomgangen av søknadene. I tillegg er det viktig å vise potensial for tilgjengeleggjering og formidling av verka, seier Nasra Omar, leiar i Kulturrådets utval for komposisjon og produksjon av musikk.
Utvalet behandla 341 søknader til søknadsfristen i desember, og 109 av dei fekk tilskot. Totalt blei det løyvd 14,2 millionar kroner.
Tilskotsordninga skal bidra til at komponistar og musikarar kan skape musikk og nye produksjonar med kostnadskrevjande kunstnarleg arbeid. Føremålet er å gjere nye musikkverk i Noreg tilgjengelege for publikum.
Breitt spekter av sjangrar
I tillegg til kunstnarleg kvalitet og potensialet for formidling har utvalet lagt vekt på sjangermessig og geografisk spreiing av tilskota. Søknadene representerer dermed eit breitt spekter av musikksjangrar, uttrykk og format.
Ein av søknadene som fekk tilskot, er Marthe Valle og Rasmus Rohde frå Troms og Finnmark, som saman skal skrive tekst og komponere musikk til eit verk som skal urframførast på Senja Barnefestival og på Vossa Jazz i 2024. Eit anna døme er den samiske musikaren Kajsa Balto, som får støtte til å skrive sitt fjerde album. Balto hentar inspirasjon frå tradisjonell joik og blandar musikalske stilartar i uttrykksforma si.
Geografisk er det ei overvekt av søknader frå Oslo, men også Viken, Vestland, Trøndelag og Innlandet er godt representerte. Dette viser også tildelingane. Utvalet har som mål å bidra til formidling av ny norsk musikk av høg kunstnarleg kvalitet til heile landet, og det er ønskjeleg med fleire gode søknader frå område utanfor dei største byane i landet.
– Musikken i Noreg er rik og mangfaldig, og det viser desse bevillingane heilt tydeleg! Ekstra gledeleg er det at Kulturrådet gjer tilskot til mange søkjarar utanfor dei store byane, i alt frå Stonglandseidet, Inderøy til Vågå. Det er veldig viktig, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.
Ønskjer meir for barn og unge
44 søknader var særskilt retta mot barn og unge, og 16 av dei fekk tilskot. Utvalet er heile tida på utkik etter reflekterte søknader retta mot det yngste publikummet, og gode tiltak som involverer barn og ungdom sjølve i det skapande arbeidet.