Slik jobber Valdresmusea med tilgjengelighet
Les hva Valdresmusea selv skriver om sitt eget arbeid for økt tilgjengelighet
Eit museum funkar ikkje om ikkje alle kjenner seg heime i det
Mangfald og inkludering har vore tematiske leiestjerner for Valdresmusea i fleire tiår. Med stadig ny kunnskap om korleis ein best kan legge til rette, har det vore eit mål å sikre tilgangen til anlegga og aktiviteten for alle. Vi er på inga måte i mål, og vi ser at landskap, historiske bygningar, kontor og magasin – for enkelte – er lite tilgjengeleg og vanskelege å ta i bruk. Derfor samarbeider vi med Kulturdirektoratet og Brukarrådet i Nord-Aurdal kommune om tiltak som skal rette på akkurat det.
I 2023 fjerna vi trapper og etablerte eit svakt skrånande terreng inn til forsamlingshuset Slidrehuset. Og vi fjerna stubbar og pigga steinblokkar og la til rette for rullestolbrukarar i amfiet. Vi legg elles til rette med teleslynge og høgtalarar under alle foredrag og seminar, og passar på at det blir gode kontrastfargar på skilt og informasjonsmateriell. I 2023 engasjerte vi med støtte frå Kulturdirektoratet ein ny medarbeidarar som lenge har slitt med å kome inn på arbeidsmarknaden. Vi gjer litt kvar dag, men er på inga måte i mål.
Kulturell deltaking handlar ikkje berre om fysisk tilgang. Nokre menneske kjenner seg ikkje eingong heime på musea, kanskje fordi kulturen deira over tid har vorte påført skam og liding av ein øvrig majoritetskultur. Dei småe fragmenta av eit arkiv, og som vonleg skulle omtale dei sjølve, er kanskje stempla med brennmerka «sjukdom» eller «avvik». Slike arkiv er berre stigmatiserande og sårande, og for dei som har vore råka av slike fordomsfulle merkelappar har musea og arkiva vore alt anna enn samlande og inkluderande. I dag jobbar Valdresmusea i motsette lei og senkar terskelen for at alle – uavhengig av kven og kva ein er – skal kjenne tilhøyr og eigarskap til museet. Kulturell deltaking er ein demokratisk rett. Valdresmusea ynskjer alle velkomne inn.