Norske bunadsekspertar og bygdekvinner blir UNESCO-rådgjevarar
Kari Støfringsdal og Gunn Jorunn Sørum frå Bygdekvinnelaget bakar lefse i Jølster. Foto: Jon Marius Nilsson
Norges Bygdekvinnelag og Norsk Institutt for bunad og folkedrakt vart i går innlemma som rådgjevarar for UNESCO sin konvensjon om immateriell kulturarv.
- Me gratulerer så mykje Noregs Bygdekvinnelag og Norsk Institutt for bunad og folkedrakt med akkrediteringa innan UNESCO-systemet, seier Hildegunn Bjørgen i Norsk kulturåd. Generalforsamlinga i UNESCO vedtok i Paris i går at dei to norske organisasjonane, av i alt 29, skulle få akkreditering i denne runden. Akkreditering betyr at organisasjonane stiller sin kunnskap til rådvelde for UNESCO i arbeidet med konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven. Det er no i alt sju organisasjonar frå Noreg som er akkreditert av UNESCO i arbeidet med denne konvensjonen.
Norsk Institutt for bunad og folkedrakt (NBF) er ein organisasjon som arbeider med feltarbeid og dokumentasjon, forsking og rådgjeving. Føremålet med arbeidet er å vidareføra den norske, allmenne bunadbruken. Norges Bygdekvinnelag er mellom anna involvert i å halde i hevd den praktiske kunnskapen om norske mattradisjoner og bruk av lokale råvarer.
Frå 5. juni 2018 er det i alt sju norske organisasjoner og institusjoner som er akkreditert:
- Norsk institutt for bunad og folkedrakt
- Norges Bygdekvinnelag
- Norsk senter for folkemusikk og folkedans
- Norsk håndverksinstitutt
- Norges Husflidslag
- Forbundet Kysten
- Norsk Etnologisk gransking ved Norsk Folkemuseum
Kvifor akkreditering?
UNESCO, som er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon vedtok konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven i 2003. Den legg stor vekt på å etablera eit nettverk av ikke-statlige organisasjoner og frivillige organisasjoner (NGOar) som kan arbeida lokalt i dei einskilde landa og rådgje UNESCO sentralt. Dette er ein annan strategi enn den som vert brukt i verdensarvkonvensjonen av 1972, der nokre få internasjonale NGOar fungerer som rådgjevarar for verdensarvlista.
UNESCO ynskjer altså å få med ulike organisasjonar i arbeidet med konvensjonen. Ei akkreditering kan verta sett som en stadfesting på at ein sit på viktig kunnskap og metode som samsvarar med UNESCO sine verdier. Kulturrådet oppmodar dei ikkje-statlege organisasjonene og institusjonene som har kapasitet til å gå inn i dette arbeidet til å søke UNESCO om akkreditering.
Kulturrådet understrekar at ulike organisasjonar og institusjonar kan sitje på viktig kunnskap og metode som er i samsvar med UNESCO sine verdiar og arbeide godt med konvensjonen også uten å vera akkreditert.