Munch prega lanseringa av det europeiske kulturarvåret 2018
Fra åpningen av Kulturarvåret 2018 i Freia-salen i Oslo. Friensemblet spiller musikk fra middelalderen. Foto: Kulturarvåret
Torsdag, 15. mars gjekk startskotet for den nasjonale markeringa av det europeiske kulturarvåret 2018. Kulturministeren Trine Skei Grande og klima- og miljøministeren Ola Elvestuen var saman med europeiske ambassadørar, representantar frå norske organisasjonar, statlege institusjonar og museum samla til markering i Freia-salen på Grünerløkka som vart utsmykka av sjølvaste Edvard Munch i si tid.
– Lat oss nytta markeringa av kulturarvåret til å vera nysgjerrige på den norske kulturarven og den som finnest utanfor landegrensene. For me veit at denne kunnskapen vil læra oss noko om vår eigen historie og kva som bind oss saman, sa kulturminister Trine Skei Grande i talen sin.
Kulturministeren trakk fram korleis hennar eigen far, musikar og kunstnar, Helge Grande har prega hennar syn på nasjonal og europeisk kulturarv. – Eg vaks opp i ein musikalsk heim med ein far som turnerte med trekkspelet sitt, både i små lokalsamfunn i Lommedalen og i resten av Noreg. Han lærte meg at musikk ikkje har grenser. Og som musikar var han inspirert av europeiske og andre internasjonale strøymingar i si samtid, fortalde kulturministeren.
Ho trakk også fram nyare døme. Den norske og Oslo-baserte ungdomsserien Skam har fått fans over heile verda og er blitt kjøpt opp av land som Italia og Frankrike. Tematikken ser ut til å treffa eit breitt publikum. – Sjølv om historia di er lokal og individuell så ber den på noko universelt og den inngår i ein større kulturarvsfellesskap. Det er eit døme på kunst og kultur som bind oss saman, sa kulturminister, Trine Skei Grande.
Typisk norsk, ikkje berre norsk
Klima og miljøminister, Ola Elvestuen, trakk i sin tale spesielt fram den formidable innsatsen blant frivillige organisasjonar og einskildmenneske som held folkekunst og ulike former for tradisjonar i hevd. – De fortjener ei stor takk. Me kunne ikkje klart dette bevarings- og formidlingsarbeidet utan dykkar uvurderlege hjelp.
Elvestuen peikte også på korleis kulturprosjekta finansierte av EØS-midlane har bidrege til å løfta og bevara gamle handverkstradisjonar, konservering og restaurering av kulturarv. – Samhandling og dialog med andre er berikande og har gjennom tida påverka vår kunst, litteratur, musikk, arkitektur og den materielle kulturarven. Vår kulturarv som gjev oss ei betre forståing om vår identitet. Dessutan gjer det oss i betre stand til å ta gode avgjerder for våre lokalsamfunn og byar for framtida.
Kulturarv er også politikk
Det er Riksarkivaren, Nasjonalbiblioteket, Riksantikvaren, Kulturrådet og Kulturvernforbundet som har ansvaret for markeringa av Kulturarvåret i Noreg. Espen Hernes, som er direktør for Kulturavdelingen i Kulturrådet nytta høvet til å oppmoda nordmenn til å engasjere seg i- og utforske den europeiske kulturarven i løpet av året. – Både den immaterielle og den materielle kulturarven har ein universell verdi for oss som individ og som samfunn. Den gjenspeglar våre verdiar og vår identitet. Kulturarvsomgrepet er også potensielt ein arena for makt og politikk. Dette er noko Kulturrådet kjem til å ha eit fokus på i det kommande året, sa Hernes.
Arrangementet i mars er det fyrste av fleire aktivitetar som vil ha fokus på nasjonal og europeisk kulturarv i løpet av 2018. Vi skal mellom anna få vite meir om byggeskikk, bunadstradisjon og mattradisjonar – og vi skal også få innblikk i korleis tradisjonar vert vidareført når folk vert tvangsflytta. Følg med på Facebook-sidene til Kulturarvåret og på dei ansvarlege institusjonane og organisasjonane sine heimesider.