Kulturrådet inviterer musea til innspelsmøte
Korleis kan musea gjere seg relevante for samfunnet? No inviterer Kulturrådet musea til å kome med innspel. Bilete frå Sandefjord Hvalfangsmuseum.
Ein ny museumsmelding er på trappane. I 2019 tek Kulturrådet turen til alle regionar for å høyre kva musea sjøl ønskjer for framtidas museumspolitikk.
Som eit tiltak for å hauste faglege innspel frå sektoren til den kommande museumsmeldinga, organiserer no Kulturrådet møte i dei elleve regionane i Noreg. På møta skal musea, fylkeskommunane, Kulturdepartementet og Kulturrådet diskutera spesifike problemstillinger knytta til kvar region. Det kan til dømes vere:
- Kva faglege og tematiske styrkjar regionen har og korleis dei kan bidra positivt i den nasjonale utviklinga.
- Kva moglegheiter og utfordringar musea i regionen har.
- Korleis samarbeidet i regionen kan styrkjas.
- Korleis skal regionen sikra at innbyggjarane får tilgang til musea med høy fagleg integritet og standard?
- Er det trekk ved regionen som ikkje er representert i samlingane eller formidlinga i musea?
- Suksesshistorier frå musea i regionen – kva vil de trekke fram?
Fyrste møte vert halden 27. mai i Bodø, på det nye Jektefartmuseet i Bodøsjøen. Deretter dreg me vidare nord til Tromsø 28. mai. 20. juni er me i Trondheim. Seinare møte vil annonseras på Kulturrådets heimeside. Alle deltakarar vert invitert direkte av Kulturrådet.