Stavkyrkjer, lavvoar og solfestivalar – typisk norsk er ikkje berre norsk.
Sydisdans er en tradisjonell sørsamisk dans med røtter i foxtrot. Den praktiseres på tvers av landegrensene mellom Norge og Sverige. Den har oppstått på 1970-tallet og har videre utviklet seg til de nyere generasjonene. Bilete frå www.immateriellkulturarv.no
I år skal kulturarven i Noreg feirast i forbinding med det europeiske kulturarvåret 2018.
Det europeiske kulturarvåret 2018 er initiert av EU-kommisjonen og vert markert over heile Europa. Dei ulike europeiske landa kjem i løpet av året til å gjennomføra ei rekkje aktivitetar med mål om at alle skal få moglegheit til å bli betre kjent med europeisk og nasjonal kulturarv.
Kulturarv kan seiast å vera det historiske fundamentet eit samfunn står på, noko som inkluderer både fysiske bygg og gjenstandar som stavkyrkjer og reindriftslavvoar til musikk-, litteratur- og mattradisjonar og mykje meir. Men kulturarv handlar også om verdiar og identitet, og er slik sett også potensielt ein arena for politikk og makt.
I Noreg har ein mange tradisjonar og kulturminner ein ynskjer å ta vare på, men er ein nasjonal arv noko statisk og berre norsk? Har du til dømes tenkt på korleis den «heilnorske» mattradisjonen risengrynsgrauten med kanel i hovudsak består av utanlanske ingrediensar som har vorte importert frå Asia og andre delar av Europa heilt sidan vikingtida? Slik er det med mykje av det ein kallar norsk. Kulturarven i Noreg er i stadig utvikling og nye kulturmøter endrar oss og gjev nye forståingar om kven vi er som einskild menneske og som samfunn. Difor har ein valt slagordet «Typisk norsk – ikkje berre norsk».
Riksarkivaren er ansvarleg, saman med Kulturrådet, Nasjonalbiblioteket og Riksantikvaren, for den nasjonale markeringa av Kulturarvsåret. 15. mars var startskotet for den nasjonale markeringa av det Europeiske kulturarvsåret i Noreg i Freia-salen i Oslo. Både kulturminister Trine Skei Grande og klima- og miljøminister Olav Elvestuen deltok.
Kulturrådet vil i løpet av året vera med å arrangera fleire aktivitetar i forbinding med markeringa. Meir informasjon om dei einskilde arrangementa kjem.