Norsk mat er kulturarv
Faksimile frå Nationen.no 24. januar 2018
Seksjonsleiar for internasjonale og tverrgåande oppdrag Brit Holtebekk svarar på kritikk i Nationen frå Nettverket for norsk mat- og drikkekultur om Kulturrådets arbeid med immateriell kulturarv.
Norsk drikke- og matkultur har for lav prioritet hos styresmaktene, har nettverket for norsk mat- og drikkekultur uttalt fleire gonger i Nationen den siste tida. Og Kulturrådet er blant dei institusjonane nettverket hevdar ikkje har oppfylt oppgåva og mandatet sitt. Det er ei omtale vi ikkje kjenner oss heilt igjen i.
Kulturrådet har i ei årrekkje støtta gode prosjekt og tiltak som bidreg til vern og vidareføring av den immaterielle kulturarven og mangfaldet av kulturuttrykk i Noreg. Blant desse har også prosjekt som omhandlar kunnskap om mat- og drikkekultur blitt støtta. Eit døme er eit prosjekt som dokumenterer tradisjonane rundt lefsebaking over heile landet.
Vi har også gitt midlar til eit registrerings- og dokumentasjonsprosjekt om den kjente kokebokforfattaren og kosthaldsrevolusjonens fremste populærvitskaplege forkjempar i mellomkrigstida, Henriette Schønberg Erken sitt virke. Kulturrådet har altså støtteordningar som kan stimulere til vern og vidareføring av immateriell kulturarv i Noreg, inkludert prosjekt som omfattar mat- og drikkekultur.
Dagleg leiar i Hanen, Bernt Bucher Johannessen, viser i eit intervju til at Norge har slutta seg til UNESCOs konvensjon om vern og vidareføring av den immaterielle kulturarven, og meiner at Kulturrådet dermed har eit serskilt ansvar for å gi midlar til mat- og drikkekultur.
Det er riktig at Kulturrådet har fått i oppdrag å implementere konvensjonen. Arbeidet er omfattande og omhandlar både informasjons-, forvaltnings- og utviklingsarbeid. I tråd med St.prp. 73 (2005-2006) er den immaterielle kulturarven til urfolk og nasjonale minoritetar eit prioritert område for arbeidet med konvensjonen, og vi arbeider også med mange andre miljø. Kulturrådet har arrangert fleire konferansar og seminar om temaet og samarbeider med ulike organisasjonar som arbeider aktivt med å verna og vidareføre denne delen av kulturarven.
I tråd med UNESCOs konvensjon har Kulturrådet byrja eit arbeid for å samla kunnskap om levande tradisjonar i Noreg og lanserte i 2017 ei forteikning som er open for alle slik at folk registrere sin immaterielle kulturarv og fortelje om arbeidet dei gjer. Eit av måla er å vise fram alt det kjente, ukjente, interessante og spennande som finst av levande tradisjonar og tradisjonell kunnskap i Noreg. Det gjeld sjølvsagt også mat- og drikkekultur. Vi ynskjer at folk skal dele kunnskapen dei sit på.
At interessa for immateriell kulturarv er stor, set vi stor pris på; det er ein føresetnad for at dette arbeidet skal bli best mogleg.