Kulturrådet gir tilskot til 13 nye litteraturprosjekt for barn og ungdom
Eit formidlingsprosjekt for samiskspråkleg barne- og ungdomslitteratur retta mot samiskspråklege barn i barnehagar og skular er eit av 13 nye litteraturprosjekt som no får tilskot frå Kulturrådet.
Våren 2022 sette Kulturrådet av 5,5 millionar kroner til ei satsing på formidling av litteratur for barn og unge gjennom ei tilleggsutlysing på tilskotsordninga for litteraturformidling. No har me vurdert andre og siste runde med søknader, og 13 nye søkjarar har fått tilskot til å gjennomføre prosjekta sine. Til saman har 40 søkjarar fått midlar gjennom tilleggsutlysinga.
– Me ser eit stort behov for midlar til formidling av litteratur for barn og unge, seier Sigbjørn Skåden, rådsmedlem og leiar for det faglege utvalet for litteratur i Kulturrådet. – Litteratur gir barn og unge ein arena der dei kan snakke om og tenkje over ting i kvardagen og livet. Ting som kanskje fell mellom to stolar, og som kan vere vanskelege å ta opp eller finne rom for.
Legg til rette for nye publikumsgrupper
Eit hovudmål med satsinga har vore å nå ut til nye aktørar og målgrupper og å oppmuntre til auka samarbeid mellom eit breiare mangfald av aktørar på feltet. I behandlinga av søknadene har utvalet så langt som mogleg valt å prioritere formidlingstiltak som legg til rette for nye publikumsgrupper, og som inkluderer grupper som i dag sjeldan oppsøkjer eller deltar på den litterære scena.
Forfattere møter barn og elever – 2023 er eit formidlingsprosjekt i regi av Sámi Girječálliid Searvi (Samisk Forfatterforening) med formidling av samiskspråkleg barne- og ungdomslitteratur og tradisjonsforteljarkultur til samiskspråklege barn i barnehagar og skular. Prosjektet har nedslag både på norsk, svensk og finsk side av grensa og vil nå breitt ut til samiskspråklege barn i fem ulike kommunar i dei tre landa.
I prosjektet Skal vi snakke om det? – 2023 skal elevar på mellomtrinnet i Trøndelag fylkeskommune få innblikk i kva det vil seie å vere fattig i Noreg, gjennom å lese skjønnlitteratur og møte forfattarar som har skrive om temaet. Prosjektet tar utgangspunkt i FN sitt berekraftbibliotek og skal gi bibliotekarane som er med, auka kompetanse på feltet. Folkebiblioteket i Drammen har med prosjektet Lørdagsbarn – 2023–2025 som mål å i større grad og på ulike måtar nå ut til alle barn og unge i kommunen, uavhengig av sosioøkonomisk bakgrunn.
Les Høyt! for de minste – 2023 er eit samarbeidsprosjekt mellom Nordland fylkesbibliotek, ti folkebibliotek i fylket og ei rekkje barnehagar. Gjennom prosjektet skal dei tilby formidlingsarrangement for barnehagebarn. Arrangementa tar utgangspunkt i eit eksisterande nettverk for barnehagebibliotek.
Prosjekt som motverkar utanforskap
I denne tilleggsutlysinga har utvalet kunna løyve midlar til ei rekkje prosjekt som på ulikt vis tar sikte på å motverke ulike typar utanforskap. Prosjekta kastar lys over sosioøkonomiske skilnader hos barn og unge, ulike språklege fellesskap og eit mangfald av kjønnsidentitet, ifølgje Skåden.
– Me håper at me får sjå mange av desse søkjarane igjen i den ordinære formidlingsordninga vår, og at me kan støtte nye prosjekt frå dei der. Denne tilleggsutlysinga har tydeleg vist at det finst mange engasjerte søkjarar og gode idear til prosjekt, men for få midlar å søkje på. Det gjeld òg innanfor rammene for litteraturformidlingsordning, sier Skåde.
Utlysinga har nådd ut til nye søkjarar i ein stor del av landet og bidratt til større geografisk mangfald i formidlingsordninga for litteratur. Av søknadene som fekk midlar i denne runden, var det fleire samarbeidsprosjekt. Fleire av søknadene i denne runden har særskilt vore retta mot barnefattigdom og sosioøkonomiske forhold, og det har vore fleire gode prosjekt for barn i barnehagealder.
Breiare mangfald
Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen seier det er bra at Kulturrådet satsar på formidling av litteratur for barn og unge.
- Ikkje minst er det viktig å bidra til eit breiare mangfald og leggja til rette for nye publikumsgrupper. Alle lesarar skal kunna velja blant eit mangfald av sjangrar og titlar frå mange ulike forfattarstemmer. Ein variert litteratur er grunnleggjande for eit fungerande demokrati og for ytringsfridom. Lesing kan opna for empati, refleksjon, kunnskap og forståing, og gjer barn, ungdom og vaksne betre i stand til å delta i offentleg debatt og utvikla kritisk sans, seier Trettebergstuen.