Justerte retningsliner: Kulturrådets innkjøpsordning for omsett litteratur
Innkjøpsordninga for omsett litteratur får justerte retningsliner frå første søknadsrunde i 2024. Samtidig er innkjøpsbeløpa justerte, med ein auke i maksimumssatsane for utbetaling.
Endringane i retningslinene skjer i etterkant av litteraturutgreiinga "Logikker i strid. Kulturrådets virkemidler på litteraturfeltet", utført av Høgskulen i Volda i 2020. Dei fleste litteraturordningane er no gjennomgåtte og justerte, og omsett litteratur er den siste innkjøpsordninga som får nye retningsliner som følgje av utgreiinga.
Det er ikkje snakk om store endringar i ordninga. Dei justerte retningslinene understrekar at ei prøveomsetjing bør leggjast ved søknaden. Dersom prøveomsetjing ikkje er med, bør dette grunngjevast. Det blir også gjort ei innskjerping med omsyn til at innkjøpte verk skal gjevast ut seinast to år etter vedtaksdato.
Det blir presisert i retningslinene at ordninga omfattar både skjønnlitteratur og sakprosa, inkludert teikneseriar, for vaksne og for barn og unge. Under avsnittet om kriterium for vurdering av søknaden, er det lagt til at det særleg vil kunne leggjast til grunn om utgjevinga treff målgruppa dersom boka er for barn og unge.
Innkjøpsbeløpa er justerte for bøker som blir kjøpte inn frå og med første søknadsrunde 2024, med ein auke i maksimumsbeløpa for innkjøp. Ny tabell ligg på nettsida.
Dei nye retningslinene og innkjøpsbeløpa gjeld frå søknadsrunden med søknadsfrist 4. juni. Søknadsskjema er no opna for påmelding til runden.
Det er forventa at søkjarane set seg inn i dei justerte retningslinene.
Last ned de justerte retningslinene her (pdf)
Les meir om innkjøpsordninga for omsett litteratur her
Det er utnemnt eit nytt vurderingsutval for omsett litteratur for perioden 2024–2025. Rapporteringseksemplar av innkjøpte bøker skal sendast til leiar, medlemmer og varamedlemmer.