Kulturrådets e-teneste
Sjølv om partane ennå ikkje er einige i korleis avtala skal bli sjåande ut, betyr ikkje det at Kulturrådet har stoppa arbeidet med e-bøker.
I 2012 sette Kulturrådet i gang eit pilotprosjekt med innkjøp av e-bøker på innkjøpsordninga for vaksne skjønnlitteratur. I prosjektet skulle 30 av 1000 innkjøpte eksemplar i innkjøpsordninga vere e-bøker. Prøveprosjektet gjaldt titlar som blei utgjevne i 2012, og e-bøkene skal vere tilgjengelege i bibliotek som inngår i prøveprosjektet til minst utgangen av juni 2013. Før jul blei det klart at det pågåande prøveprosjektet ikkje blei forlenga, men det betyr ikkje at Kulturrådet har stoppa arbeidet med e-bøker.
- Me arbeider fortløpande med dette, og håpar at me snart kan ha ein ny avtale på plass, basert på innspela som har kome frå Forleggjarforeininga og Forfattarforeininga, som er avtaleparter i denne ordninga. Biblioteka er ikkje ein formell avtalepart, men det er naturlegvis viktig for oss å lage ein avtale som gjer dette interessant også for dei, seier seksjonsleiar for Litteraturseksjonen i Kulturrådet, Arne Vestbø.
Ikkje kommersiell avtale
Diskusjonen om utlån av E-bøker på norsk bibliotek har svirra i media den siste tida. Bibliotekforeininga og Norsk forleggjarforeining braut samtalane om innkjøp av e-bøker til biblioteka. Samtalane braut saman på kva som skal vere vilkåra for innkjøp og utlån. Biblioteka vil at e-bøker skal handsamst på same måte som papirbøker, medan Forleggjarforeininga skisserer ulike modellar, for eksempel ein der biblioteka må kjøpe ei ny e-bok for kvar fjerde gong e-boka blir utlånt.
- Det er viktig å skilje mellom den kommersielle avtalen og Kulturrådets avtale, seier Vestbø. - Kulturrådets avtale vil berre gjelde innkjøpsordninga, og det kan godt hende at det blir ulike system for dei bøkene biblioteka får gjennom Kulturrådet og dei bøkene dei sjølv kjøper inn.
Pilotsuksess
Det har teke lang tid for pilotbiblioteka å kome i gang med system og utlån av e-bøker. Vestbø meiner likevel prosjektet har vore ein suksess.
- Me har fått partane til å snakke saman og vere med på eit prøveprosjekt. Ein har gjort seg mange erfaringar som ein elles ikkje ville fått. Og ikkje minst har partane begynt å snakke saman om kommersielt utlån av e-bøker. Så sjølv om ikkje utlånet har kome i gang på en slik måte som ein kunne ha ønska, har det faktisk skjedd svært mykje det siste året.
Vestbø ser rolla til Kulturrådet først og fremst som tilretteleggjar, men og som pådrivar for e-bøker i norske folkebibliotek.
- Vi trur sterkt på at e-bøker i bibliotek er eit gode for norsk litteratur, og vil derfor jobbe for å legge til rette for dette frå vår side.