Kunst er handverk
Det er ikkje ei statleg oppgåve å legge godvilja til, skriv sakprosaskribent Iris Alice Vigerust Furu i sitt essay om kvalitetsomgrepet i Kulturrådets vurdering av søknader.
Norsk kulturråd er sinnrikt organisert, det veit alle som har freista å søke pengar frå dei. Og det er ikkje alltid greitt å forstå seg på dei statlege kvalitetsomgrepa når det gjeld kunst. For er eg ein del av det såkalla Kunstløftet? Er det ein fordel eller ei ulempe at prosjektet ikkje kan seiast å vere ein del av kjerneverksemda mi? Kan sjangerovergripende verkeleg vere eit positivt ladd ord, kva i all verda er eigentleg eit sjangerovergrep, og kva skjer med søknaden min når det eg driv med, blir kategorisert som «andre formål»? Alle desse spørsmåla verkar naturlege berre ein sit lenge nok med det nettbaserte søknadsskjemaet til Kulturrådet.
Straumlinja
Og det gjer ein, for dette er skjematekstar som ikkje er laga av utøvande kunstnarar, for å seie det forsiktig. Her er omsøkte støttekjelder og sluttsummen i budsjettet langt viktigare enn kvaliteten på kunstprosjektet ditt. Det er jo berre rett og rimeleg: Sjølvsagt treng saksbehandlarane dei same opplysingane frå alle søkarane, og det er klart ein sparer tid og ressursar om alle søknadene kjem i same format. Ifølgje hjelpesidene på nettsidene deira har Kulturrådet til og med rekna litt på dette og kome fram til at elektroniske søknader vil spare både driftsbudsjettet og miljøet for fleire tonn papir og transport. «Tenk globalt, handle lokalt», der altså. Og sjølv i kulturlivet er vel ingen interesserte i å kaste vekk meir tid enn naudsynt på å fylle ut søknadsskjema – men når eg les gjennom dei ofte stilte spørsmåla Kulturrådet har formulert (som til liks med alle andre «Ofte stilte spørsmål»-lister i staden burde heitt «Ting me veldig gjerne vil at du skal skjøne», for det er verkeleg ingen som stiller korkje seg sjølv eller dykk desse spørsmåla, Kulturrådet, og det veit de godt), får eg ein mistanke om at det er fleire enn meg som har dundra hovudet i veggen i freistnaden på å få lov til å sende inn søknaden sin.
For det er ikkje lite dei bed om, og det er mykje ein skal lese før ein forstår kva staten vil ha. Dei har rett nok ei (innmari lang) liste med tips til søkarar, men ho startar med at Det er viktig å understreke at det ikke holder å lese dette. Du må sette deg inn i formål, kriterier og krav til søknad for de enkelte støtteordningene for å ha nok informasjon til å sende søknad. «Velkomen inn i runddansen av overordna rettleiingar», med andre ord: I neste avsnitt lenker dei rett og slett til statsbudsjettet. (Du kan eventuelt vurdere å søke Fritt Ord i staden?) Viss du framleis ikkje forstår bæret av kva for ei ordning du skal velje, kan du eventuelt opprette fiktive søknader, trøyster Kulturrådet meg med, men det kan eg aldri tenkje meg at dei eigentleg meiner. Over i den tekniske rettleiaren (som infamt nok er skriven på nynorsk!) kjem dei med fleire nyttige tips: Har du prøvd å registrere deg meir enn fem gonger utan å få det til må du vente i 30 minutt før du prøver igjen, sier den etter kvart påfallande lakoniske stemma til staten. Eg finn lite som tyder på sjølvkritikk av ein søknadsportal som gjer at folk ikkje får til å registrere seg dei fem – FEM! – første gongane ein freistar, og eg kan berre forestille meg desperasjonen hjå dei som ringer sentralbordet 31 minutt før søknadsfristen går ut. Å, all kunsten me gjekk glipp av fordi skjemaet var vrangt!
Statsprosa
Men eg har altså lese Kulturrådet sine interne vurderingar av søknadene som faktisk blei sende inn. Og du slette mi tid, alt folk finn på. Ukulelekurs! Laiv-rollespel! Vietnamesisk vassdokketeater! Det er ikkje den kunstform i landet som ikkje har ei eldsjel som søker støtte av staten. Søknadene blir i korte trekk behandla slik: Først lyt du skrive om heile søknadsteksten du har forfatta, slik at du får sendt inn skjemaet i det heile tatt. Så, med litt uro i magen, lèt du det gå to rundt månader. I mellomtida sit éin eller fleire av dei 120 tilsette i Kulturrådet og les gjennom søknaden din (og alle dei obligatoriske vedlegga). Dei skriv så ein vurdering som blir sendt vidare til fagutvalet for det kunstfeltet du har søkt pengar til. I dei fleste tilfella les og behandlar dei ferdig søknaden her, men har du søkt om noko som er stort og intrikat nok, kjem du på sakslista til Rådet (The Kulturrådet, liksom). Blir søknaden innvilga, får du dinest eit triveleg brev med beskjed om kor mykje pengar du har fått, kven som har behandla søknaden din, og korleis du går fram for å klage på at du blei tildelt pengane. Det vil du vel neppe, så seks paragrafar seinare ønskjer staten deg lykke til med «tiltaket», og du kan gå ut i verda og drive med kunst. Eventuelt kultur.
Mellom oss og kunsten (eventuelt kulturen) sit det altså statleg tilsette kulturkjennarar og skal sortere søknadsbunkane våre etter kvalitet. Dei tilrår og avslår, prioriterer noko over noko anna. Kunstprosjekta som skal vurderast, finst framleis berre på papiret, og det dei har å vurdere kulturopplevingane ut frå, er dermed søkarane si evne til sjølv å setje ord på kvifor dette vil fungere. Det går ikkje alltid så bra.
Ein skal vere varsam med å kalle noko ein tendens berre fordi alle gjer det same samtidig, men det ser ut til å vere éin klar trend i søknadsbunkane: Norske scenekunstnarar har ein dragning mot søppel. Ikkje visste eg at det å forvandle skrap til kunst og reflektere over forurensing av havet var så populært, men det er det visst. Dei vil endåtil ha med seg born og unge i arbeidet sitt, kunstnarane: Målet skal vere å engasjere dei i temaet det marine og ting som flyter opp i fjæra: plast, garn, flasker, rekved m.m. Personleg har eg lite imot rekved (eller «driftwood», som eg har forstått at det skiftar namn til når det blir selt i interiørbutikkar). Det kan vere fint, det, sikkert òg på ei scene, men eg forstod likevel ikkje alltid kva sjølve kunsten gjekk ut på, då eg las søknadsvurderingane. Kvifor er dette innovasjon og ikkje berre renovasjon? Det forstod visst ikkje Kulturrådet heller, som éin stad ganske raskt konkluderer med at det savnes en kunstnerisk inngang og begrunnelse utover det rent praktiske om å lage flyttbar scenografi med gjenbruksmaterialer. Om ein annen søknad skriv dei at barn og unges deltakelse utover å samle inn søppel/materiale for kunsten og «dekorere» et tre er ikke redegjort godt nok for. Så tips nummer éin der, folkens: Grunngje vala dine.
Ein som derimot får pengar, er søkaren som skal lage en blanding av folkemøte, festforestilling og politisk powerpoint-foredrag. Her snakkar me breiddekultur! Og dette prosjektet svingar det av, forstår eg av notata til saksbehandlaren: Søkers arbeid krever et visst mot, men samtidig også svært grundig og etterrettelig research og evne til å konstruere en performance der diskursen og virkemidlene presist setter kunnskapen som formidles (eller forståelsen av den) i spill. Nei, for ein fin attest! Men Norsk kulturråd fell ikkje hovudstups sånn heilt utan vidare, for det er visst ikkje til å kome unna at søker har en viss ironisk distanse som integrert del av sitt uttrykk, men man kan samtidig spørre om søkers egen diskurs har tilstrekkelig avstand fra de typiske posisjonene (nord/sør, eiendomsrett til råvarer, kolonibegrepet etc.). Tilråding om innvilging med ei aldri så lita innvending, der altså. Om dei ulike diskursposisjonane, endåtil. Eller – det skulle vel i grunnen berre mangle? Me snakkar jo om samtidskunst, trass alt.
PowerPoint-kunstnaren er slett ikkje åleine om å få pengar til prosjekt dei tilsette i Kulturrådet ikkje er fullt ut oppglødde for. For ingen kan då like alt, sjølv om staten vel er utan preferansar. Samtidig kan det nok vere vrient å skrive sakleg når du synest prosjektet du vurderer, er elendig, så eg kjenner at eg koser meg ekstra i lesinga når eg merker at saksbehandlarane prøver å bruke sober byråkratsjargong til å dekke over sin eigen antipati mot prosjekta. Eg tipper til dømes at dei tilsette i Kulturrådet ikkje har lyst til å seie at noko er keisamt. Men dei tek det att med å skrive slike fagvurderingar:
Ingen store overraskelser, men faglig gjennomarbeidet. Prosjektet det søkes om midler til å realisere synes å inkludere faktorene og kunnskapen/kompetansen som skal til for å få denne typen forestillinger til å fungere. Men heller ikke mer – utforsker ikke nytt terreng med de yngste. Må ikke det, selv om denne støtteordninga helst prioriterer de som overskrider eller prøver noe nytt. Dette kan bli bra, viktig support fra annen støtteordning. Ikke mer å si kanskje, annet enn at vi kanskje kan gå ned litt i sum, ettersom vi har dårlig råd, og at dette blir noe av uansett, og at de trolig får solgt dette arbeidet.
Dei som søkte om prosjektet som er skildra her, fekk 100 000 kroner i støtte, og det var sikkert vel fortent. Men kjem denne saksbehandlaren på premieren? Eg har mine tvil. Ein annan søknad, som også fekk 100 000 kroner, blir omtalt slik i dei interne dokumenta: Det interaktive virker noe påklistret og kanskje hjelpeløst – men det finner de vel ut av. Erfarne folk. Denne saksbehandler [for dei har openbert ikkje lyst til å seie EG heller, i Kulturrådet] oppfatter søknaden som faglig habil – men den vekker ingen stor begeistring. Vi kan bidra. Ja, og eg høyrer entusiasmen din heilt hit, du.
Kulturtilstanden
Over i stabelen med tilrådde avslag er det mykje å gle seg over viss ein har sansen for sakleg humor og tørrvittig tekst (og det har eg). Det visuelle materialet som er vedlagt søknaden vitner om en estetikk som barn opplever mye av gjennom kommersiell barne-tv, og tilfører ikke nye estetiske dimensjoner, skriv dei om ein søknad. Huff. Velkjente og uinspirerende temaforståelser. Selvforsterkende forestillingsgrep, er dommen ein annan stad. Nei, dei sit ikkje her og gjev pengar til kva som helst, Kulturrådet. Eller for å seie det med deira eigne ord: Vi kan ikke prioritere dette.
Eg byrjar å ane at det kan vere lettare å sjå kvalitet i kunstfeltet når han ikkje er der – det er visst når saksbehandlarane peikar på manglar ved søknadene, at eg kjem nærast å forstå kvifor noko ikkje er godt. Operasjonalisering ved negasjon er altså den statlege oppskrifta. For det er litt vanskelig å få tak i hva det kunstneriske arbeidet skal bestå i, er den nøkterne kommentaren til ein av saksbehandlarane, som openbert har leitt og leitt etter poenget med eit av prosjekta i bunken. Hva vil de bruke hennes fortelling til, hva vil de overhode formidle, smell det oppgitt frå ein annan. Og når eg ser kva saksbehandlarane legg ned av arbeid for å forstå kva somme av søknadene dreier seg om i det heile, byrjar eg å fatte rekkjevidden på avgrunnen det kan vere mellom kunstnarleg uttrykk og byråkratisk sjargong. Det burde ikkje vere naudsynt å skrive dette, men tips nummer to synest likevel å vere: Du lyt syne kvifor kunsten din er kunst.
Og det kan vere verkeleg vondt å sjå kor lett dei gjennomskodar svadapreik og tomme ord i søknadstekstar. Ikkje for det, eg har sjølv smurt tjukt på i prosjektskisser til stat og kommune: Det er jo freistande å dra på litt når ein skal selje inn sitt eige, geniale prosjekt. Men tips nummer tre: Ikkje gjer det. For når du synest at du sjølv verkar både smart og søt og kreativ, sit det ein kulturbyråkrat i andre enden og skriv slike ting om deg: Denne saksbehandler har måttet lese flere ganger for å forstå hva dette egentlig er. Har vært vanskelig å trenge gjennom søknadens litt future-hype-polerte retorikk, fascinasjon for kompetanse og teknologi og inntrykk av originalitet. Og verre skal det bli, for somme tider renn det over, sjølv for Norsk kulturråd. Det savnes et høyere refleksjonsnivå på tradisjonen dette tiltaket befinner seg i, og en vilje og evne til å utvikle og tenke nytt, meiner dei. Er det først og fremst et kunstnerisk prosjekt eller et terapeutisk prosjekt? spør dei seg sjølv. Gjennomgående for dårlig håndverk, heiter det om kunsten. For det held ikkje å meine noko eller å ville noko sterkt. Er du nøgd med å vere flink i faget ditt, blir det visst for tradisjonelt. Vil du berre gjere opprør, utan eit fagleg fundament for faenskapen, lyt du også gå ein annan stad. Her er det profesjonelle brot med konvensjonen som gjeld. Og for å summere opp med den vurderinga som vel lyt vere den aller, aller verste du kan få frå Kulturrådet: Musikken fremstår som klassisk pop.
Sans for dans
Au og au. Endå godt det finst lyspunkt i form av tilløp til kjensleutbrot i sakspapira. For dei let seg stundom gripe, dei tilsette i staten òg: I alle fall om du meistrar kombinasjonen av kunst, handverk og strategisk søknadsskriving. Dette er et veldig spennende dansekunstnerisk initiativ! strekker saksbehandlaren seg til å skrive i ein av sine innstillingar til fagutvalet. (Dette er forresten også det einaste ropeteiknet saksbehandlaren tillèt seg i denne søknadsrunden. Vurderingsdokumentet er på 216 sider.)
Trass i alle avslaga er det også mykje som held mål, og mange av søknadene i bunken går vidare frå saksbehandlarane med ei tilråding om midlar (at mange seinare får avslag i dei vidare instansane, er ei anna historie). Og ikkje berre det: Somme tider verkar det som dei tilsette i Kulturrådet blir oppriktig glade av å lese gode søknader! Om éin søknad heiter det endåtil at det er befriende å lese prosjekt med andre referanserammer og fortellinger. Interessant og godt lag som både kan kunstfaget og har erfaring med formidling av denne typen stoff. Ingen påtatt målsetting – «bare» formidling av vesentlig andre virkeligheter. Denne saksbehandler har ikke så mye annet å si enn bør støttes.
Her, du! Å, kor eg håper at Kulturrådet ringer kunstnaren og gir til kjenne denne skryten. Du, offentleg sektor? Kva med å lese inn desse innstillingane som lydbok til bruk på mørke haustmorgonar eller seine frilanskveldar med låg motivasjon? Eg kan vanskeleg sjå for meg ei betre terapiform enn ei sensuell, statleg røyst som kviskrar fine ting om søknadsteksten din (i tillegg til å sende dei føreskrivne paragrafane på e-post, sjølvsagt. Det skulle jo tatt seg ut å droppe dei berre fordi ein har gitt skryt). Og lista over tildelingar er lang, så er du heldig, kjem snart arrangementet som Kulturrådet reknar som et korrektiv til ensrettingen av breakesjangeren i Norge til eit kulturhus nær deg. Brot og tradisjon på éi og same tid! Brought to you by staten.
Last ned essayet som utskriftsvennleg pdf.
Iris Alice Vigerust Furu er master i retorikk og sakprosaskribent.